Arrangement, møte, stenging av bygg, informasjon til bedrifter og om NAV

Her finn du informasjon om NAV sine tenester, kyrkjene, politiske møte og andre arrangement. I tillegg finn du informasjon til bedrifter.

Arrangement, bedrifter og NAV

Samfunnskritiske funksjonar

Det er viktig å oppretthalde verksemd i helse- og omsorgstenesta og andre kritiske samfunnsfunksjonar og unngå at personar i risikogrupper brukast til barnevakt. Derfor blir det gitt:

  • Lokalt tilbod til barn med foreldre som arbeider i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar.
  • Lokalt tilbod til barn med særskilde omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengde.

Behov skal meldast slik:

  • Reinhaldarar i kommunale bygg: behov for reinhald meldast reinhaldsleiar.
  • Helsepersonell i direkte pasientarbeid: behov skal meldast via seksjonsleiar til avdelingsleiar (i linja) for vurdering og vidare informasjon til barnehage og skule.
  • Alle andre tilsette må ta kontakt med sin arbeidsgjevar for ei vurdering om det er kritisk at vedkomande er på jobb. Deretter tek arbeidsgivar kontakt med rektor/styrar på aktuell SFO/barnehage. Den enkelte tilsette skal ikkje sjølv ta kontakt.

Her finn du liste over kva som vert rekna som samfunnskritiske funksjonar.

Stenging av bygg

Vi håpar at alle er med på ein felles dugnad for å hindre smittespreiing. Då det er vårt mål å samle så få som mogleg samstundes.

Helsedirektoratet har sett ned desse forboda.

Desse bygga i Herøy er stengde for publikum:

  • Rådhuset
  • NAV
  • Sunnmørsbadet
  • Alle idrettsanlegg
  • Kulturhus/bibliotek/frivillegsentral

Stenging av bygg gjeld sjølvsagt også gymnastikksalar og skulebygg - også på kveldstid.

Kva skjer med politiske møte?

Alle politiske møte som vi ikkje klarer å gjennomføre på Webex vert avlyste. Vi skal gjere eit forsøk med å arrangere kommunstyremøte fredag 3.april kl 1630 på Webex. Erfaringane her vil avgjere korleis vi best kan arrangere politiske møte framover.

Offentleg møteplan, saksdokument og protokollar finn du her.

 

Rettigheiter når barna skal haldast heime frå barnehage og skule
Slik kan NAV hjelpe deg

Grunna smittevern er NAV- kontoret i Herøy stengt.

Det lokale NAV-kontoret har god kontroll på søknadar om sosialhjelp. Omdisponering av tilsette er gjort for å vere rusta til å handsame auka søknadsmengde i samband med koronaviruset.

Trenger du hjelp kan du kontakte: NAV kontaktsenter tlf. 55 55 33 33 har ope 08.00 - 15.30 alle kvardagar.

Er du i naud? Tlf. 40 46 37 37 kl. 09.00 – 15.30 (lokalt nummer for folk i Herøy og Vanylven). Er det kø, vil tilsette ringe deg tilbake når dei vert ledige. Det er stor pågang på telefon og chat til NAV sitt kontaktsenter.

Ny kanal for dei som treng sosiale tenester og kontakt med ditt NAV kontor finn du her.

Ein kan søkje sosialhjelp digitalt via nav.no

Forskot dagpengar – dette kan du søkje om frå måndag. Utbetaling skjer før påske.

Her finn du meir informasjon frå NAV i samband med koronaviruset.

Har du planlagt dåp, gravferd eller bryllaup i kyrkja?

Kyrkjene i Herøy er med på den nasjonale dugnaden for å redusere smitte av koronaviruset, alle gudstenester og det meste av annan aktivitet er difor utsett eller avlyst i perioden fram til 26. mars.

I denne perioden vil det likevel vere både dåp, vigsel og gravferd i kyrkjene. For at vi, alle saman, skal vere med på dugnaden for å redusere smitten blir desse samlingane haldne med berre den næraste familien (eller maks. 15 stk) til stades.

Informasjon om det finn du her.