Selskap og bryllaup - offentlege og private arrangement

Her finn du retningslinjer for arrangement på privat og offentleg stad.

Det er tilrådd å ikke ha besøk heime fram til og med 18. januar.

Private samankomstar på offentleg stad

Det blir lov med maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som for bursdag i leigde lokale. Dersom ein er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle i husstanden møtast.

Les meir her om private arrangement på offentleg stad her.

Offentlege arrangement utandørs

På offentleg stad utandørs, der det er fastmonterte seter, er det lov å ha opp til 600 deltakere. Arrangøren må sørge for at deltakarane er avgrensa i grupper på inntil 200 personar.

Til kvar tid skal det vere minst to meters avstand mellom dei ulike gruppene.

Det skal være minst éin meter mellom alle personane innad i gruppene på 200 personar.

Offentleg arrangement innandørs

Det blir maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar mv., likevel 200 persona der alle i publikum sit i fastmonterte seter. I gravferder kan det vere opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.

Dei fleste av desse arrangementa vil uansett ikkje vere i tråd med nasjonale tilrådingar og bør derfor utsettast eller avlysast.

På helsenorge sine nettsider finn du meir informasjon om blant anna:

Barnebursdag

Om ein vil feire barnebursdag gjeld ikkje avgrensingane for barn i same barnehage- og barneskulekohort. Barn i same kohort kan vere på besøk hos kvarandre og er unntatt frå avstandskravet på arrangement.

Les meir om korleis arrangere barnebursdag på privat stad eller i leigde lokale her.

Uteliv og serveringsstadar

Det vert innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstadar og arrangement.

Spørsmål og svar om arrangement finn du her.

Kyrkjevandring

Dei særlege reglane for kyrkjevandringar vert oppheva frå 4. januar.

Kontakt med kyrkja

Treng du informasjon om gjennomføring av bryllaup, dåp, gravferd eller gudsteneste i kyrkja. For oppdatert informasjon oppmodar vi om at de nyttar nettstadane www.kirken.no eller www.kirken.no/more.

Kyrkjekontoret er å nå både på e-post kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no og telefon 700 80 260.