Kultur

Her får du informasjon knytt til kultur.

Her finn du rettleiar for kor, korps, band og orkester

Er du med i kor, korps, band eller orkester? 

22. april kom rettleiaren for smittevern som skal hjelpe oss å til avgrense smitte under ei kontrollert gjenopptaking av øvingar.

Dei fem pilarane for å bremse smittespreiing under musikkøvingar er:

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på musikkøvingar
  2. God hygiene
  3. Unngå fysisk nærkontakt mellom personar
  4. Unngå sambruk av instrument og utstyr
  5. Øvingslokalet må vere eigna: Nok plass til utøvarar og utstyr

Ikkje gjennomfør musikkaktivitet med mindre du er heilt trygg på at aktiviteten ikkje bidrar til auka smitterisiko og at den kan utøvast i samsvar med tilrådingane. I motsett fall, skal aktiviteten avbrytast med ein gong.

Les rettleiraren her.

Treng du eigen smittevernrettleiar?

Folkehelseinstituttet (FHI) har laga ein mal som bransjar, tenester og organisasjonar kan bruke for å utarbeide eigne smittevernrettleiarar eller bransjestandarar tilpassa sin aktivitet.

FHI får mange førespurnader frå ulike bransjar, verksemder, organisasjonar og andre som ønskjer hjelp til å utarbeide spesifikke smittevernråd eller bransjestandardar.

Malen som no er laga kan tilpassast alt frå offentlege tenester og private verksemder til frivillige organisasjonar og liknande.

Vil du vite meir om dette? Her finn du meir informasjon og lenkje til malen.

Kontakt med kyrkja?

Kontakt med kyrkja

Treng du informasjon om gjennomføring av bryllaup, dåp, gravferd eller gudsteneste i kyrkja. For oppdatert informasjon oppmodar vi om at de nyttar nettstadane www.kirken.no eller www.kirken.no/more.

Kyrkjekontoret er å nå både på e-post kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no og telefon 700 80 260.