Risikogruppe og helsepersonell

Her finn du informasjon om kven som er i risikogruppe og retningslinjer for helsepersonell.

Risikogruppe og helsepersonell

Kommunen som arbeidsgivar

Har du spørsmål om kommunen sin  rolle som arbeidsgivar i samband med koronaviruset?  KS har samla spørsmål knytt til tema arbeidsgivar/arbeidstakar.

Les mest stilte spørsmål på KS sine nettsider.

Tilsette med fleire arbeidsgjevarar

Ein arbeidstakar som har fleire arbeidstilhøve vil auke talet på kontaktpunkt med moglege smittekjelder og auke risiko for spreiing av eventuell smitte både mellom arbeidstakar og brukarar, men også mellom tilsette.

I slike tilhøve skal arbeidsgjevar gjere ei konkret vurdering av risiko og kva løysingar som kan vere aktuelle for å betre situasjonen. Arbeidsgjevar skal gjere tiltak i dialog med både arbeidstakar og annan arbeidsgjevar

Informasjon for helsepersonell

Råd til helsetenesta for å verne om risikogruppene, finn du her.

Temasida til Folkehelseinstituttet inneheld råd og informasjon om det nye koronaviruset. Les meir her.

Informasjon om oppfølging av nærkontaktar, karantene og heimeisolering i samband med koronaviruset finn du her.