Reising, testing, karantene og isolasjon

I denne artikkelen finn du informasjon om reising, testing, karantene og isolasjon.

Om testing, karantene og isolasjon

Kven blir testa?

Her finn du testkriteriane for covid-19 (koronaviruset).

Det er ikkje eit krav at du har feber for å bli testa.

Dersom du berre har eitt av desse symptoma skal du få tilbod om test:

  • hoste
  • tungpust
  • tap av smak eller luktesans
  • feber

Sjølv om symptoma er svært milde, vil vi teste deg. Legesentera i Herøy har god kapasitet til testing av dei som har behov for det.

Barn skal testast på lik linje med vaksne. Barn blir oftare mindre sjuke enn vaksne av covid-19, men dei kan like fullt smitte andre.

Ta kontakt med ditt legesenter så snart som råd.

Pasientar skal ikkje betale eigendel ved mistanke om smitte som fører til undersøking. Fritaket for eigendel gjeld også ved behandling og kontroll av sjukdomen. Les meir om det her.

Ta ein koronasjekk her.

 

Korleis skjer testinga og når får eg svar?

Testing skal alltid vere avtalt på førehand. Du vil få beskjed om når du skal møte og kvar du skal møte. 

Herøy legesenter:

Testing går føre seg før kl.11 på kvardagar. 

Myrvåg legesenter:

Testing skjer kvardagar mellom kl. 13-14.

Korleis går testinga føre seg?

Du får informasjon med helsepersonell om kvar og kva tid du skal møte. Testing går føre seg utanfor legekontoret. Du sit i bilen heile tida og skal ikkje gå ut. Når det er din tur, blir du/de vinka fram. Då rullar du ned litt bilvindauget og personellet tek prøve frå bakre del av svelget/halsen og nasa. Det er fort gjort og etterpå køyrer du/de heim.

Kva skjer etter eg har tatt ein test?

Når du venter på prøvesvar må du halde deg heime, anten i karantene eller isolasjon. Der er viktig at du fyl dei råda du har fått angåande dette.

Kor lang tid tek det før eg får svar?

Det tek vanlegvis 2-4 dagar før vi får svar på prøva di.

Vi tek alltid kontakt med deg, enten prøva er positiv eller negativ.

Vi kontaktar deg på SMS eller ringjer deg.

Om karantene og isolasjon

Fram til 15. juli skal du, dersom du har vore på utanlandsreise, vere i reisekarantene i 10 døgn frå den dagen du kom heim. Det er unntak frå karantene ved reiser frå område i Norden med låg smitte fram til same dato. Sjå kart over kva område det gjeld (fhi.no)

Utenriksdepartementet gjer unntak fra reiserådet som frårådar reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land i verda. Unntaket gjeld for land i EØS/Schengen med tilfredsstillande smittenivå frå og med 15. juli.

Meir informasjon om kva land dette gjeld for finn ein på Folkehelseinstituttet sine nettsider. Dette endrar seg jamnleg.

Skal du halde deg heime?

​Dersom du tilhøyrer ei av følgjande grupper, skal du vere heime:

  • Du mistenker at du kan vere smitta.
  • Du har fått stadfesta at du er smitta.
  • Du er stadfesta sjuk av covid-19, men treng ikkje å leggast inn på sjukehus.

Her finn du Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (Covid-19-forskriften).

Les om dine rettigheiter her.

Råd når du eller husstandsmedlem har akutt luftvegsinfeksjon

Folkehelseinstituttet sine presiseringar knytt til helsepersonell som har nærkontaktar med symptom på luftvegsinfeksjon finn du her.

Om eigenmelding ved karantene

Fra 1. juni kan du ikkje lenger kreve å få bruke eigenmelding dei første 16 dagane av sjukefråværet. Dette gjeld også covid-19-relatert fråvær. 

Les meir her.

 

Om mannskapsskifte

Reglar og veiledning for mannskapsskifte i norsk og utenlandsk hamn er utarbeidd av Sjøfartsdirektoratet og IMO. Informasjon finn du her:

 https://www.sdir.no/aktuelt/nyheter/retningslinjer-i-forbindelse-med-av--og-pamonstring-av-mannskap-i-norske-havner/

 https://www.sdir.no/aktuelt/nyheter/imo-retningslinjer-for-mannskapsskifte/

 

 

Hald avstand for å hindre smitte - råd og rettleiing

Auka fysisk avstand mellom menneske bremsar spreiing av covid-19, men det kan vere vanskelig å få oversikt over råda som vert gitt ulike grupper.

Les meir her.

Råd om reise

Utenriksdepartementet gjer unntak fra reiserådet som frårådar reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land i verda. Unntaket gjeld for land i EØS/Schengen med tilfredsstillande smittenivå frå og med 15. juli.

Meir informasjon om kva land dette gjeld for finn ein på Folkehelseinstituttet sine nettsider. Dette endrar seg jamnleg.

 

Det er du sjølv som avgjer om du vil reise i Noreg.

Dei nasjonale råda er:

  • Er du sjuk skal du ikkje gjennomføre fritidsreiser. Heller ikkje til hytta. Då skal du vere heime.
  • Ikkje reis eller far på hytta dersom du er i karantene. Det einaste unnataket er dersom du er utan symptom og opphald på hytta er einaste måte å unngå nær kontakt med ein person i same husstand som er smitta av covid-19.
  • Reis heim, dersom tilstanden tillet det, dersom du blir sjuk medan du er på hytta eller er på reise.
  • Ikkje reis eller gjennomfør aktivitetar som gir auka risiko for at du får behov for redningsteneste eller helseteneste.
  • Unngå kollektivtransport når det er mogleg.
  • Pass på avstanden til andre menneske.
  • Unngå trengsel i butikkar som er dimensjonert for færre menneske. 
  • Sjekk nettsida til kommunen du skal reise til for å finne ut om dei har lokale restriksjonar eller råd som er relevante. 

Her er Folkehelseinstituttet sine råd om fritidsreiser.