Politiske møte, smittevernrettleiarar, informasjon frå NAV

Her finn du informasjon frå NAV, smittevernrettleirar og informasjon om politiske møte

Arrangement, bedrifter og NAV

Treng du ein eigen smittevernrettleiar?

Folkehelseinstituttet (FHI) har laga ein mal som bransjar, tenester og organisasjonar kan bruke for å utarbeide eigne smittevernrettleiarar eller bransjestandarar tilpassa sin aktivitet.

FHI får mange førespurnader frå ulike bransjar, verksemder, organisasjonar og andre som ønskjer hjelp til å utarbeide spesifikke smittevernråd eller bransjestandardar.

Malen som no er laga kan tilpassast alt frå offentlege tenester og private verksemder til frivillige organisasjonar og liknande.

Vil du vite meir om dette? Her finn du meir informasjon og lenkje til malen.

Smittesporing for skjenke- og serveringsstader

Helsedirektoratet tilrår registrering av kontaktopplysningar på skjenke- og serveringsstader.

Helsedirektoratet tilrår at alle serveringsstader innfører frivillig registrering av kontaktinformasjon til gjestar. Sjå nærare informasjon på Helsedirektoratet sine nettsider (helsedirektoratet.no).

Registrering av kontaktopplysningar vil vere mest aktuelt for serveringsstader med skjenkeløyve, men kan også vere aktuelt for andre serveringsstader. Formålet med frivillig registrering av kontaktopplysningar er å lette arbeidet med smittesporing dersom ein gjest får påvist covid-19 etter besøket..

Datatilsynet gir rettleiing om forståinga av personvernregelverket, og har publisert ein artikkel om besøksregistrering og smittesporing (datatilsynet.no). Der finn ein informasjon om kva personvernregler som gjeld for slik registrering.

 

Kva skjer med politiske møte?

Politiske møter vert avvikla etter møteplanen så godt som råd. I møteinnkallingane vert det informert om korleis møtet vert avvikla og kva rammer som ligg til grunn.

Offentleg møteplan, saksdokument og protokollar finn du her.

 

Slik kan NAV hjelpe deg

Mottaket opna 10. august, og opningstidene er som før: tysdag og torsdag frå kl. 10.00 - 12.00.

Trenger du hjelp kan du kontakte: NAV kontaktsenter tlf. 55 55 33 33 har ope 08.00 - 15.30 alle kvardagar.