Sjukeheim og heildøgnsbemanna omsorgsbustad

Dersom du skal besøke nokon på ein av helseinstitusjonane våre, bør du lese følgjande besøksreglar.

Hovudreglar ved besøk i sjukeheim gjeldande frå 22.06.21:

  1. Alle besøk skal gjennomførast i samsvar med nasjonale smittevernråd.
  2. Det bør, av smittesporingsomsyn, haldast oversikt over kven som besøkjer institusjonen. Dette er ei frivillig registrering. Opplysingane kan ikkje lagrast meir enn 10 dagar.
  3. Det skal ikkje vere låste dører for besøkande, og besøkstid vert bestemt av bebuar og den besøkande.
  4. Besøkande skal informerast om gjeldande smittevernreglar når dei kjem.
  5. Dei som har luftvegssymptom eller er i karantene kan ikkje kome på besøk (nokre få unntak).
  6. Ikkje fleire på besøk enn at 1-meters regelen kan overhaldast utandørs eller i det lokalet/romet besøket vert gjennomført.
  7. Fullvaksinerte bebuarar kan ha nærkontakt med fullvaksinerte besøkande, eventuelt også med eit avgrensa tal på besøkande som ikkje er vaksinerte, men berre dei same over tid.
  8. Er bebuar ikkje vaksinert skal avstandsreglar og smittevernreglar følgjast slik: Ikkje fysisk nærkontakt, avstandskrav minst 1 meter, eventuelt bruk av munnbind. (Munnbind må ein ta med sjølv).
  9. Det skal følgjast særskilde reglar for besøk til bebuar som er i siste fase av livet som tek særleg omsyn til bebuar og pårørande sine behov.
  10. Det skal og gjerast særskilde vurderingar ved besøkande som kjem frå område der det er iverksett lokale reglar som er strengare enn dei nasjonale. Då skal alltid dei strengast reglane følgjast for disse.
  11. Besøk kan og gjennomførast som biltur med 1-2 pårørande eventuelt som besøk til eigen heim. Besøk på butikkar, opne forsamlingar, selskap og liknande, kan og gjennomførast innanfor dei smittevernreglar som gjeld for offentlege arrangemnet og besøk i private heimar.
  12. Alle besøkande er forplikta å melde frå til institusjonen dersom dei etter besøket får påvist smitte med covid-19, eller vert definert som nærkontakt ved pågåande smittesporing.
  13. Pårørande eller andre som har vore på reise utanfor Norge siste 10 dagar, skal ikkje komme på besøk før innreisekarantenen er avslutta.
  14. Dersom besøkande har vore testa for SARS-CoV-2, skal ikkje kome på besøk før negativt prøvesvar ligg føre.
  15. Det kan gjennomførast kulturarrangement /andakter osv. Det skal vere minst to meter, og ingen kontakt mellom dei som opptrer og publikum. Dei som opptrer skal vere friske, bruke god handvask og kontaktflatereinhald. Det bør ikkje vere meir enn ein til tre personar som opptrer samstundes.

Nye besøksreglar tek utgangspunkt i følgjande:

  • Kontrollert smittesituasjon i kommunen.
  • Det er viktig å legge til rette for besøk og besøk kan kun avgrensast dersom det er strengt nødvendig.
  • Dei fleste bebuarane er fullvaksinerte. Det same gjeld tilsette (1 eller 2 doser).
  • Vaksinerte smittar mindre enn uvaksinerte.
  • Vaksinerte er godt verna mot alvolegare Covid-19-sjukdom.
  • Dei generelle smittevernråda for besøk gjeld uavhengig av vaksinasjonsdekkinga i institusjonen.

Kvifor nye råd?

Råda er basert på Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet sine råd til sjukeheimar oppdatert 18.06.21.

- FHI: Råd til sykehjem under covid-19-pandemien

- Helsedirektoratet: Besøk – pasienter og beboere

- FHI: Smittevernråd ved besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjoner under covid-19-pandemien

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om besøk, då får du kontakt med seksjonane her:

  • Eggesbøtun 96 09 45 02
  • Seksjon grøn 96 09 45 21
  • Seksjon raud 96 09 45 11
  • Seksjon blå 96 09 45 05
  • Myrvåg omsorgsenter, Avd B 97 05 54 71 gr 1, 97 05 54 74 gr 2
  • Myrvåg omsorgsenter, Avd A 96 09 45 32 og 96 09 45 33