Her er ei oversikt over telefon- og chattetenester som held ope for deg som treng nokon å snakke med om rus og psykisk helse.
Til deg som er ung
- Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Alarmtelefonen er eit naudnummer for deg som er utsett for vald, overgrep eller kjenner deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringe dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111.
Eit chattetilbud til deg med foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open frå måndag til onsdag frå 17.00-20.00 og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet er drifta av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.
Eit tilbod til deg under 18 år, bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringe, chatte, eller sende e-post. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00-22.00. Du kan også snakke med andre på din alder på forumet.
Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9-19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og kjensler. Opningstidene er måndag-torsdag fra 09.00-21.00, fredag fra 09.00-15.00, og søndag fra 15.00-21.00.
Samtaleteneste til barn og unge mellom 13-24 år som treng nokon å prate med. Ungprat.no har ope søndag – fredag 09.00-21.00.
Til deg som er bekymra for eit barn
- Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Alarmtelefonen er det nasjonale naudnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn kan ringe alarmtelefonen.
Tilbyr ei rådgivningsteneste for deg med spørsmål om barn og unge kor du kan sende inn spørsmål skriftleg og få svar fra ein fagperson.
På barnevernet.no er det informasjon om barnevernvakter og barnevernteneste i alle kommunar og korleis du melder di bekymring til barnevernet.
Til deg som har det vanskelig
- Mental Helse hjelpetelefonen: 116 123
Hjelpetelefonen er Mental Helse si gratis, døgnopne telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym og dei har teieplikt. Dei har også ein chat på sidetmedord.no.
Her kan barn, ungdom og vaksne ta kontakt for å snakke med nokon anten på telefon, på melding eller chatte. Her kanein ta kontakt på tlf: 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat har ope kvardagar kl. 18.30 – 22.30 og det er heilt anonymt.
Foreldresupport er ei døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon. Den er drifta av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2).
- Vold- og overgrepslinjen 116 006
Ei døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym.
- Anonyme Alkoholikere (AA)
Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap av kvinner og menn som delar si erfaring, styrke og håp med kvarandre for at dei kan løyse sitt felles problem og hjelpe andre å friskne til frå alkoholisme. Telefon: 911 77 770, ope måndag – fredag (11.00 – 15.00 og 18.00 – 22.00), laurdag – søndag (18.00 – 22.00)
- Rådgivningstelefon for pårørande
Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse og rus. Dei tilbyr rådgiving om pårørande sine rettigheiter og behov, og om hjelpeapparatet. www.piosenteret.no. Dei har også ein chat for unge: http://piosenteret.no/pio-ung/chat.html