Førebygging

Dette kan du gjere for å førebygge smitte:

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Hald minst éin meters avstand til personar som hostar.
  • Hoste inn i eit papirlommetørkle som du kastar. Deretter må du vaske deg på hendene.
  • Dersom du ikkje har eit papirlommetørkle, bør du hoste i albogekroken slik at du ikkje sprer dråpar ut i lufta.
  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vann, spesielt når du har vore ute blant folk.
  • Du kan også bruke eit desinfeksjonsmiddel som inneheld alkohol, dersom du ikkje har såpe og vatn tilgjengelig.
  • Finn alternativ til handhelsing og klemming.

Les meir om smitte og inkubasjonstid her.

Kan barn og ungdom vere saman?

Alle skal halde meir avstand enn vanleg. Ein kan vere saman med søsken som normalt. Dette gjeld også barn frå skilde familiar som har fleire heimar. Hovudmålsetjinga er likevel å redusere talet på personar samla saman til eit så lågt nivå som mogleg.

  • Ein tilrår å ikkje samle fleire til leiketreff eller felles aktivitetar. Målet er å halde avstand for å hindre smitte.
  • Når vi er ute, bør vi ikkje vere meir enn fem personar i same gruppe. Dette gjeld ikkje dei som er i familie eller i same husstand.
  • Tilrådinga er å halde meir avstand enn vanleg.
  • Samvær bør avgrensast (få timar).

Les meir om dette her.

I denne lenkja kan du blant anna få meir informasjon om førebygging av smitte:

  • Generelle hygieneråd
  • Kva gjer du dersom du mistenker at du er sjuk?
  • Råd om førebygging av smitte på arbeidsplassen din.
  • Klesvask og reingjering.