Når skal du kontakte lege?

Mistenker du at du er smitta av koronavirus, skal du ringe fastlege eller legevakt.
Dersom du er på ferie og/eller har lang veg til fastlegen din, kan du ta kontakt med nærmaste legekontor i Herøy (sjå Kontaktinfo under).

Alle som har symptom på luftvegsinfeksjon skal testast. Det er ikkje eit krav at du har feber for å bli testa.

Dersom du berre har eitt av desse symptoma skal du få tilbod om test:

  • hoste
  • tungpust
  • tap av smak eller luktesans
  • feber
  • sår hals
  • Sjukdomsfølelse

Avtal oppmøte på telefon

For å hindre smitte er det svært viktig at ein ikkje oppsøker legekontor, legevakt eller sjukehus ved mistanke om smitte av viruset. Dersom ein skal møte, får ein særskilt beskjed om det. Helsetenesta skal derfor kontaktast på telefon og du får nærmare instruksar om kva du gjer vidare.

Legevurdering og prøvetakning skal utførast av helsepersonell med relevant smittevern/ beredskap.

Bruk vår spørsmålsteneste

Har du generelle spørsmål om koronaviruset? Då kan du ta kontakt med vår spørsmålsteneste her.

Koronatelefonen er stengt etter at vi gjekk tilbake til normal drift.

Ingen eigendel ved koronarelatert sjukdom

Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å kontakte legen dersom ein har mistanke om at ein er smitta av covid-19 (koronavirus). Ingen skal betale eigendel for undersøkingar. Les meir om det her.

Kontaktinfo:

Legevakt: 116117

Myrvåg legsenter: 70 08 03 00

Herøy legesenter: 70 08 14 60

Kommuneoverlge Bjørn Martin Aasen har følgjande kontaktinformasjon:

Tlf. 90 11 77 91

E-post: bjorn.martin.aasen@heroy.kommune.no

Ved alvorlege symptom kan det bli relevant med innskriving på sjukehus, og det skal gjerast under rett smitteberedskap. Behovet vert vurdert av helsepersonell på telefon utifrå kvar og ein sin situasjon.

Meir informasjon om reising, testing, karantene og isolasjon finn du her.