Julebord og bryllaup - offentlege og private arrangement

Her finn du retningslinjer for arrangement på privat og offentleg stad.

Private samankomstar på offentleg stad

Kor mange som kan samlast til konfirmasjon, bryllaup, julebord og liknande arrangement er avhengig av om du skal ha arrangementet på privat eigendom eller offentleg stad. Private arrangement på offentlege stadar eller i leigde lokale kan ikkje samle fleire saman enn 20 personar.

Les meir her om private arrangement på offentleg stad her.

Offentlege arrangement utandørs

På offentleg stad utandørs, der det er fastmonterte seter, er det lov å ha opp til 600 deltakere. Arrangøren må sørge for at deltakarane er avgrensa i grupper på inntil 200 personar. Til kvar tid skal det vere minst to meters avstand mellom dei ulike gruppene.

Det skal være minst éin meter mellom alle personane innad i gruppene på 200 personar.

Offentleg arrangement innandørs

På offentlege arrangement som blir arrangert på ein offentleg stad innandørs er det ikkje lov til å ha samla fleire enn 50 personar samstundes der det ikkje er fastmonterte sete.

Innandørs kan det vere inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete.

På helsenorge sine nettsider finn du meir informasjon om blant anna:

Arrangement på privat stad (i heimen, hagen eller hytta)

Skal du invitere til selskap eller fering i heimen din? Det er ikkje tilrådd å samle fleire enn 5 gjestar i tillegg til husstandsmedlemmane dine. Dersom alle gjestane er frå same husstand, kan ein vere fleire. Det betyr at to familiar kan møtast sjølv om ein har mange barn. 

Les meir om arrangement på privat stad på helsenorge sine nettsider.

Hugs også alltid på reglane om avstand. Det må vere minst éin meter mellom gjestane. Dette gjeld ikkje for dei som tilhøyrer same husstand. Møt heller aldri opp på eit arrangement/samankomst dersom du har symptom på forkjøling/luftvegsinfeksjon.

Barnebursdag

Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn 5 gjestar, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskulekohortar. Barn i samme kohort unntas frå avstandskravet på arrangement.

Les meir om reglane for barnebursdag og Halloween-feiring her.

I område der det er høgt smittepress, kan det vere andre eller fleire reglar som gjeld for gjennomføring av ulike typar arrangement. Det kan også vere andre reglar for serveringsbransjen. Herøy kommune har ikkje innført lokale tiltak, og derfor er det dei nasjonale tiltaka og reglane som gjeld her i kommunen. 

Uteliv

Det er innført nasjonal skjenkestopp frå kl. 24.00. Serveringsstader med skjenkeløyve kan ikkje sleppe inn nye gjestar etter kl. 22.00.

Spørsmål og svar om arrangement finn du her.

Kontakt med kyrkja

Treng du informasjon om gjennomføring av bryllaup, dåp, gravferd eller gudsteneste i kyrkja. For oppdatert informasjon oppmodar vi om at de nyttar nettstadane www.kirken.no eller www.kirken.no/more.

Kyrkjekontoret er å nå både på e-post kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no og telefon 700 80 260.