Oppfyller du kriterium for korona-test?
Då vil vi at du skal teste deg.
1. Har du eitt eller fleire av desse symptoma?
- forkjøling (snørr, hoste)
- tungpust
- tap av smak eller luktesans
- feber
- sår hals
- sjukdomsfølelse
2. Kjem du på reise frå utlandet?
Frå 18. januar kl. 17 innfører regjeringa obligatorisk testing på grensa for personar som har vore på reise i område med karanteneplikt. Les meir her. Utenlandske reisande må i tillegg vise negativ test som er tatt under 72 timar før innreise til Norge.
3. Har du mistanke om at du sjølv kan ha vore utsett for smitte?
Sjølv om symptoma er svært milde, vil vi teste deg. Legesentera i Herøy har god kapasitet til testing av dei som har behov for det.
No kan du bestille tid for testing i app, SMS, og på nett. Det gjer du her..
Barn skal testast på lik linje med vaksne. Barn blir oftare mindre sjuke enn vaksne av covid-19, men dei kan like fullt smitte andre.
Dersom du er på ferie i Herøy, på gjennomreise eller har lang veg til fastlegen din, kan du ta kontakt med det nærmaste legekontoret eller legevakt for testing:
Pasientar skal ikkje betale eigendel ved mistanke om smitte som fører til undersøking. Fritaket for eigendel gjeld også ved behandling og kontroll av sjukdomen. Les meir om det her.
Ta ein koronasjekk her.
Rettleiar frå FHI som viser når barn skal vere heime frå barnehage/skule og når dei bør testast for covid-19 finn du her.
Når skal barna testast og haldast heime?
Barn i barneskulealder og yngre blir sjeldnare sjuke av det nye koronaviruset. Dersom dei blir sjuke, har dei oftast eit lett forløp av covid-19. Symptoma er ofte milde og kortvarige og kan vere vanskelege å skille frå andre luftvegsinfeksjonar. Med luftvegssymptom meiner ein til dømes hoste, sår hals, nesetettheit og rennande nase. Barn med covid-19 har ikkje nødvendigvis feber og hoste. Dersom barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, skal dei haldast heime, særleg dersom barnet har fleire symptom samstundes eller ikkje er heilt i form (det som vert kalla nedsett allmenntilstand). Det vert gjort unntak for barn i barneskule- og barnehagealder som berre har rennande nase og elles er i god allmenntilstand. Dei barna treng ikkje å vere heime.
Dei minste barna vil ofte ikkje klage på vond hals og kroppsverk, men det merkast gjerne at dei er i ferd med å bli sjuke ved at dei sutrar meir enn vanleg, ikkje vil spise, i tillegg til at dei har til dømes rennande nase eller hoste. Foreldre må derfor vere ekstra merksame når barnet verkar å ikkje vere heilt i form og i tillegg har nokre symptom frå luftvegane, og halde barnet heime.
Ved feber og hoste bør barnet testast for covid-19. Ved kun lette luftvegssymptom utan feber, kan ein sjå an tilstanden heime i eit par dagar. Om barnet ikkje vert betre, tilrår ein testing. Ved rask betring, kan barnet gå tilbake utan test.
Når kan barn i barneskulealder og yngre kome tilbake i barnehage/skule?
Barn som er symptomfrie, kan kome tilbake i barnehage/skule.
Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan kome også tilbake i barnehage/skule. Det betyr at allmenntilstanden avgjer når barn kan kome tilbake i barnehage/skule. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som rennande nase (uansett farge på snørret) eller sporadisk hoste. Slike symptom er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon hos mindre barn. Så lenge symptoma kan knyttast til ein gjennomgått infeksjon, og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet kome tilbake i barnehage/skule når allmenntilstanden er god eller tilbake til normalt for dette barnet.
Alle som får påvist covid-19 skal i isolasjon, og følgast opp av helsetenesta.
Les meir her.