Har du test-spørsmål?

Har du spørsmål knytt til testing, kan du ta kontakt med testteamet i Herøy mellom kl. 09.00 - 11.00. Ring tlf. 948 13 641.

Testing for covid-19 er gratis når:

- du tek test fordi du har symptom, mistenker at du kan ha vore smitta eller tek test som del av smittesporing,

- du skal på utanlandsreise og treng grønt koronasertifikat. Dei som tilby slik test er m.a.: Medi3, Fosnavåg helsehus eller Nordvestklinikken. Du kan høyre med fastlegen din om han eller ho tilbyr slik test.

Les meir om koronasertifikat på helsenorge.no

Test er ikkje gratis når:

- arbeidsgjevar, flyselskap, reiarlag eller liknande krev det for å kunne gå om bord eller møte opp.

Les meir om testing på helsenorge.no