Om rehabilitering, hjelpemiddel, fysioterapi og ergoterapi

Her kan du lese meir om korleis korona-pandemien påverkar tenestene kvardagsrehabilitering, fysioterapi, ergoterapi og hjelp til hjelpemiddel.

Herøy fysikalske og Myrvåg fysioterapi opnar no gradvis for individuell behandling. Ta kontakt på telefon for nærmare informasjon.

NB! Informasjonen under er under oppdatering.

Rehabilitering

Ergoterapi, fysioterapi og hjelpemiddel

Korona-pandemien påverkar også tilbodet frå seksjon rehabilitering. Situasjonen utfordrar oss til å finne løysingar med alternative metodar for å kunne utføre tenester.

Vi ønskjer at innbyggarane i Herøy og/eller hjelpeapparatet tek kontakt med oss ved behov for hjelp. Alle kommunalt tilsette er å treffe på sine vanlige telefonnummer, men noko redusert trefftid kan forekome. Tilvisingar vil verte behandla, og i fellesskap finn ein ut om kven og eventuelt på kva måte ein kan få gitt hjelp/teneste. Men ein må rekne med at tenestene kan verte forsinka, at ein ikkje får like tett oppfølging som vanleg.

Kommunefysioterapeutane:  Gir tenester til barn og unge og til menneske som bur på institusjon.

I sjukeheim og andre institusjonar og kommunale bustadar er det strenge restriksjonar i høve besøk/fysisk kontakt. Kven som vert gitt eit tilbod vert avgjort i nært samarbeid med leiar på staden og eventuelt lege. Elles er vi tilgjengelege for å gi råd og rettleiing til personalet via telefon og videokonsultasjon.

Til barn vil oppfølginga i hovudsak foregå via videokonsultasjon og telefon. Fysioterapeut samarbeider med helsestasjon i høve prioritering, og saman med pårørande og hjelpeapparatet vert tilbodet tilpassa det enkelte barn sine behov

Privat Fysioterapi: Både Myrvåg fysioterapi og Herøy fysikalske institutt har opna att. Det er noko redusert kapasitet på grunn av strenge smitteverntiltak. Det er ikkje gruppebehandling. Det kan fortsatt vere aktuellt med video eller telefonkonsultasjoner om dette er mest hensiktsmessig.

Meir om fysioterapi finn du her.

Ergoterapi: I sjukeheim og andre institusjonar og kommunale bustadar er det strenge restriksjonar i høve besøk/fysisk kontakt. Kven som vert gitt eit tilbod vert avgjort i nært samarbeid med leiar på staden og eventuelt lege. Elles er vi tilgjengelege for å gi råd og rettleiing til personalet via telefon og videokonsultasjon.

Til heimebuande vil oppfølginga i hovudsak foregå via videokonsultasjon og telefon. Ergoterapeut samarbeider med heimetenesta og andre relevante instansar i høve prioritering, og saman med pårørande og hjelpeapparatet vert tilbodet tilpassa den enkelte sine behov så langt det er råd.

Meir om ergoterapi finn du her.

Hjelpemiddel:Det er pr. i dag avgrensningar i utkøyring og innhenting av hjelpemiddel. Som hovudregel blir utstyr kun køyrt til døra, og ein må så langt det er mogleg finne alternative måtar i høve montering, tilpassing og opplæring av hjelpemiddel. 

Hjelpemiddel kan hentast i heimen.

Ved behov for reparasjonar av hjelpemiddel, og/eller spørsmål – ta kontakt så prøver vi å finne løysingar.

Meir om hjelpemiddel finn du her.

Om tenesta kvardagsrehabilitering

Korona-pandemien og tilhøyrande smitteverntiltak påverkar også tilbodet om kvardagsrehabilitering i Herøy.

Kvardagsrehabilitering er intensiv og tidsavgrensa trening i daglege gjeremål i eigen heim.

Situasjonen utfordrar oss til å finne løysingar med alternative metodar for tilnærming/gjennomføring for å kunne utføre kvardagsrehabilitering der dette kan vere aktuelt.

Vi oppmodar likevel folk om å søkje om tenesta. Alle søknadar vil verte behandla, og søkjarar vil verte kontakta.

For mange vil tilbod om teneste verte forsinka, men likevel viktig at vi har brukarar som er klar for tilbodet når dagane normaliserer seg igjen.

Her kan du lese meir om kvardagsrehabilitering og korleis søkje.