Når er testing gratis?

Når koronatesting er gratis får du meir informasjon om her.

Testing for covid-19 er gratis når:

- du tek test fordi du har symptom, mistenker at du kan ha vore smitta eller tek test som del av smittesporing,

- du skal på utanlandsreise og treng grønt koronasertifikat.

- du skal på konsert eller arrangement som krev grønt koronosertifkat.

Test er ikkje gratis når:

- arbeidsgjevar, flyselskap, reiarlag eller liknande krev det for å kunne gå om bord eller møte opp.

Kvar kan du teste du deg?:

- har du symptom, mistenker at du har vorte smitta eller tek test som del av smittesporing, bestiller du time for test ved kommunen sine to teststasjonar ved Herøy legesenter og Myrvåg legesenter. Bestill test her.

- skal du teste deg for å få grønt koronasertifikat for utenlandsreise så må du kontakte private tilbydarar, men testen er likevel  gratis. Dei som tilby slik er m.a.: Medi3, fastlegen din etter bestilling, Fosnavåg helsehus, Nordvestklinikken.

- skal du teste deg for å delta i arrangement e.l. som krev koronasertifikat, vil arrangøren opplyse kvar du kan ta test tidlegast 24 timar før arrangementet startar.

HUGS: 

Tek du test for å få grønt koronasertifikat (antigen-hurtigtest) så gjeld sertifikatet i 24 timar. Sertifikatet vert grønt om lag 1 time etter testen er teken og den er negativ.

Har du fått ei vaksinedose er koronasertifikatet ditt grønt mellom 3 og 15 veker etter vaksinasjonen.

Er du fullvaksinert (2 doser) vert koronasertifikatet grønt ei veke etter siste dose.

Du sjekkar koronasertifikatet ditt her.

Nyttige lenkjer:

Slik bukar du koronasertifikatet til andre land i Europa

Slik bruker du koronasertifikatet på større arrangement i Noreg

Testing for COVID-19 certificate is free(PDF, 399 kB)