Rettleiar frå FHI som viser når barn skal vere heime frå barnehage/skule og når dei bør testast for covid-19 finn du her.
Når barn har akutt luftvegsinfeksjon
Barn i barneskulealder og yngre blir sjeldnare sjuke av det nye koronaviruset. Dersom dei blir sjuke, har dei oftast eit lett forløp av covid-19. Symptoma er ofte milde og kortvarige og kan vere vanskelege å skille frå andre luftvegsinfeksjonar. Med luftvegssymptom meiner ein til dømes hoste, sår hals, nesetettheit og rennande nase. Barn med covid-19 har ikkje nødvendigvis feber og hoste. Dersom barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, skal dei haldast heime, særleg dersom barnet har fleire symptom samstundes eller ikkje er heilt i form (det som vert kalla nedsett allmenntilstand). Det vert gjort unntak for barn i barneskule- og barnehagealder som berre har rennande nase og elles er i god allmenntilstand. Dei barna treng ikkje å vere heime.
Dei minste barna vil ofte ikkje klage på vond hals og kroppsverk, men det merkast gjerne at dei er i ferd med å bli sjuke ved at dei sutrar meir enn vanleg, ikkje vil spise, i tillegg til at dei har til dømes rennande nase eller hoste. Foreldre må derfor vere ekstra merksame når barnet verkar å ikkje vere heilt i form og i tillegg har nokre symptom frå luftvegane, og halde barnet heime.
Ved feber og hoste bør barnet testast for covid-19. Ved kun lette luftvegssymptom utan feber, kan ein sjå an tilstanden heime i eit par dagar. Om barnet ikkje vert betre, tilrår ein testing. Ved rask betring, kan barnet gå tilbake utan test.
Når kan barn i barneskulealder og yngre kome tilbake i barnehage/skule?
Barn som er symptomfrie, kan kome tilbake i barnehage/skule.
Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan kome også tilbake i barnehage/skule. Det betyr at allmenntilstanden avgjer når barn kan kome tilbake i barnehage/skule. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som rennande nase (uansett farge på snørret) eller sporadisk hoste. Slike symptom er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon hos mindre barn. Så lenge symptoma kan knyttast til ein gjennomgått infeksjon, og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet kome tilbake i barnehage/skule når allmenntilstanden er god eller tilbake til normalt for dette barnet.
Alle som får påvist covid-19 skal i isolasjon, og følgast opp av helsetenesta.
Les meir her.