Alle bør avgrense sosial kontakt i størst mogleg grad. Vi blir alle oppmoda om å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar i tillegg til dei som allereie bur saman. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand, kan ein vere fleire, men ein må likevel ikkje vere fleire enn at ein kan halde avstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
Medlemsmøte, inkludert møte i foreiningar og likande vert rekna som arrangement.
Dei fleste private samankomstar og arrangement bør utsettast eller avlysast. Om ein likevel vel å gjennomføre, gjeld følgjande reglar:
Maksimalt ti personar kan samlast på private samankomstar utanfor eigen heim, som for ein bursdag i leigde lokale. Dersom den private samankomsten er utandørs, er grensa 20 personar.
Les meir her om private arrangement på offentleg stad her.
Offentlege arrangement utandørs
Det er lov med maks 200 personar på arrangement utandørs, men 200 personar x 3 kohortar dersom dei sit i faste tilviste plassar og der det er to meters avstand mellom kohortane.
Det skal være minst éin meter mellom alle personane innad i gruppene på 200 personar.
Offentleg arrangement innandørs
Det er lov å samle maks 50 personar på innandørs idrettsarrangement for barn som samlar deltakarar frå same kommune.
Det er lov å samle maks 100 personar på arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar.
På helsenorge sine nettsider finn du meir informasjon om blant anna:
Arrangøren skal iverksette tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. Om det er nødvendig skal det nyttast vakthald for å sikre dette. Dette gjeld både utandørs og innandørs.
Barnebursdag
Om ein vil feire barnebursdag gjeld ikkje avgrensingane for barn i same barnehage- og barneskulekohort. Barn i same kohort kan vere på besøk hos kvarandre og er unntatt frå avstandskravet på arrangement.
Les meir om korleis arrangere barnebursdag på privat stad eller i leigde lokale her.
Uteliv og serveringsstadar
I dag er det tillatt å servere alkohol til dei som får servert mat. Skjenkestopp vert endra til kl. 22.00.Bakgrunnen er den usikre smittesituasjonen nasjonalt.
Det vert høve til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstadar.
Les meir om reglane for mat- og alkoholservering her.
Spørsmål og svar om arrangement finn du her.
Kyrkjevandring og gravferd
Dei særlege reglane for kyrkjevandringar vart oppheva frå 4. januar.
I gravferder kan det vere opp mot 100 personar på faste, tilviste plassar.
Treng du informasjon om gjennomføring av bryllaup, dåp, gravferd eller gudsteneste i kyrkja. For oppdatert informasjon oppmodar vi om at de nyttar nettstadane www.kirken.no eller www.kirken.no/more.