Konfirmasjon og bryllaup

Her finn du retningslinjer for å arrangere konfirmasjon og bryllaup.

Kor mange som kan samlast til konfirmasjon/bryllaup er avhengig av om du skal ha konfirmasjonen/bryllaupet på privat eigendom eller offentleg stad. Arrangement på offentlege stadar må ha ein ansvarleg arrangør og kan samle inntil 200 personar.

Her finn du praktiske smittevernreglar - samlingar inntil 200 personar.

Dette må du hugse på ved konfirmasjon/bryllaup på offentleg stad:

  • Éin ansvarleg arrangør.
  • Arrangør skal føre liste med namn og telefonnummer over alle gjestane og hjelparar. Denne lista skal du ta vare på i 10 dagar etter at konfirmasjonen/bryllaupet er ferdig.
  • Du kan ikkje ha fleire gjestar enn at alle kan overhalde avstandsregelen på minimum 1 meter.

For arrangement på privat eigedom kan inntil 20 personer vere samla. Det gjeld både ute og inne.  Det er viktig å hugse på at det må vere minst éin meter mellom gjestane som ikkje tilhøyrer same husstand. Kvar person tel som éin, sjølv om ein høyrer til same familie.