Seksjon psykisk helse og rus - koronarestriksjonar

Som tenestemottakar vil du framover få tilbod om teneste i tråd med enkeltvedtaket du har. Dei tilsette er tilbake på kontora sine, og gruppetilboda blir skissert i Aktivitetskalendar.

Du vil etter avtale med kontaktpersonen din i tenesta, motta heimebesøk, samtalar på kontor og vi kan framleis gå tur og ringe deg for samtale. Inngangsdøra til Herøy Helsesenter er framleis låst, ring til den du har avtale med og du vert henta.

Psykologtenesta gir tilbod etter nærmare avtale med deg direkte.

Dagaktivtet / Aktivitetsretta lågterskeltilbod i grupper gir tilbod etter oppsett i Aktivitetsplan.

Vi innrettar oss etter gjeldande smittevernreglar til ei kvar tid. Døra på Solheim er låst og du må ringe på slik at personalet låser deg inn.

Det er trygt å motta tenester frå oss framover. Alle tilsette er kursa i smittevern og tenesta innrettar seg etter gjeldande smittevernreglar.

Har du spørsmål kan du ta kontakt her :
Svanhild Rise, seksjonsleiar: 990 90 691
May Gunn Ertesvåg, fagleiar rus: 481 22 637
Liv Berit Hauge, fagleiar psykisk helse: 489 93 469

Er du einsam eller bekymra? Treng du nokon å snakke med?

Her er også ei oversikt over ulike telefonar eller nettsider som kan vere til hjelp (skrive av Psykologforeningen).