Siste oppdatering i Herøy

Siste oppdatering på smittesituasjonen finn du her!

Pressemelding 22.10.21, kl. 17.30:

Nasjonalt ser ein no ein stigande tendens til meir smitte i visse område, og dette er smitte mellom fullvaksinerte. Dette gjeld også Herøy.

Status akkurat i dag er at vi har i alle fall fem ulike og uavhengige situasjonar, som kvar for seg krev tiltak for å hindre vidare smitte.

Siste positive testresultat er meldt så seint som i dag ettermiddag. I fire av situasjonane er smittekjelda klar, men i ein av dei er det førebels ukjend smittekjelde. Utover smitte internt i familiar, er det påvist positiv test hjå ein tilsett i ei bedrift, hjå ein gjest i ei gruppe ved ein restaurant og hjå to personar som har delteke i sosiale samlingar med familie og med vener.

- Heldigvis viser det seg at i all hovudsak, men ikkje alle, er dei som er ramma fullvaksinerte, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

- Etter at landet opna opp att den 25.09.21 og det vart innført ny strategi med «Ein normal kvardag med auka beredskap», har vi teke tilbake ein god del av kvardagane vår. Vi kan reise meir, vere fleire saman og delta i sosiale aktivitetar omlag som før. At vi er vaksinerte gjer at vi kan vere tryggare på at dersom vi vert smitta så smittar vi andre i mindre grad, og det er mindre risiko for å verte alvorleg sjuk, seier kommuneoverlegen. Etter at vi fekk starte med sjølvtestar har det vist seg lettare både å få utført testar og å oppdaga positive svar, då terskelen for teste seg for mange er lågare enn tidlegare.

Desse tiltaka vert sette i verk:

Dei tiltak som vert sett i verk konkret i kvar situasjon er:

1. Dei som er smitta vert sett i isolasjon i fem dagar frå positivt testresultat uavhengig av vaksinasjonsstatus. Det vert teke PCR-test i tillegg for å stadfeste svaret.

2. Fullvaksinerte familiære nærkontaktar eller andre tilsvarande nære, vert informert, og skal ta sjølvtest med ein gong og dersom dei kjenner symptom. Elles kan dei vere i normal aktivitet, men vi rår til å vere merksame på ikkje å ha nærkontakt med personar som har svekka helse eller immunforsvar den første veka.

3. Uvaksinerte familiære nærkontaktar eller andre tilsvarande nære, skal ta sjølvtest dagleg i sju dagar. Er testen negativ kan dei ha normal aktivitet, men vere marksame og forsiktige i kontakten sin med andre.

4. Andre meir perifere nærkontaktar skal vere merksame på symptom og ta test dersom dei kjenner noko.

Dette gjer du om du vert sjuk:

Dersom du får forkjølingssymptom så hald deg unna andre og ta ein sjølvtest for å avklare situasjonen så raskt som råd. Sjølvtest er altså det nye, viktige tiltaket som skal hjelpe oss å avdekke nye tilfelle.

Du får sjølvtest utlevert gratis frå kommunane på desse stadane:

  • Servicetorg v/ Herøy rådhus (måndag-fredag 09.00-15.00)
  • Myrvåg legesenter (måndag-fredag 09.00-15.00)
  • Herøy legesenter, teststasjonen i tida (måndag-fredag 09.00-12.00), inngang er merka.
  • Herøy folkebibliotek (opningstider finn du her)

- Det er nok dessverre grunn til å rekne med at denne smitten vil vere i vårt lokalmiljø framover vinteren, og at vi som lokalsamfunn må oppretthalde ein viss beredskap for både å avgrense smitten når den oppstår, og trygge og rettleie innbyggjarane om kva tiltak som er rette å sette i verk, seier Bjørn Martin Aasen.

Treng du sjølvtestar, råd og rettleiing får du det ved testteamet vår på tlf. 948 13 641 denne helga. Elles telefontid frå kl 09.00 – kl. 11.00 måndag - fredag.

Du kan også sende e-post: korona@heroy.kommune.no. Skriv testing i emnefeltet.

Er du sjuk så kan du kontakte fastlegen eller legevakta for råd og rettleiing.

21.10.21:

Informasjon: Vaksinasjonsdagar for koronavaksinasjon

Pressemelding 20.10.21, kl. 15.50:

Ein person som er tilsett ved Myrvåg omsorgssenter, seksjon B, har i dag ved sjølvtest testa positivt for covid-19. Dette vert følgd opp på vanleg måte med isolasjon av vedkomande, PCR-test og smittesporing.

Ved Myrvåg omsorgssenter er det sett i verk tiltak i samsvar med nasjonale retningslinjer:

1. Uvaksinerte pasientar som personen har hatt nærkontakt med vert følgd opp med dagleg testing i sju dagar. Fullvaksinerte pasientar vert følgd opp med overvaking og eventuell nødvendig testing etter individuell vurdering. Samstundes vert det sett sett i verk tiltak som avgrensar kontakt mellom berørte pasientar i same perioden.

2. Personalet set i verk vanlege smittevernrutinar ved slike situasjonar.

- Dei aller fleste som bur ved omsorgssenteret er fullvaksinerte opplyser kommuneoverlegen. Dette er viktig både for å redusere risikoen for spreiing av smitte, og ikkje minst for å redusere risikoen for alvorleg sjukdom. Situasjonen er oversiktleg og under kontroll i dag, og vi vil halde oversikta gjennom m.a. testing i dagane framover. Det er ikkje grunnlag for å endre gjeldande besøksreglar no, avsluttar kommuneoverlegen.

Pressemelding 19.10.21, kl. 15.30:

To barn busette i Herøy har i går (18.10.21) og i dag (19.10.21) testa positivt på covid-19 ved sjølvtest.

Dei er ikkje i same familie.

Det er teke PCR-test av begge to og dei er sett i isolasjon i samsvar med regelverket.

Det eine barnet testa positivt før skulestart etter haustferien, og skulen er såleis ikkje påverka av dette.

Det andre barnet er eit barn i Myrsnipa barnehage.

Begge smittetilfella har kjend smitteveg.

Foreldre og tilsette i barnehagen har fått nærmare informasjon om gjeldane testregime og sjølvtestar.

- Alle skal vere merksame på nyoppståtte luftvegsymptom og deretter ta ein test. Anten kan ein ta sjølvtest eller bestille seg tid for PCR-test ved teststasjonen ved Herøy helsesenter, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Om du er usikker på reglane knytt til karantene, kan du nytte deg av karantenesjekken her.

Pressemelding 08.10.21, kl. 19.50:

Smittesporing i ettermiddag har avdekka at ein person som besøkte Sunnmørbadet mellom kl. 17.00 - 19.00 i dag fredag 08.10 fekk meldt positiv test no kveld. Personen er fullvaksinert.

- Eg vil oppmode alle som besøkte Sunnmørsbadet i dette tidsromet å vere merksame på symptom på luftvegsinfeksjon, og ta ein test over helga, seier kommuneoverlegen.

Pressemelding 08.10.21, kl. 19.30:

To personar busett i Herøy har i dag fått meldt positiv test for covid-19. Smittesporing pågår, og personane er sett i isolasjon i samsvar med regelverket.

08.10.21:

Informasjon: 3. dose til aldersgruppa 65+

07.10.21:

Informasjon: Får tilbod om ein ekstra dose.

Pressemelding 07.10.21, kl. 16.30:

Nok ein person busett i Herøy har fått påvist covid-19 i ettermiddag. Også dette tilfellet har direkte samanheng med utbrotet i Sande kommune gjennom arbeidsplassen.

- Smittesporing er gjennomført, og situasjonen avklara, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag.

Fullført vaksinasjon hjå dei personar det gjeld har redusert spreiing av smitten til andre, og har gjort at personen det gjeld har fått berre svake symptom, seier kommuneoverlegen til slutt.

Pressemelding 07.10.21, kl. 11.40:

Nytt tilfelle av covid-19 i Herøy. Ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19. Som eit ledd i smittesporinga, vert det teke ni nye PCR-testar i dag torsdag. Dette tilfellet har direkte samanheng med utbrotet i Sande.

Kommuneoverlegen er uroa for at dette kan vere starten på eit utbrot i Herøy.

- Vi har relativt låg vaksinasjonsdekning i aldersgruppa 25 - 44 år. Dei uvaksinerte er mest utsette for smitte, dei har ein større risiko for å utvikle alvorleg sjukdom, og for å bringe smitten vidare til uvaksinerte barn/unge og dei som har dårlegare vern fordi dei er i behandling som svekkar immunforsvaret, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

05.10.21:

Informasjon: Regjeringa tilbyr oppfriskingsdose for alle over 65 år.

01.10.21:

Informasjon: Vi tilbyr sjølvtestar.

Informasjon: Har du spørsmål om testing?

30.09.21:

Informasjon: Måndag tilbyr vi også Pfizer.

24.09.21:

Informasjon: Etterregistrering vaksinasjon.

Informasjon: Går over til normal kvardag med auka beredskap.

22.09.21:

Informasjon: Vaksinenytt.

17.09.21:

Informasjon: Køyrer på med drop in-vaksinasjon måndag.

16.09.21:

Informasjon: No kan 12 – 15-åringane få time til vaksinasjon.

15.09.21:

Informasjon: Dose tre til deg med alvorleg nedsett immunforsvar.

Pressemelding 10.09.21, kl. 22.30

Det er i dag meldt at ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19. Smittesporinga har avdekt to nærkontaktar som er sett i karantene.

Pressemelding 09.09.21, kl. 19.30:

Det er i dag meldt at to personar busette i Herøy har testa positivt for covid-19. Smittekjelda er kjent og det er ikkje avdekka nokon nærkontaktar.

09.09.21:

Informasjon: Meld frå når du ikkje kan møte til vaksinasjon.

Pressemelding 08.09.21, kl. 21.00:

Det er i dag meldt at to personar busette i Herøy har testa positivt for covid-19. Personane var i karantene og det er ingen nærkontaktar lokalt til desse tilfella. 

08.09.21:

Informasjon: Snart får 12-15-åringar tilbod om vaksine

Pressemelding 07.09.21, kl. 19.30

Ein person busett i Herøy kommune har testa positivt for covid-19. Personen går frå karantene til isolasjon og det er ikkje fleire nærkontaktar. 

Fire personar i Herøy er elles sett i karantene på grunn av eit anna smittetilfelle i Ålesundsområdet. 

Pressemelding 06.09.21, kl. 15.30:

Det er i dag meldt at ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19. Personen var nærkontakt til eit tidlegare meldt tilfelle, og det er ingen nye nærkontaktar som må i karantene. Smittekjelda til eit av tilfella som blei meldt laurdag er framleis ukjend etter kartlegging og smittesporing. 

Kommuneoverlegen oppmodar derfor alle om å hugse på å halde seg heime og bestille ein test om ein får nyoppståtte luftvegssymptom.

06.09.21:

Informasjon: Om kryssvaksinering og reise

Pressemelding 06.09.21, kl. 11.30:

Kommuneoverlegen melder i dag at alle hurtigtestar for 9. trinnet på Ytre Herøy ungdomsskule, Nerlandsøy skule og Kvalsvik og Nerlandsøy musikkorps var negative i dag.

- Smittesporingstesting med "test for karantene" knytt til dette utbrotet vert dermed avslutta, seier fungerande kommuneoverlege, Inger Lise Kaldhol.

Pressemelding 04.09.21, kl. 13.45:

Det er i dag meldt at tre personar busette i Herøy har testa positivt for covid-19 ved testar tekne den 03.09. Eit av desse  er knytt til eit tidlegare påvist tilfelle ved Ytre Herøy ungdomsskule. Personen var allereie sett i karantene og det er ikkje fleire nærkontaktar.

- Tilfelle nummer to er knytt til eit pågåande utbrot ved ei bedrift. Personen var sett i karantene og det er ikkje fleire nærkontaktar. Det er ikkje funne fleire positive testar ved denne bedrifta i den smittesporingstestinga som vart gjort av alle tilsette i går. Vi håpar at dette utbrotet no er stansa, seier kommuneoverlegen.

I det siste tilfellet er smittevegen så langt ikkje heilt avklara, seier kommuneoverlegen. Det pågår no smittesporing og identifisering av nærkontaktar der samarbeid med bedrifta der personen arbeider står sentralt. Det vert gjennomført karantenesetting og testing av identifiserte nærkontaktar.

Det er i dag gjennomført "testing for karantene», test nr 2, for to klasser på 9. trinn YHU og elevar ved Nerlandsøy skule.

- Alle desse testane var negative også i dag, seier ein litt letta kommuneoverlege til slutt.

Pressemelding 02.09.21 kl. 12.30.

Alle hurtigtestar for Covid-19 som var tekne i dag av elevar ved YHU og Nerlandsøy skule var negative. Det vert i samsvar med plan gjennomført nye testar den 04.09 og 06.09, opplyser kommuneoverlegen.

Begge skulane kan såleis halde fram som planlagt med sine aktivitetar. Eg rår likevel til at ein er særleg oppmerksam på dei gjeldande smittevernrutinane om god handhygiene, avstand, unngå større samlingar og at den som har forkjølingssymptom held seg heime.

Pressemelding 01.09.21 kl. 23.30:

Herøy kommune har i kveld fått meldt 6 positive testar for Covid-19, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Fire av dei positive har direkte samanheng med eit pågåande utbrot i ei verksemd. I samarbeid med verksemda er det sett i verk tiltak og testing for å hindre vidare utvikling av utbrotet. Verksemda reduserer sin aktivitet og det vert gjennomført testing av alle tilsette som ikkje er smitta. Dette for å sjå om ein får brote smittevegen og for å fange opp dei som eventuelt er smitta og ikkje oppdaga enno. Det vert gjort ny vurdering av tiltaka når testresultata ligg føre til helga.

Ein av dei som har positiv test er elev ved Ytre Herøy ungdomsskule på 9-trinnet. Skulen, elevar og føresette er informert om situasjonen og kva tiltak som vert sett i verk. «Test for karantene» er ei ordning som erstattar karantenesetting av elevar med testing. Det betyr at elevar møter ved skulen som vanleg, og det vert utført antigen-hurtigtestar på to av klassene på 9 trinnet i morgon, laurdag og måndag. I samråd med kommuneoverlegen har YHU gått over til gult nivå så lenge denne situasjonen pågår.

Vidare er Kvalsvik og Nerlandsøy musikkorps påverka av dette tilfellet, og då også Nerlandsøy skule. Korpset si leiing, deltakarar og føresette, og skulen, er informert om dei tiltak som vert sett i verk og dei reglar som gjeld.

-Eg er glad for det gode samarbeide som er med korpset si leiing, det har avlasta smittesporingseininga mykje, seier kommuneoverlegen. 

Det siste tilfellet er knytt til innreise der den som testa positivt allereie var i innreisekarantene.

Smittevegane er kjende og er dei same som for tidlegare meldte tilfelle. Det er ikkje avdekka nye ukjende smittevegar i dag. Som følgje av det aukande talet på positive testar som vart rapportert i dag, og dei følgjer det har for drift både for to av kommunen sine skular og av ei stor verksemd i kommunen, er kriseleiinga i kommunen informert om situasjonen og har gitt si tilslutning til dei tiltak som vert sett i verk.

Eg er glad for at den vaksinasjonen vi no gjennomfører med høgt tempo viser seg å ha effekt. Det er vesentlig færre som vert sett i karantene no enn tidlegare, noko som har positiv innverknad både på familiane, på borna og på verksemdene i kommune, seier kommuneoverlegen. Det bidreg og til å redusere smittespreiinga vi har no. Det er og viktig at sjukdomsforløpet vert både mildare og kortare hjå dei vaksinerte. Når vi no er i sluttspurten av vaksinasjonen av dei over 18 år, så vil eg oppmode alle som «har sett seg på vent» å bestille time for vaksinering. Dette gjeld særleg dei mellom 25 og 39 år som har svakast oppslutning om vaksinering både i Herøy og elles i landet. Ved å vaksinere deg vernar du deg sjølv mot alvorleg sjukdom, du vernar dei av dine som ikkje kan ta vaksinen og du vernar både barn, ungdom, arbeidslivet og fellesskapet, understrekar han til slutt.

Pressemelding 01.09.21 kl. 12.00:

Som tidlegare meldt har ein person busett i anna kommune og som besøkte mosjonsfestivalen på Moldtustranda seinare testa positivt på Covid-19. Det er opplyst at personen besøkte festivalområdet laurdag 28.08 på dagtid. Det er dessverre uråd å vite om personen var smitteførande på det aktuelle tidspunkt eller om smitten er oppstått før, under eller etter besøket på festivalen.

Nærståande til denne personen har seinare testa negativt. Det er heller ikkje så langt meldt om at andre personar som har delteke i festivalen har testa positiv. Det aller vikitgaste frametter er at kvar einskild er oppmerksame på om dei får symptom og at dei då bestiller seg test så snart råd er. 

Det er fleire husstandar som skal feire m.a. konfirmasjon i helga. Det er ingen grunn til å endre disse planane no. Avstand og god handhygiene er alltid gode smitteførebyggande tiltak, avsluttar kommuneoverlegen.

31.08.21:

Informasjon: Kommunen får Moderna-vaksinar framover.

Pressemelding 31.08.21 kl. 22.00:

Ein person busett i Herøy har i dag fått meldt positiv test for Covid-19. Dette tilfellet er avdekka som ledd i den pågåande smittesporinga og har direkte samanheng med tidlegare meldt tilfelle.

Ytterligare fire personar er sett i karantene, og disse vert testa på vanleg måte.

Eleven ved YHU som fekk påvist positiv test før helga, har i dag fått stadfesta resultatet ved ein så kalla PCR-test. Den planlagde smittesporingstestinga ved YHU i morgon tidleg vert difor gjennomført som fastsett. Resultatet av denne vil ligge føre i løpet av morgondagen.

Smittesporingsteamet i Herøy har i dag fått meldt at ein person busett i anna kommune og som deltok på Moltustranda mosjonsfestival, har testa positivt på Covid-19. Nokre nære personar gjennomfører testing i morgon. Det er uråd å kartlegge nøyaktig kva personar som deltok på festivalen som vere påverka av dette tilfellet.

-Eg vil difor rå til at personar er oppmerksame på symptom på luftvegsinfeksjon og har lav terskel for teste seg, seier kommuneoverlegen. Eg vil og understreke at det aller viktigaste i ein slik litt usikker situasjon er å halde seg til dei grunnleggande reglane om avstand handvask og halde seg heime samt teste seg om ein har symptom.

-Det er ein krevjande situasjon akkurat no som stiller store krav til både smittesporingsteamet og til testapparatet vårt. Men ikkje minst stiller det krav til kvar einskild av oss dersom vi skal vi klare å stoppe den pågåande smitten i kommunen, seier kommuneoverlegen til slutt.

30.08.21:

Informasjon: Melding frå kriseleiinga Herøy kommune

Pressemelding 30.08.21 kl. 18.00:

Herøy kommune fekk i ettermiddag meldt at fire personar har testa positivt for Covid-19. Testane var tekne like før helga som del av den pågåande smittesporinga, og personane var såleis allereie sett i karantene, opplyser kommuneoverlegen.

Tre av testsvara utløyser ikkje nye personar i karantene, medan eit av testsvara medfører at ytterligare fire personar vert sett i smittekarantene i dag. Det vert gjennomført testing av disse etter vanlege prosedyrar i morgon og frametter. 

Smittevegane er klarlagt, og det ingen direkte tilknyting til skular eller barnehagar i kommunen denne gongen, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Ut frå eit føre var prinsipp har kommuneoverlegen rådd til at tilsette ved ei bedrift vert testa i morgon, på same måte som vart gjort sist veke. Dette er eit viktig tiltak for å kartlegge ein smittesituasjon som er utfordrande for mange.

 

Pressemelding 29.08.21, kl. 15.30:

Nok ein person busett i Herøy fekk i går kveld melding om positiv test for covid-19. Smittevegen er kjend, og vedkomande var allereie sett i karantene. To nærkontaktar er sett i karantene, noko dei sjølve allereie hadde teke ansvar for tidlegare, opplyser kommuneoverlegen.

Pressemelding 29.08.21, kl. 15.15:

Oppdatert informasjon til skulen og tilsette frå kommuneoverlegen:

1. Testing av elevar vert gjennomført som fastsett i morgon 30.08. og onsdag 01.09.

2. Tilsette på 8. trinn som er definert som nærkontaktar til den aktuelle eleven skal ta ordinær PCR-test ved Herøy legesenter måndag 30.08. Dei må bestille time for slik test sjølve på kommunen sine heimesider her. Også tilsette som meiner dei har symptom skal ta test på denne måten. Tilsette er ikkje omfatta av testregimet «test for karantene» og vert såleis ikkje testa med antigen-hurtigtest i morgon.

3. Tilsette på 8. trinn som er definert som nærkontaktar til den aktuelle eleven, som er fullvaksinert (siste dose ei veke før eventuell eksponering, eller har fått dose 1 meir en tre veker før eventuell eksponering), er ikkje sett i karantene. Dei tek test som fastsett i pkt. 2. Det er viktig at dei følgjer gjeldande smittevernreglar samt er merksame på eventuelle symptom.

4. Tilsette på 8. trinn som er definert som nærkontaktar til den aktuelle eleven, som ikkje er vaksinerte, skal vere i karantene i inntil ti dagar frå eksponeringstidspunktet (26.08) Det vert rådd til at dei tek PCR-test måndag 30.08 og fredag 03.09, eventuelt i mellomtida dersom  det skulle oppstå symptom. Er testen fredag 02.09 negativ, kan dei gå ut av karantene. 

5. Andre tilsette som er definert som nærkontaktar følgjer same opplegg som ovanfor.

Definisjon av nærkontakt: 

Nærare enn 2 meter i meir enn 15 minutt eller hatt kroppsberøring med ein som testa positivt.

Pressemelding 28.08.21, kl. 15.45 

I samband med at ein elev i klasse 8A ved YHU testa positivt for covid-19 i går, vart det i dag gjennomført testing av resten av 8.-trinnet ved skulen. Alle testane i dag var negative, opplyser kommuneoverlegen.

Alle elevane som har fått negativt testsvar i går og i dag kan møte på skulen måndag 30.08 som planlagt. 

Det vert gjennomført test 2 for heile 8.-trinn måndag 30.08 og test 3 onsdag 01.09. Testing vert gjort i klasseromet ved skulestart. 

Dei som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje møte på skulen, men bestille seg ein test ved kommunen sin teststasjon. Det gjer dei på kommunen sine heimesider. Elevar på 8.-trinnet ved YHU som ikkje har teke test i går eller i dag er pålagd karantene i ti dagar og kan såleis ikkje møte på skulen. Det vert rådd til at dei tek test ved teststasjonen måndag  og fredag i komande veke, og dei bestiller time sjølve.

- Det er ein krevjande situasjon for alle elevar og tilsette i skulen, men eg er glad for det gode samarbeid vi har fått med både skulen og dei føresette, og ikkje minst elevane sjølve som viser stort ansvar for kvarandre, kommenterer kommuneoverlegen.

- Vi har så langt oversikt over smittevegar, noko som er viktig både for smittesporinga og dei tiltak vi må sette i verk for å avgrense eller stoppe smitten, avsluttar han.

Pressemelding, 27.08.21, kl. 22.45:

Ved smittesporinga i Sirlihaugen barnehage i dag testa alle barn og tilsette negativt. Ved Ytre Herøy ungdomsskule (YHU) testa ein av elevane i klasse 8A positivt for covid-19. Eleven er i samråd med føresette sett i isolasjon. Som følgje av at undervisninga på dette klassetrinnet går på tvers av klassen, vert det i morgon gjennomført utvida smittesporingstesting av heile 8. trinnet ved YHU. Elevar og føresette vert informert direkte frå skulen i kveld.

- Vi er heldigvis kjend med smittevegane, seier kommuneoverlegen. Eg er særs glad for at både elevar og føresette saman med skulen sitt personale samarbeider så godt med det formål å avgrense smitten best mogleg, seier Bjørn Martin Aasen.

- Det er likevel grunn til vere merksam på situasjonen i dagane framover. Eg oppmodar nok ein gong alle til å halde avstandreglane, ha god handhygiene, og halde seg borte frå skule eller arbeid og ta ein test dersom du har det minste teikn til luftevegsinfeksjon, legg kommuneoverlege Aasen til. Han nyttar samstundes høvet til å slå eit slag for vaksinasjon.

- Vi har no godt med vaksinar, og eg vil oppmode alle over 16 år som ikkje har teke sin første dose enno til å nytte høvet og bestille seg time for vaksinasjon no. Denne oppmodinga går særskild til aldersgruppa mellom 25 - 39 år som ligg litt bak både dei eldre og yngre aldersgruppene når det gjeld vaksinering. 

Bestill time for vaksinasjon på Herøy kommune sine heimesider her.

Pressemelding, 27.08.21, kl. 16.45:

Fire personar busett i Herøy har i dag testa positivt på covid-19. Dei tilhøyrer same familie. Dei var allereie sett i isolasjon.

- Smittevegen bakover er heldigvis klarlagt, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag. 

Det vert i ettermiddag/kveld sett i gang smittesporingstesting etter det som heiter «test for karantene» med antigen hurtigtest i ei gruppe i Sirlihaugen barnehage (alle foreldre er informert) og i klasse 8A ved Ytre Herøy ungdomsskule (elevar og foreldre vert informert av skulen i ettermiddag).

Det er ikkje nødvendig at andre elevar testar seg i denne omgang. Dersom det vert funne positive testar i ettermiddag/kveld vil det kunne føre til at smittesporinsgtestinga må utvidast og halde fram i morgon. Det vert gitt melding om det når svar ligg føre.

Alle barn/elevar som testar negativt i dag kan halde fram med sine fritidsaktivitetar og møte på skulen/barnehage måndag som planlagt. Det vert då gjennomført ny test også på skulen. Dei som ikkje tek test i dag må vere i karantene til måndag når dei får teke ny test. Elevane er oppmoda om å halde avstand, ikkje samle seg for mange i klynger, og passe på kvarandre.

Det vert og gjennomført smittsporingstesting i ei verksemd i kommunen i samband med dette utbrotet. Verksemda og tilsette er informert.

Pressemelding, 26.08.21, kl. 19.20:

Ein person busett i Herøy har i ettermiddag fått positivt svar på covid-19-test. Personen var alt sett i karantene. Det vert gjennomført vidare smittesporing inkludert testing i kveld og i morgon. Personar som er ramma av dette er informert frå arbeidsgjevar og smittesporingsteamet fortløpande, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Pressemelding, 26.08.21, kl. 14.40:

Ein person har i dag fått positiv test for covid-19. Personen vart sett i karantene i går som nærkontakt til ein anna person. Den vidare smittesporinga i dag har avdekka ytterlegare to nærkontaktar som er sett i karantene. Testinga av nærkontaktane held fram, opplyser kommuneoverlegen i dag. 

Alle frå Bergsøy IL sitt juniorlag som testa seg i dag fekk negativ test. Dei kan difor gå på skule og delta i sine aktivitetar fram til neste test måndag 30.08.21.

-Eg vil likevel oppmode dei om å følgje dei vanlege smittevernreglane i denne perioden, spesielt gjeld det å unngå større samlingar innandørs der avstandskravet ikkje kan oppretthaldast så lett, seier kommuneoverlegen

Hugs at følgjande framleis gjeld: Hald ein meter avstand i det offentlege rom, det gjeld alle, både vaksinerte og uvaksinerte! Hald deg heime og ta ein test ved sjølv svake symptom eller mistanke om at du har vore utsett for smitte!.

Hugs handvask!.

Pressemelding, 25.08.21, kl. 21.45:

Ein person busett i Herøy har i dag fått positivt svar på covid-19-test. Smitten kjem mest sansynleg frå Ålesundsområdet der det akkurat no er aukande smitte. Vidare sporing vil kunne avklare dette noko betre. Personen er sett i isolasjon, og 7 nærkontaktar er sett i karantene. Det vert gjennomført testing etter vanleg prosedyre komande dagar, opplyser kommuneoverlegen. Den vidare testinga og smittsporinga vil avklare om ein klarar å avgrense dette utbruddet til dei aktuelle nærkontaktane.

Ålesund kommune har no innført nye og strengare lokale reglar som eg ber publikum om å sette seg godt inn i og følgje nøye dersom ein skal opphalde seg i den regionen, oppmodar kommuneoverlegen. Det gjeld  avstand, færrast mulig personar samla i det offentlege rom, og bruk av munnbind og god handhygiene. Det er delta-varianten som er meir smittsom enn tidlegare variantar, som spreier seg i dette området.

Reglane kan du lese meir om på nettsidene til Ålesund kommune. 

Smittesporingseininga i Ørsta  melder i ettermiddag at ein av spelarane på Ørsta Il sitt juniorlag som spelte kamp mot Bergsøy IL sitt lag mandag 23.08, seinare har avgitt positiv test for covid -19. I staden for karantene gjennomfører vi no «test for karantene» med antigen-hurtigtest av Bergsøyspelarane i morgon og komande måndag. Dersom testen i morgon er negativ, kan spelarane gå på skule/arbeid fram til neste test måndag 30.08. I denne perioden skal talet på kontaktar reduserast, og gode smittevernreglar følgjast.

- Det er lite smitte knytt til deltaking i fortballkampar og trening slik at både trening og eventuelle kampar kan gjennomførast med gode smitteverntiltak i denne perioden. Det er likevel viktig at alle som kjenner det minste teikn til symptom held seg unna andre personar fram til ein ny test avklarar situasjonen. Samstundes må ein unngå samlingar av fleire personar tett på over tid, seier kommuneoverlegen.

- Dersom nokon av dei som er omfatta av dette testregimet har time for vaksinasjon måndag 30.08 kan dei ta vaksinen dersom testen same dag er negativ, opplyser kommuneoverlegen til slutt. 

25.08.21:

Informasjon: Nye vaksinasjonslokale frå måndag 30. august.

Pressemelding 24.08.21, kl. 22.20:

- Vi har i dag fått meldt fem nye tilfelle av covid-19, melder kommuneoverlegen i kveld. Det er gjennomført smittesporing, og testing av nærkontaktar vert gjennomført i morgon og frametter. Tre av tilfella heng saman og er knytt til testing etter innreise. 

To av tilfella kan sporast attende til tidlegare kjend smitte, som også er knytt til innreise frå utland etter ferieopphald.

- Dette er for så vidt beroligande at ein har klart å kartlegge smittevegen, noko som var uklart for nokre dagar sidan. Dei er sett i isolasjon, og nærkontaktar er kartlagt og vert testa, opplyser kommuneoverlegen.

Eit fotballlag frå Bergsøy IL fekk i dag melding om at ein spelar på motstandarlaget hadde testa positivt etter gjennomført kamp den 23.08. Laget er ikkje definert som nærkontaktar etter gjeldande reglar, men det vert gjort ei kartlegging av laget ved antigen-hurtgtest i morgon.  Laget, støtteapparat og føresette er informert gjennom Bergsøy IL.

- Den smitten vi har avdekt dei siste vekene er i hovudsak i dei yngre aldersgruppene. Eg vil nok ein gong oppmode om at ein følgjer dei vanlege smittevernreglane, at ein testar seg dersom ein har det minste symptom og at ein går i karantene i påvente av testsvar, seier kommuneoverlegen.

- Eg er og glad for at vi frå måndag 30.08 kan tilby alle 16- og 17-åringar vaksine i Herøy. Det er den einaste langsiktige måten vi kan redusere risikoen for sjukdom og redusere smittespreiinga, seier kommuneoverlegen til slutt.

24.08.21:

Informasjon: No kan 16- og 17-åringane få vaksine.

Pressemelding 22.08.21, kl. 14.50:

Tre personar i Herøy har i dag testa positivt på covid-19. Alle tre var i karantene anten som følgje av innreise eller kontakt med ein smitta person. Ytterlegare seks personar er sett i karantene i dag og gjennomgår standard testregime komande veke, melder kommuneoverlegen.

Pressemelding 20.08.21, kl. 10.15:

Vidare smittesporing av tilfellet av covid-19 meldt i går kveld viser at mogleg stad for smitte av denne personen kan vere Aktiv Trening Fosnavåg i perioden 9. - 13.08, melder kommuneoverlegen i dag. Det er så langt ikkje meldt fleire tilfelle som kan førast attende til treningssenteret. Personen som er smitta var ikkje smitteførande på dei tidspunkt vedkomande oppsøkte treningssenteret. 

- Eg vil oppmode alle som trenar ved treningssenteret å følgje dei retningslinjer som gjeld der, både ved at ein held seg unna om ein har sjølv svake symptom, at ein syter for godt reinhald før og etter bruk av treningsapparat slik retningslinjene for senteret tilseier, og at ein har låg terskel for å ta ein test. Aktiv Trening har gode rutinar for sitt førebyggande smittevern. Dei oppmodar på nytt alle sine besøkande å følgje dei retningslinjer som gjeld for senteret.  Dei har samarbeidd godt i denne saka, opplyser kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Pressemelding 19.08.21, kl. 20.10:

Ein person busett i Herøy har testa positivt på covid-19. Personen er sett i isolasjon. I tillegg er tre personar sett i smittekarantene og vil gjennomgå standard testopplegg i morgon og komande veke. Det er denne gongen uklart kvar smitten kjem frå, noko som er urovekkande, melder kommuneoverlegen i kveld.

- Eg vil difor oppmode alle som har berre svake symptom på luftvegsinfeksjon om å redusere kontakten sin med andre til dei har fått teke ein test og fått svar på den, oppmodar han.

Pressemelding 18.08.21, kl. 13.40:

Ein person i Herøy har fått påvist positiv covid-19-test etter innreise frå land utanfor Europa. Personen er sett i isolasjon. Ingen nærkontaktar er sett i karantene på grunn av gjennomført vaksinasjon av både 1. og 2. dose slik reglane tilseier, melder kommuneoverlegen.

18.08.21:

Informasjon: Tilrår vaksine til gravide og ammande.

16.08.21:

Informasjon: Nye karantenevilkår for barn og unge.

Pressemelding 15.08.21, kl. 15.30

Tre personar i Herøy er i går og i dag sett i smittekarantene etter påvist covid-19-tilfelle i ein annan kommune. 

Pr. 15.08.21 er 10 personar i Herøy i isolasjon og 14 personar i smittekarantene. Det vert gjennomført regelmessig testing av personar i karantene for å avdekke smitte så tidleg som råd er, opplyser kommuneoverlegen.

Pressemelding 14.08.21, kl. 19.15:

Tre personar i same familie har i dag fått positive testar for covid-19. Familien var i innreisekarantene og det er ikkje påvist andre nærkontakter. Familien er i dag sett i isolasjon, opplyser kommuneoverlegen.

13.08.21:

Informasjon: Herøy får storleveranse av vaksinar.

13.08.21:

Informasjon: Tilbake til testing ved begge legesentera.

Pressemelding 10.08.21, kl. 14.00:

Etter smittesporingstesting i går er det i dag meldt to ny positive testar hjå personar som allereie var sett i karantene. Det er vidare avdekka to nye nærkontaktar som vert følgde opp med karantene og testing.

Det er ikkje avdekka positive testar hjå handballlaget som er i karantene. Desse vert testa på nytt torsdag med venta svar fredag 13.08, melder kommuneoverlegen i ettermiddag.

Pressemelding 08.08.21, kl. 18.45:

To personar i Herøy kommune har testa positivt på covid-19. Dei går frå karantene til isolasjon då dei er nærkontaktar til den smitta som vart meldt fredag kveld. Dette gjeld barn i barne- og ungdomskulealder. Smittekjelda er ukjend så vi ber alle vere ekstra merksame på symptom og ta test. Nærkontaktar vert kontakta og sett i karantene og vil bli testa i morgon, måndag. Dette gjeld blant anna eit handballag i Bergsøy IL. Den einskilde spelar/føresette vert direkte informert av trenar og smittesporingsteamet.

Pressemelding 07.08.21, kl. 18.15:

Ein person busett i Herøy kommune har testa positivt på covid-19. Vedkomande er nærkontakt av ein tidlegare smitta, og går dermed frå karantene til isolasjon. Det er ikkje oppgitt nokon nye nærkontaktar.

Pressemelding 06.08.21, kl. 20.45:

Personen som i dag testa positivt på covid-19, har vore ved Sunnmørsbadet tysdag 03.08.21 mellom kl. 14.00 og 16.00.

Sunnmørsbadet informerer alle gjestar som var der i dette tidsromet. For dei det gjeld er det viktig å vere merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Pressemeldig 06.08.21, kl. 19.25:

Ein person i barneskulealder har i dag testa positivt for covid-19. Smittesporing er sett i gang, og det vert gjennomført testing av nærkontaktar i morgon laurdag. Personar i Herøy som får særskilt varsel frå Sunnmørsbadet kan bestille seg test i morgon på kommunen sine sider her.

Når du som forelder bestiller test til borna dine, må du skrive namn og personnummer på kvart av borna som skal ta test.

Pressemelding 05.08.21, kl. 20.00:

Ein person busett i Herøy kommune har testa positivt på covid-19. Personen er sett i isolasjon etter gjeldande reglar.

Smittekjelda er så langt ikkje kjend, men er truleg knytt til innanlandsreise. Nærkontaktar er idenitfisert og sett i karantene. Det vert gennomført testing i morgon føremiddag. 

- Den smitta er vaksinert (dose 1). Dette viser at det er viktig å teste seg ved sjølv svake symptom, sjølv om ein er vaksinert, minner kommuneoverlegen om til slutt.

Pressemelding 04.08.21, kl. 14.50:

Mannskapet på «Sanco Atlantic» har alle testa negativt ved siste test og karantena vert såleis avslutta i dag, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag.

03.08.21:

Informasjon: No har alle herøyværingar fått tilbod.

Pressemelding 03.08.21, kl. 16.40:

Ein person til busett i Herøy har testa positivt på covid-19 og er sett i isolasjon og ein person til er sett i karantene. Desse i samband med utbrotet før helga i Sande, melder kommuneoverlegen i ettermiddag.

Alle personar som er sett i isolasjon og i karantene har synt stort ansvar, og har heldt seg til dei reglar som gjeld.

Alle personar i karantene vert følgde opp med testing etter fastsett skjema eller ved symptom.

- Dei to første dagane i august er det teke 105 testar i Herøy, noko som er viktig for å få oversikt over smittesituasjonen. Er du usikker på om du har vore utsett for smitte, eller vore ein stad der det pågår utbrot, så ha låg terskel for teste deg. Det på den måten vi får best oversikt, avsluttar kommuneoverlegen.

Pressemelding 02.08.21, kl. 19.15:

To personar busett i Herøy har testa positivt for covid-19. Desse står i samanheng med eit utbrot i Sande kommune, og som mest sannsynleg har sitt opphav i det store utbrotet i Volda/Ørsta. Det er så langt avdekka 4 nærkontaktar som alle er sett i karantene og som får gjennomført testar etter vanleg prosedyre.

Pressemelding 31.07.21, kl. 22.15:

I løpet av kvelden er det kome inn negative svar på alle som sit i smittekrantene i Herøy. Det manglar imidlertid eit testsvar enno. Det er såleis ikkje, så langt, påvist smitte utover dei tre personane som for augneblinken er sett i isolasjon.

- Dette er godt nytt, opplyser kommuneoverlegen i kveld.  

Testinga av desse personane vert vidareført over helga i samsvar med fastsett plan.

30.07.21:

Informasjon: Følgjer situasjonen nøye

Pressemelding 30.07.21, kl. 16.25

Ein person som seinare testa positivt for Covid-19 i samband med utbrotet i Volda/Ørsta, besøkte Sunnmørsbadet søndag 25.07. mellom kl 1300 - 1600. Sunnmørsbadet informerer no alle gjestar som var der i dette tidsromet. For dei det gjeld er det viktig å vere merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag. Tiltak utover dette er ikkje naudsynt å sette i verk no.

Pressemelding 29.07.21, kl. 16.45

Ein person busett i Herøy har testa positivt på Covid-19. Dette tilfellet har direkte samanheng med det pågåande utbrotet i Volda/Ørsta. 6 personar i Herøy er sett i smittekarantene som følgje av dette, og det er og vert gjennomført testing av dei. Også personar i nabokommune er sett i smittekarantene som følgje av dette tilfellet, noko som vert handtert i bustadkommunen til dei det gjeld.

I tillegg er ein person i Herøy sett i smittekarantene i dag som direkte følgje av utbrot i Volda/Ørsta.

Akkurat i dag er 3 personar i isolasjon og 19 personar i smittekarantene i Herøy, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag.

29.07.21:

Informasjon: Framskundar dose to for dei som har venta lengst.

28.07.21:

Informasjon: Om smitteutbrotet i Ørsta/Volda. Oppmoding om testing.

Pressemelding 28.07.21, kl. 21.30:

Mannskapet på 12 som er sett i smittekarantene på «Sanco Atlantic» i Herøy har alle testa negativt for covid-19 i første smittesporingstesten. Det vert i samsvar med fastsett plan tekne nye testar fredag 30.07 og tysdag 04.08.21, opplyser kommuneoverlegen i Herøy i kveld.

Pressemelding 27.07.21, kl. 16.50:

Kommuneoverlegen i Herøy i samarbeid med reiarlaget Sanco Shipping, opplyser følgjande:

Mannskapet på skipet Sanco Atlantic, tilhøyrande reiarlaget Sanco Shipping i Sande, er sett i smittekarantene etter at to av nytt mannskap som kom ombord 20.07 testa positivt for covid-19 den 26.07. Skipet ligg til kai ved Herøyterminalen i Herøy. Av forsiktigheitsgrunnar har kommunneoverlegen i Herøy, i nært samarbeid med FHI og reiarlaget, valt å sette heile mannskapet i karantene. Dei to av mannskapet som testa positivt er sett i isolasjon på annan opphaldsstad og vert tekne hand om der av reiarlaget. Det vert gjennomført smittesporingstesting av mannskapet i dag 27.07, fredag 30.07 og tidleg neste veke. Resultatet av testane avgjer kva vidare tiltak som vert sett i verk.

Pressemelding 27.07.21, kl. 09.50:

Situasjonen med mogleg smitte i samband med utbrot i annan kommune er heldigvis allereide avklara, opplyser kommuneoverlegen.

Det ligg føre negativt svar allereide no i formiddag, og situasjonen er såleis avklara på ein god og rask måte i denne saka, seier han.

Pressemelding 27.07.21, kl. 09.00:

I samband med smitteutbrot i annan kommune vert det i dag gjennomført smittesporingstesting av fleire personar, opplyser kommuneoverlegen. Det er forventa resultat av tekne prøver i ettermiddag og i morgon. seier han.

I tillegg vart dei i natt meldt at to personar som kom til Noreg og Herøy for ei veke sidan har testa positivt på covid-19 under karanteneopphald. Desse to personane er del av eit mannskap på båt som ligg ved kai i Herøy. Båten med mannskap på 14 personar er difor sett i karantene til ein har fått betre oversikt over situasjonen i løpet av dagen, seier kommuneoverlegen i ei melding i dag.

Pressemelding 25.07.21, kl. 16.30:

2 personar som kom til Herøy 21.07.21 er i dag sett i smittekarantene etter varsel om smitte ombord i fly frå Oslo til Ålesund 21.07.21.

Begge personar testa negativ ved innreise til Noreg, og var i innreisekarantene frå 21.07.21. Det vert gjort ny test ved avslutting av smittekarantenen, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag.

Pressemelding 21.07.21, kl. 14.00:

Ein person busett i Herøy er sett smittekarantene etter kontakt med smitta person annan stad i landet. Det vert gjennomført nødvendig testing for vidare avklaring av situasjonen, melder kommuneoverlegen i ettermiddag.

Pressemelding 06.07.21, kl. 22.13:

Seks personar i Herøy er i dag sett i smittekarantene i Herøy i samband med eit nyoppdaga tilfelle av Covid-19 i Ulstein, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Det er viktig framleis å ha lav terskel for å teste seg, oppmodar kommuneoverlegen. Har du sjølv vage symptom som snue, hoste, magesmerter, endra smakssans, eventuelt feber, er det framleis viktig å halde avstand til andre og ta ein test snarast råd.

Det er den måten vi kan klare å hindre større utbrot av smitten i lokalsamfunnet, oppmodar kommuneoverlegen til slutt.

Pressemelding 30.06.21, kl. 16.30:

Ein person som oppheld seg i Herøy i samband med feriereise har testa positivt på Covid-19.

Testen vart utført i går då personen vart definert som nærkontakt ved utbrot annan stad i Norge. Det er gjennomført smittesporing i Herøy, og ein person er sett i smittekarantene. Det vert gjennomført smittesporingstesting av 6 personar i morgon. Fem av disse personane er fullvaksinerte, og vert såleis ikkje sett i smittekarantene. Dei vert bedne om å avgrense kontakt med andre til det ligg føre svar på testen, opplyser kommuneoverlegen.

 

Pressemelding 30.06.21, kl. 12.00:

Person som testa positivt før helga, har no testa negativt og er dermed ute av isolasjon frå i dag.

Pressemelding 27.06.21, kl. 21.15:

Ein person i innreisekarantene har i dag 27.06.21 fått meldt positiv test på covid-19. Personen vert sett i isolasjon, og vert følgd opp på vanleg måte. Sidan vedkomande var i innreisekarantene er det heller ikkje avdekka nærkontaktar.

23.06.21:

Informasjon: Noreg blir ein del av EU si løysing for koronasertifikat

23.06.21:

Informasjon: – Tilpass deg vaksinasjon i sommar og snakk med borna dine

20.06.21:

Informasjon:Regjeringa held fram gjenopninga.

15.06.21:

Informasjon: Skal du studere i utlandet i haust? Vi vil kontakte deg og gi deg tilbod om vaksine i veke 24 eller 25.

14.06.21:

Informasjon: Samla nei om å tilby Janssen-vaksinen.

11.06.21:

Informasjon: Reglar for innreise til Noreg.

Pressemelding 09.06.21, kl. 11.30:

Personen som vart sett i smittekarantene den 08.06 hadde første test negativ. Ventekarantene for hushaldninga og medarbeidarar er difor oppheva. Personen held fram i smittekarantene i samsvar med regelverket.

Ein person busett i Herøy vart sett i smittekarantene den 09.06 om kvelden. Ingen personar er sett i ventekarantene. Personen vert følgd opp med vanleg testregime.

08.06.21:

Informasjon: Slik blir vaksineringa i veke 24.

Pressemelding 08.06.21, kl. 10.30:

Ein person busett i Herøy er sett i smittekarantene. Familie er sett i ventekarantene. Det vert gjennomført testing i dag, opplyser kommuneoverlegen.

02.06.21:

Informasjon: No startar vi å vaksinere dei under 65 år.

01.06.21:

Informasjon: Opnar for treningskampar.

26.05.21:

Informasjon: Går over på grønt nivå i skular, SFO og barnehagar.

25.05.21:

Informasjon: Fått SMS, men kan ikkje få vaksine då?

21.05.21:

Informasjon: Går til andre steg i gjenopninga

20.05.21:

Informasjon: Får om lag 270 førstegongsdosar i veke 22.

Pressemelding 18.05.21, kl. 09.00

To personar frå Herøy vart den 17.05 sett i smittekarantene etter mogleg kontakt med smitta annan stad i landet. Ytterlegare tre personar vart sett i ventekarantene i påvente av svar på testar som vert tekne i dag 18.05.21, melder kommuneoverlegen.

Pressemelding 15.05.21, kl. 13.00.

Ein person busett i Herøy, testa positivt for covid-19 ved innreise til Noreg den 14.05.21. Personen er sett i isolasjon på karantenehotell i Noreg.

12.05.21:

Informasjon: Om lag 350 vaksinedosar i veke 20.

06.05.21: 

Informasjon: Ta høgde for koronavaksinen i sommarferien.

05.05.21:

Informasjon: Er du student og lurer på kvar du skal ta vaksine?

04.05.21:

Informasjon: Unntak frå smittekarantene for koronavaksinerte

03.05.21:

Informasjon: Snart startar vi med sjølvbestilling - du får SMS når du kan bestille

30.04.21: 

Informasjon: Vi tilpassar vaksinasjon for deg som jobbar på sjø

28.04.21:

Informasjon: Får om lag 320 vaksinedosar neste veke.

Pressemelding 26.04.21, kl. 17.15:

Personen som før helga testa positivt for covid-19 på ein hurtigtest, fekk i dag negativt svar på ein ordinær kontrolltest. Personen har såleis ikkje vore smitta av covid-19 likevel, noko som er særs gledeleg både for den det gjeld og oss, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag. Det er såleis ingen frå Herøy som har testa positivt etter utbrotet i Ålesund sist veke. 

Situasjonen i Ålesund stiller likevel framleis krav til oss, seier kommuneoverlegen til slutt.

Sjå tidlegare melding.

Pressemelding 26.04.21, kl. 17.00:

Info: Smitte i Ålesund gir konsekvensar for besøk i Herøy.

26.04.21: 

Informasjon: Alle som har fått AstraZeneca-vaksinen får no andredose Pfizer

Pressemelding 22.04.21, kl. 17.00:

I samband med eit nyoppdaga smitteutbrot knytt til restauranten "ANNO" i Ålesund, er det i dag påvist ein positiv test i Herøy. I Ålesund er det til no avdekka 5 positive tilfelle i dette utbrotet. Vedkomande er sett i isolasjon og nærkontaktar informert og sett i karantene, opplyser kommuneoverlegen i ettermiddag. Det vert sett i verk smittesporingstesting for å avklare det vidare omfang. I samband med same utbrotet er ytterlegare 3 personar frå Herøy, til dels busett i Ålesund, testa og sett i karantene.

Vidare et det påvist ein svak positiv test i samband med kontrolltesting på dag 7 av ein person i innreisekarantene. Dette kan ha samanheng med eventuelt tidlegare gjennomgått covid-19.Personen held fram i karantene til dette er avklara.

21.04.21:

Informasjon: Får om lag 370 vaksinedosar neste veke.

Pressemelding 13.04.21, kl. 20.45:

I samband med smitteutbrotet i Ørsta er tre personar busett i Herøy sett i karantene, og desse personane sine husstandar er sett i ventekarantene. Det er sett i verk testing for å avklare situasjonen nærmare, opplyser kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen, i kveld.

- Eg vil på nytt oppmode om at alle som mistenker at dei kan ha vore utsett for smitte, som kjem attende frå reiser i område med høgare smittepress eller som har berre vage symptom på luftvegsinfeksjon, testar seg, avsluttar kommuneoverlegen.

13.04.21:

Informasjon: Førebur oss på større vaksineleveransar.

13.04.21:

Informasjon: Regjeringa startar gjenopning.

Pressemelding 08.04.21, kl. 21.00:

Alle testane på covid-19 som var tekne i går av elevar og tilsette ved Herøy vidaregåande skule har kome på svar på, med negativt resultat, opplyser kommuneoverlegen no i kveld.

- Alle dei testa personane går ut av karantene i kveld. Det vert ikkje sett i verk andre tiltak i Herøy utover ei generell oppmoding til alle om å melde seg for test så snart ein har mistanke om at ein har vore utsett for smitte, eller berre har svake symptom.

Pressemelding 07.04.21, kl. 20.20:

I samband med den vidare smittesporinga knytt til positiv test hjå ein elev ved Herøy vidaregåande skule, er smittekjelda klarlagt.

Gjennom ytterlegare smittesporing i ettermiddag og kveld er det ikkje avdekka fleire nærkontaktar i Herøy kommune.

- Testresultata i morgon vil vidare avgjere kva tiltak som må settast i verk, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Han kommenterer vidare:

- Vi har registrert at fleire ungdomar som ikkje er definert som nærkontaktar har meldt seg til testing i morgon. Dette bidreg til å gi oss gode tilleggsopplysingar. Situasjonen no ser ut til å vere oversiktleg, og vi får no avvente dei resultata som er venta å kome i morgon kveld.

På generelt grunnlag oppmodar han alle som har mistanke om at dei har vore utsett for smitte, eller som berre kjenner på svake symptom, om å teste seg.

Pressemelding 07.04.21, kl. 14.50:

I samband med at ein elev ved Herøy vidaregåande skule testa positivt på covid-19, er det no gjennomført smittesporingstesting av den aktuelle klassen og det personalet som var i klassen i perioden 25. - 27.03.21 (17 personar).

Smittesporingsteamet i Ørsta/Volda følgjer opp smittesporinga der eleven bur. Den aktuelle eleven fekk sjukdomssymptom 27.03.21, altså etter at påskefri hadde starta. Eleven vart testa først 06.04.21, og positivt svar låg føre i dag 07.04.21.

- Sjølv om siste kontakt på skulen var for 12 dagar sidan, har vi ut frå gjeldande retningslinjer gjennomført smittesporingstesting og karantenesetting av dei vi har definert som nærkontaktar på skulen. Vi forventar svar på dagens testar i morgon kveld, opplyser kommuneoverlegen.

Slik situasjonen framstår i dag er det ikkje grunnlag for ytterlegare tiltak som t.d. testing av alle elevar og tilsette ved skulen, eller stenging av skulen. Elevar og tilsette skal halde seg til dei gjeldande smittevernreglar som gjeld for skulen. Det vert gjort nye vurderingar når testsvar ligg føre.

Skulen held fram med gult nivå i sitt smittevern, og råd og retningslinjer for bruk av handsprit og munnbind er gjeldande som før. Med unntak av dei som er sett i kartene, møter elevar og personalet på skulen som normalt i morgon torsdag.

Men hugs: Er du sjuk skal du ikkje møte på skulen, og du skal melde deg til testing der du bur. Vask hendene så ofte som råd er, bruk munnbind der du ikkje kan overhalde avstandskravet på 2 meter.

Pressemelding 07.04.21, kl. 11.20:

Ein elev ved Herøy vidaregåande skule har i dag testa positivt på covid-19.

Eleven har ikkje vore ved skulen sidan 25.03.21, og vart sjuk to dagar seinare.

Det vert i dag gjennomført smittesporingstesting av klassa og relevant personale ved skulen.

Alle som er testa i dag skal vere i karantene til testsvar ligg føre, opplyser kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

- Eg vil oppmode alle ungdomar som berre har svake symptom på luftvegsinfeksjon om å ta ein test, seier kommuneoverlegen

Du kan bestille time for testing her.

06.04.21:

Informasjon: Om lag 270 nye personar får koronavaksinen neste veke.

Pressemelding 02.04.21, kl. 15.45:

Alle dei 13 personane som vart testa i går torsdag, fekk negativt svar på sine testar i ettermiddag. Dei kan såleis avslutte karantenen sin i dag som er dag 8 etter nærkontakt. Samstundes vert hushaldningane sin ventekarantene avslutta, opplyser ein letta kommuneoverlege.

Pressemelding 01.04.21, kl. 20.45:

Alle 6 personar i Herøy som var sett i karantene i samband med utbrot av covid-19 i Sande, har fått negativt testsvar. Dei kan såleis gå ut av karantene i kveld, melder kommuneoverlegen.

Pressemelding 31.03.21, kl. 22:50:

I samband med den pågåande smittesporinga i Herøy i kveld er det avdekka 13 nærkontaktar. Det er sett opp smittesporingstesting i morgon føremiddag for desse. Nærståande personar til nærkontaktane (same hushald) er sett i ventekarantene til testsvar ligg føre. Ingen av nærkontaktane har oppgitt nokon form for symptom på sjukdom. Smittekjelde er kjend, og situasjonen er oversiktleg.

- I slike konkrete saker så ser vi at godt og systematisk førebyggande smittevern bidreg til å redusere omfanget av slike utbrot, seier kommuneoverlegen, som også finn grunn til rose arbeidsgjevar og dei det gjeld for godt samarbeid.

Pressemelding 31.03.21, kl. 19:10:

Ein person busett i Ulstein, som har sin arbeidsplass i Herøy, har testa positivt for covid-19. Det er sett i gang smittesporing med utgangspunkt i arbeidsplassen, og det vert gjennomført smittesporingstesting av alle nærkontaktar i morgon føremiddag. Det vert no arbeidd med å kartlegge nækontaktar og nærståande til desse. Det er ikkje enno fastslått kor mange som er berørt av dette utbrotet. Smittekjelde er identifisert og isolert. Smitten er ei forgreining frå utbrot ein anna stad i Noreg. Det vert gitt ny informasjon i kveld når alle nærkontaktar er identifisert. Alle nærkontaktar vert sett i smittekarantene og alle deira nærstǻande vert sett i ventekarantene til testsvar ligg føre.

31.03.21:

Informasjon: No ringer vi alle frå 66 - 74 år.

Pressemelding 31.03.21, kl. 11.30:

Familien frå Herøy som vart sett i karantene i samband med utbrotet i Sande, testa alle negativt på hurtigtesten i dag. Karantenen vert forlenga til endeleg svar ligg føre i morgon kveld. Deira karantenetid er rekna frå siste kontakt med dei smitta som var for 10 dagar sidan.

Pressemelding 30.03.21, kl. 22.30:

I samband med påvist smitte i Sande kommune i kveld 30.03.21 er ein familie i Herøy sett i karantene, og det vert gjennomført testing i morgon onsdag. Vidare tiltak utover karantene vert vurdert når testsvar ligg føre, melder kommuneoverlegen.

29.03.21:

Informasjon: Om innkalling av aldersgruppa 18 - 64 år som er prioritert for vaksinasjon.

26.03.21:

Informasjon: Får vaksinere fleire etter påske.

Pressemelding 24.03.21, kl. 21.15:

Ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19 etter innreise til Noreg. Testen vart teken under opphald i karantenehotell den 22.03.21. Isolasjon vert gjennomført i samsvar med regelverket. Det er ingen nærkontaktar og såleis har det ikkje vore naudsynt å sette nokon i karantene, opplyser kommuneoverlegen.

Pressemelding 24.03.21, kl. 21.00:

I samband med oppfølgjing av elevar frå Stokksund skule i helga og måndag, vart det til saman teke 118 testar. Ingen av desse viste positivt resultat, opplyser kommuneoverlegen. Skulen gjekk såleis attende til normal drift onsdag 24.03.21.

Pressemelding 23.03.21, kl. 12.45:

Dei fire elevane frå Stokksund skule som vart testa søndag 21.03.21 har fått negativt svar på sine testar. Det vil seie at dei ikkje var smitta av covid-19.  Det er tryggande, seier kommuneoverlegen i ein kommentar. Svar på alle testane som var tekne måndag 22.03.21 av øvrige elevar, lærarar og føresette er pårekna å ligge føre i løpet av kvelden. Vidare tiltak er avhengig av kva som vert resultatet på desse testane. Ny informasjon kjem så snart dette er avklara.

22.03.21:

Informasjon: Oppdaterte råd for påska!

Informasjon: Påbod om munnbind på ferje og hurtigbåt

Pressemelding 21.03.21, kl 16.30:

Fleire elevar frå 9.klasse ved Stokksund skule har teikn til luftvegsinfeksjon etter leirskuleopphald på Bjorli sist veke. Det er i dag teke antigen-hurtigtestar av fire elevar med symptom. Desse fire testane viste negative resultat. Det vil seie ikkje teikn til covid-19.  Det er også teke ordinære testar, som er sendt til analyse ved Molde sjukehus. Svar på desse får vi først i morgon kveld, måndag.

Slik situasjonen er i dag, har kommuneoverlegen fastsett følgjande:

1. Alle elevar og deira føresette/søsken/husstand vert bedne om å bestille time for testing ved Myrvåg legesenter i morgon føremiddag. Bestilling av test gjer ein elektronisk på kommunen sine heimesider. Gjerne i dag.

2. Elev og husstand vert tilrådd å vere i ventekarantene heime til svar på testar tekne i morgon måndag ligg føre tysdag kveld.

3. Elevane i 9.klasse og lærarane som deltok på leirskulen, møter ikkje på skulen måndag og tysdag.

Det er ikkje nødvendig med tiltak ut over det som her er skildra. Ved endring i situasjonen vert det gitt ny informasjon.

Pressemelding 21.03.21, kl. 14.00

Fleire elevar frå Stokksund skule som deltok på leiropphald på Bjorli sist veke har fått luftvegssymptom. Det er sett i verk undersøking av kva som er årsak til dette. I samsvar med «føre var»-prinsippet har kommuneoverlegen rådd til att 9. klasse og lærarar ved Stokksund skule som var med på turen, ikkje møter på skulen måndag 22.03.21. Det vert gitt ny informasjon i kveld når ein får meir oversikt over situasjonen.

18.03.21: 

Informasjon: Neste veke får vi 160 vaksinedosar.

Pressemelding 17.03.21, kl. 09.30:

Også dei siste to nærkontaktane vi fekk melding om i samband med utbrotet i Volda/Ørsta før helga, har fått negativt svar på sin første test, melder kommuneoverlegen. Som alle nærkontakter vert også desse følgt opp med ny test på dag 7 etter kontakttidspunktet. Svar på desse vil ligge føre nærmare helga.

Pressemelding 14.03.21, kl. 22.45:

To personar er sett i smittekarantene i Herøy i kveld søndag 14.03 etter påvist smitte i ei klasse ved Volda vidaregåande skule fredag 12.03. Det vert gjennomført testing i morgon. Husstandane til desse to personane er og sett i ventekarantene i påvente av testresultat som kjem tysdag 16.03 om kvelden, melder kommuneoverlegen no i kveld.

Pressemelding 14.03.21, kl. 21.00:

Alle 7 personane som vart sett i smittekarantene i Herøy i samband med utbrotet i Ørsta/Volda, fekk negativt testsvar, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Dei held fram med smittekarantenen sin til neste test på dag 7 etter siste kontakt med smittekjelda. Husstandane kan gå ut av ventekarantene dersom smittekarantene kan gjennomførast uten at det er kontakt mellom medlemane i husstanden, slik reglane tilseier og som alle er informert om.

Pressemelding 14.03.21, kl. 17.00:

Ventekarantene for Herøy kulturskule vert oppheva.

Person som var nærkontakt til smittekjelde i Volda/Ørsta, har testa negativt. Alle personar som vart sett i ventekarantene i samband med Herøy kulturskule sitt arrangement i går laurdag, kan difor gå ut av ventekarantene og vende attende til normal aktivitet, melder kommuneoverlegen søndag ettermiddag.

Pressemelding 13.03.21, kl. 23.10:

7 PERSONAR FRÅ HERØY SETT I KARANTENE I SAMBAND MED SMITTEUTBROTET I VOLDA/ØRSTA.

Smittesporingsteamet i Herøy fekk den 13.03.21  kl. 22.00 følgjande melding frå smittesporingsteamet i Volda/Ørsta:

7 personar frå Herøy er definert som nærkontaktar til påvist smitta person i Ørsta/Volda. Nærkontakten var den 10.03 eventuelt også 11.03. Alle personane og deira husstand er informert om følgjande tiltak:

- Nærkontaktane er sett i smittekarantene i 10 dagar frå siste kontaktdato. Alle nærkontaktane har teke test 13.03, og vert testa på nytt på dag 7 i karantenetida.

- Alle hustandsmedlemmar og andre personar som har hatt kontakt med dei 7 nærkontaktene vert sett i ventekarantene til svar på første test ligg føre (kveld 14.03).

Smittekarantenen kan gjennomførast heime, men slik at ein unngår kontakt med resten av husstanden eller andre, for å sikre at ingen vert smitta dersom smitte skulle oppstå i løpet av smittekarantenen. Dersom det oppstår sjølv svake symptom både hjå dei som er i smittekarantene og dei som desse har hatt kontakt med etter 10.03, må det takast test så snart som råd er.

Informasjon om karantenereglane finn ein her.

- No er det viktig for oss alle å ha låg terskel for å ta ein test, seier kommuneoverlegen. Test bestiller ein på kommunen sine heimesider her.

 

Pressemelding 13.03.21, kl. 17.40:

Folkehelseinstituttet melder i ettermiddag, laurdag 13.03.21, at det er meldt fleire tilfelle av alvorleg biverknadar etter vaksinasjon med AstraZeneca-vaksinen. I Herøy vart denne vaksinen nytta siste gong for ni dagar sidan (04.03) og då i all hovedsak til helsepersonell, men også nokre i aldersgruppa 55 - 64 år.

- Eg vil oppmode dei som opplevde uføresette biverknadar som f.e. hudblødningar, langvarig sjukdomskjensle utover tre dagar, uvanleg hovudverk e.l. å melde dette til sin fastlege. Det er viktig vi får registrert dette. Dersom nokon fortsatt har slike symptom, bed eg om at dei evtl kontaktar legevakt eller sin fastlege, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Situasjonsrapport 13.03.21, kl. 11.00:

Det planlagde kulturskulearrangementet ved Fosnavåg konserthus laurdag ettermiddag (13. mars) er avlyst som følgje av at fleire av deltakarane er sett i «ventekarantene».

Situasjonen er følgjande:

Ein elev som deltok i generalprøva fredag ettermiddag (12. mars) fekk seinare på kvelden melding om at vedkomande var definert som nærkontakt til ein person i Ørsta/Volda som hadde fått positivt testsvar same kveld.

- Fordi det kan vere snakk om spreiing av den engelske varianten av viruset, set vi verk ekstra tiltak, seier kommuneoverlegen. Alle som deltok i den siste generalprøva fredag kveld får personleg beskjed om å å gå i «ventekarantene» direkte frå kulturskulen. Det betyr at dei er i heimekarantene til vi kjenner prøvesvaret frå den eleven som er nærkontakt.

Kulturskulen har i samråd med kommuneoverlegen utsett dagens arrangement.

- Eg vil gi ros til kulturskulen, både leiinga og elevane, for at dei handlar raskt når situasjonen oppstår, seier kommuneoverlegen.

Til alle elevar, foreldre og tilsette:

- Alle som skal i ventekarantene får personleg beskjed frå kulturskulen. Ventekarantene betyr at du ikkje har nærkontakt med andre enn dei du bur samen med fram til situasjonen er avklara.

Alle andre skal følgje dei vanlege smittevernreglane om god handhygiene, så få kontakter som råd er, og vere oppmerksom på symptom på forkjøling og liknande som dukkar opp. Ver då snar og ta ein test, seier kommuneoverlegen til slutt.

11.03.21:

Informasjon: Pausar AstraZeneca-vaksinen.

Informasjon: No får du frå 75 – 79 år tilbod om vaksine.

03.03.21:

Informasjon: Endring i vaksinestrategi gir små konsekvensar.

25.02.21: 

Informasjon: Er du over 80 år og ventar på telefon? Då må du vente litt til før du får time til vaksinasjon.

22.02.21:

Informasjon: Herøy kommune ringer også alle frå 75 - 79 år.

19.02.21:

Informasjon: Endringar i nasjonale tiltak.

18.02.21:

Informasjon: Skal du på tur i vinterferien?

18.02.21: 

Informasjon: AstraZeneca-vaksinen til Herøy neste veke.

17.02.21: 

Informasjon: Er du helsepersonell og/eller ventar på koronavaksine?

11.02.21:

Informasjon: Kvar ligg vi an i løypa med koronavaksinen?

Situasjonsrapport 10.02.21:

PRESSEMELDING: Fire personar som vart sett i smittekarantene laurdag 06.02, hadde og negative svar på dei vanlege PCR-testane. Dette er godt nytt, seier kommuneoverlegen, som opplyser at då er situasjonen avklara og under kontroll. Det vert også teke testar ved slutten av smittekarantenen over komande helg.

Situasjonsrapport 08.02.21:

PRESSEMELDING, 08.02.21 kl. 14:36

Regjeringa har saman med fleire regionar og kommunar sett i verk strenge tiltak for å bekjempe spreiing av fleire typar virusmutasjonar. No sist er tiltak i Bergensområdet og Vestland fylke.

Eg vil difor gjenta dei råd som gjeld ved reiser til og frå slike områder, seier kommuneoverlegen:

  • Reis til og frå eit område med særskilde tiltak berre om du absolutt må. Fritidsreiser vert frårådd.

Har du likevel vore på reise så følg disse råda dei første ti dagane:

  • Hald 2 meters avstand til alle du møter.
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
  • Får du symptom så hald deg borte frå arbeid og ta ein test.
  • Bestill time til testing etter 6-8 dagar sjølv om du ikkje har symptom.

Situasjonsrapport 07.02.21:

PRESSEMELDING, 07.02.21 kl. 16.45.

I samband med smittesporing etter positivt Covid-19-test i Herøy i går, har alle fire nærkontaktane testa negativt på Covid-19 ved antigen-hurtigtest. Ordinære prøver er i dag sendt laboratoriet, og svar er forventa i morgon kveld. Ingen fleire er sett i smittekarantene, og situasjonen er oversiktleg.

Situasjonsrapport 06.02.21:

PRESSEMELDING, 06.02.21 kl. 16.15.

Ein person som kom frå utlandet til Herøy den 29.01.21 og testa negativt då, har den 05.02.21 testa positivt for covid-19. Personen var i innreisekarantene, og er no sett i isolasjon. Fire personar i same hushaldning er sett i smittekarantene. Det vert gjennomført testing av desse over helga og før avslutning av karantenetida. Smittesporinga har så langt ikkje avdekka andre nærkontaktar. Arbeidsgjevar er informert og samarbeider godt.

29.01.21:

Informasjon: Får vaksinere fleire neste veke.

Informasjon: Mange registrerer seg.

 

28.01.21:

Informasjon: Innfører dei strengaste innreisereglane til Noreg sidan mars i fjor.

25.01.21:

PRESSEMELDING, kl. 14.30 - presisering frå 23.01.21: Om utbrot av mutert virus i Nordre-Follo

23.01.21:

PRESSEMELDING, 23.01.21 KL 10.30.

Regjeringa har frå i dag 23.01.21 kl. 1200 sett i verk strenge smitteverntiltak i ti kommunar i sentrale austlandsområdet. Dette skuldast smitteutbrot med ein særs smittsam virusvariant.

Pressemelding: Nye smitteverntiltak på austlandet.

Tiltaka har som mål å avgrense dette utbrotet til dei aktuelle kommunane, og hindre spreiing til resten av austlandsområdet og landet forøvrig.

Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå disse områda både i arbeid og fritid. Kommuneoverlegen oppmodar difor alle som har vore på reise i sentrale austlandsområdet dei siste 4 dagane om følgjande:

  • Hald 2 meters avstand til alle du møter.
  • Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
  • Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
  • Bestill time til testing i veka som kjem sjølv om du ikkje har symptom.

21.01.21:

Informasjon: Følgjer nasjonale føringar for skjenking.

19.01.21:

Informasjon: Opnar bygg for aktivitet etter skuletid.

19.01.21:

Informasjon: Snart ringer vi deg over 80.

19.01.21:

SMS til alle innbyggjarar i Herøy: "Herøy kommune startar no å vaksinere personar over 80 år. Desse vil bli kontakta pr. tlf. for å avtale tid for vaksinering, og skal ikkje sjølve ta kontakt".

Situasjonsrapport 17.01.21, kl. 21.30:

Ein person i innreisekarantene i Herøy testa positivt for covid-19 fem dagar etter innreise til Noreg. Personen er sett i isolasjon. Tre personar er i tillegg sett i smittekarantene. Det er ikkje avdekka andre nærkontaktar. Gjennom nært samarbeid med arbeidsgjevaren er situasjonen oversiktleg og under kontroll, opplyser kommuneoverlegen.

15.01.21:

Informasjon: Plan for vaksinering i veke 3.

Situasjonsrapport 15.01.21:

To personar i innreisekarantene i Sande har testa positivt for covid-19. Dei vart som følgje av bustadsituasjonen sett i isolasjon i Herøy i går kveld. Ytterlegare to personar er også sett i smittekarantene i Herøy, samstundes. Det er ikkje avdekka ytterlegare nærkontaktar.

- Situasjonen er oversiktleg og under kontroll, opplyser kommuneoverlegen i Herøy.

14.01.21:

Informasjon: Om dei ulike koronavaksinane

Situasjonsrapport 11.01.21:

Ein person busett ved Herøy omsorgssenter døydde i dag 11.01.21. Det er fem dagar etter første dose med vaksine mot covid-19.

Pårørande er varsla.

- Det er viktig for oss å avdekke om vaksineringa, og belastninga den kan ha medført, kan ha vore ei medverkande årsak til dødsfallet, i tillegg til personen sin helsetilstand, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Det er i samsvar med gjeldande regelverk sendt melding til Folkehelseinstituttet som vil ha ein grundig gjennomgang av dødsfallet.

Situasjonsrapport 10.01.21, kl. 18.30:

Ein person busett i Herøy har testa positivt for covid-19 ved innreise til Noreg. Personen var i innreisekarantene, og vert no sett i isolasjon. To personar er sett i smittekarantene i samband med dette tilfellet, melder kommuneoverlegen.

Situasjonsrapport 08.01.21, kl. 22.00:

Ein person i innreisekarantene i Herøy har ved innreise testa positivt for covid-19. Personen er sett i isolasjon og 31 andre personar er sett i smittekarantene. Gjennom godt samarbeid med arbeidsgjevar har ein oversikt og kontroll på situasjonen, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

08.01.21:

Informasjon: Kommunane får koronavaksine fordelt på personar i risikogruppe

08.01.21:

Informasjon: Planen klar for neste vekes vaksinering.

06.01.21: 

Informasjon: Vi startar å vaksinere i dag

Situasjonsrapport 06.01.21, kl. 12.00: 

Alle som var sett i karantene i samband med smittesporinga gjennomført 25.12.20, er no ute av karantene. Det er ikkje påvist vidare smitte ut frå dette tilfellet.

I dag sit sju personar i smittekarantene i Herøy. Desse er knytt til to ulike utbrot andre stadar i landet. Dei første testane av desse personane er alle negative. Det vert teke nye testar i slutten av karanteneperiodene, som vert avslutta seinast 11.01.21.

Situasjonsrapport 03.01.21:

Smittevernråd for januar - aukande smitte gir høgare risiko.

Situasjonsrapport 02.01.21, kl. 16.30.

Kommuneoverlegen fekk i dag kl 14.30 melding frå Bergen kommune om at ein person som var på besøk i Herøy fram til 01.01.21 har testa positivt for Covid-19. Test var teke i Bergen 01.01.21 på grunn av symptom på forkjøling som kom 01.01.21. Svar på test kom i dag 02.01.21. Det er i samsvar med sentrale faglege retningslinjer gjennomført smittesporing 48 timar bakover i tid frå symptom på sjukdom oppstod, altså til og med 30.12.20. Alle nærkontaktar innanfor denne perioden er inforrmert og sett i karantene frå siste kontaktdato. Det vert gjennomført testing av nærkontaktar 04.01.21, og ved slutten av karantenetida for den einskilde.
 

Situasjonsrapport 30.12.20, kl.11.50:

- I samband med smittesporinga i Herøy i jula, er det ingen som har testa positivt i etterkant. Noko vi er særs glade for, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Dei alle fleste avsluttar si karantenetid den 30.12.20. Det gode samarbeidet med alle som fekk julefeiringa påverka, inkl. Aktiv Trening Herøy, har gjort arbeidet vårt enklare.

Smittetala i Noreg stig. Det førebyggane smittevernet er difor framleis like viktig.  

Når nyttårsmarkeringa står for døra, så hugs:

- Ver frisk om du skal vere saman med andre. Hald deg heime om du er sjuk!

- Ver så få som mogleg saman, og helst berre dei du er saman med til vanleg!

- Hald avstand, også ved midnatt på nyttårsaftan!

- Vask hendene!

- Pass på kvarandre!

Den første veka i det nye året startar vi vaksinering også i Herøy. Det gir håp om endring frå sommaren 2021!

Godt nytt år!

29.12.20:

Informasjon/pressemelding: Ikkje gå glipp av viktig informasjon om vaksinasjon!

28.12.20:

Informasjon: Herøy kommune startar vaksineringa i veke 1.

Situasjonsrapport 26.12.20, kl. 22.30:

Alle testane tekne i samband med smittesporinga etter ein positiv test for Covid-19 i Herøy i går, var negative. Det står framleis att nokre få testar som vert tekne over helga, opplyser kommuneoverlegen. Elleve personar som berre deltok i gruppetime ved Aktiv Trening Fosnavåg den 21.12.20 på det aktuelle tidspunktet, kan avslutte si karantene. Dei får individuell melding om dette. Alle øvrige må følgje dei karantenebestemmelsane som gjeld fram til sluttdato dei har fått opplyst av smittesporingsteamet.

Situasjonsrapport 26.12.20, kl. 11.30:

Som oppfølgjing av den positive testen for Covid-19 i Herøy i går, er det i dag utført 45 testar av definerte nærkontaktar. Nokre nærkontaktar vert i tillegg følgde opp i sine respektive bustadkommunar. Testane vert i dag transportert til Molde for analysering. Dersom alt går etter planen vil svar på desse ligge føre seint i kveld eller i morgon tidleg.

Situasjonsrapport 25.12.20, kl. 21.30:

I samband med den påviste positive testen for Covid-19 i Herøy i dag, har smittesporingsteamet så langt avdekka over 50 nærkontaktar. Dette talet kan stige då arbeidet held fram utover kvelden. Alle nærkontaktar vert kontakta og sett opp til testing i morgon føremiddag. Det høge talet på nærkontaktar har samanheng med at sporinga har ført til at over 30 personar som trena ved Aktiv Trening Fosnavåg er definert som nærkontaktar. Alle desse er informert direkte frå Aktiv Trening, og vert fortløpande kontakta av smittesporingsteamet. Også ein lege ved Herøy legesenter er sett i karantene.

Sporinga har forgreinigar til fleire kommunar i området vårt, og i andre delar av landet.

Til deg som har hatt kontakt med nærkontaktar:

Dersom du har eller har hatt kontakt med nokon som er nærkontakt skal du følgje dei vanlege smittvernreglane: Hald avstand, vask hendene, hald deg heime om du er sjuk og bestill time for test. Arbeider du i helsetenesta, så informerer du din overordna. Er du frisk og er på jobb, bruk munnbind ved pasientkontakt, og følg dei vanlege smittevernreglane.

Informasjon til dei som skal testast:

Testinga skal foregå ved Herøy legesenter. Alle som skal møte til test køyrer inn frå Sjukeheimsvegen slik skilta viser. Testinga foregår i bil på vanleg måte framfor legesenteret.

Situasjonsrapport 25.12.20, kl. 16.45:

Kommuneoverlegen i Herøy fekk i dag 25.12.20  kl. 15.00 melding om at ein person busett i Herøy har testa positivt for Covid-19. Opphavet for smitten er ukjend. Det sett i gang smittesporing. Vi kartlegg no fortløpande nærkontaktar, og det vert utført testing av desse i morgon 26.12.20 kl. 10.00 ved Herøy legesenter.

Det vert gitt vidare informasjon seinare i dag.

22.12.20:

Informasjon/pressemelding: Vaksinen kjem snart til Herøy.

SMS til alle innbyggjarar i Herøy: "Vaksinasjon mot Covid-19 startar i januar, dei eldste får først. Du får SMS med nærmare info når det er din tur til å få vaksine. Sjå også kommunen si heimeside".

Situasjonsrapport 21.12.20:

Takk til deg som har teke test! Førre veke gjennomførte legesentera 169 testar, mot 108 og 90 vekene før.

Kjem du reisande til Herøy rett før jul? Då bør du lese råda her.

Vi minner om at testing føregår til og med veslejulaftan, men også i romjula.

Vi oppmodar også om å teste deg om du kjem heim til Herøy etter jul. Spesielt om du kjem frå område der det er større smittespreiing enn i Herøy.

Ta kontakt her for å bestille test.

Situasjonsrapport 13.12.20, kl. 16.40:

Pressemelding: I samband med eit avgrensa utbrot av Covid-19 i Volda/Ørsta melder smittesporingsteamet i Volda at tre personar busett i Herøy er sett i karantene fram til 20.12.20. Ingen av dei tre har symptom på sjukdom. Dei har teke første test i dag, og vert følgd opp med ny test ved slutten av karanteneperioden.

Situasjonsrapport 11.12.20:

Vi har utført 2267 testar til no. Vi testar kring 100 pr. veke, og har god kapasitet. Det er ikkje meldt om nye tilfelle sidan midten av november, og ingen er i isolasjon eller smittekarantene lenger. Testing er det viktigaste tiltaket for å overvake situasjonen i kommunen. FHI har sett opp slike kriterium for kven som bør teste seg:

1.    Alle med akutt luftveisinfeksjon eller andre symptomer på covid-19
2.    Alle som har vært utsatt for smitte med covid-19, enten so
m nærkontakt eller etter reise i land eller region med høy forekomst de siste 10 dagene.* 
3.    Personell på sykehjem**
4.    Andre grupper etter vurdering av lege. 
5.    Alle som selv mistenker at de er smittet av covid-19, bør få anledning til å teste seg. 

Dette betyr og at dei som kjem frå område i Norge med høgare smitte enn lokalt, også vert rådd til å teste seg.

Vi gir slike råd til dei som kjem til jul:

BESØK HEIM:
I jula er det fint å samlast i familien og med vener. Uansett utviklinga framover vert nok denne jula annleis enn før.
Du som kjem heim på besøk til jul:

  • Ha så få kontakter som råd er siste veka før du reiser.
  • Ha godt smittevern når du reiser.
  • Dei 2-3 første dagane held du deg til familien heime, ta ein test, og vent med å besøke bestemor og bestefar og venene dine til du har svar på den.

Både kapasiteten og beredskapen er god.

Personar som skal ta ein rutinetest fordi dei skal reise kjem ikkje under dette, og må vende seg til private medisinske verksemder for slik test.

Vi har og starta planlegging av vaksinering, og er i rute i samsvar med krav frå Helsedirektoratet.

Dei som vil få tilbod om vaksinering blir kontakta, og vi kjem tilbake med nærmare informasjon om dette.

Situasjonsrapport 27.11.20, kl. 14.20:

Pressemelding: Smittevernråd for desember og status finn du her.

Situasjonsrapport 18.11.20, kl. 11.15:

Ein utanlandsk arbeidar, busett i Herøy, har testa positivt på Covid-19. Personen kom til Herøy 09.11.20, har vore i innreisekarantene, og testa altså positivt no. Det er gjennomført smittesporing og ein person, også utanlandsk arbeidstakar, er sett i smittekarantene.

Det er oppretta kontakt med arbeidsgjevar og situasjonen er så langt oversiktleg og avklara, opplyser kommuneoverlegen.

Situasjonsrapport 17.11.20:

Alle som har vore i isolasjon og smittekarantene i Herøy er no ferdige med det.

Det er ikkje påvist nye positive tilfelle sidan 28.10.20.

Til saman har vi fram til 16.11.20 utført 2295 testar. Siste veke 119 testar.

- Eg vil oppmode alle om å ha låg terskel for å la seg teste. Det er den beste måten for oss å ha oversikt for å fange opp eventuelt smitte så tidleg som råd er. Spesielt vil eg oppmode alle som har vore på reise i område med meir smitte enn her å ta ein test, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Situasjonsrapport 09.11.20, kl. 15.50:

Det er teke 2154 testar i Herøy til no, 100 testar siste veke.

Til saman har vi hatt 12 personar som har testa positivt i Herøy frå mars til no, 4 personar i mars og 8 personar no i haust. Til saman har vi også følgd opp 37 nærkontaktar.

Situasjonane har så langt vore oversiktlege og under kontroll.

- Nasjonalt er vi inne i ei alvorleg smittebølgje som også kan treffe oss her i Herøy. Det ser vi også i nabokommunane våre, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen. Han oppmodar alle om å gjere ein ekstra innsats i å:

- vere nøye med dei daglege smittevernreglane.

- vurdere om den samlinga, festen, korøvinga, årsmøtet, selskapet e.l. som du ser fram til, kan utsettast til seinare.

- vurdere om den planlagde reisa er nødvendig.

- teste deg om du er i det minste tvil om du har symptom.

Kvar av oss kan ved å redusere talet på sosiale kontaktar også redusere talet på personar som vert smitta om viruset kjem til vår kommune. 

- La dette vere vår personlege innsats i vekene framover mot jul! Og hugs: Vi må ta vare på dei som er einsame allereie, avsluttar Bjørn Martin Aasen.

Situasjonsrapport 28.10.20, kl. 22.45:

Ein utanlandsk arbeidar, busett i Herøy, som var sett i karantene i samband med utbrotet av Covid -19 i Sande kommune tidlegare i veka, har testa positivt og er sett i isolasjon, melder kommuneoverlegen.

Det er oppretta kontakt med arbeidsgjevar og situasjonen er oversiktleg så langt, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Situasjonsrapport 28.10.20, kl. 20.00:


Ein utanlandsk arbeidar, busett i Herøy, som kom til Norge mandag 26.10.20, testa positivt på Covid -19, ved innreise til Vigra, melder kommuneoverlegen 28.10.20 kl. 20.00. Resultatet vart meldt i kveld.

Personen er sett i isolasjon i eigen bustad.

Vidare er 3 personar i same bustad sett i karantene.

Det er oppretta kontakt med utleigar av husvære.

Så langt er situasjonen oversiktleg, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

 

Situasjonsrapport 26.10.20, kl. 12.00:

Ytterlegare ein person er sett i karantene i samband med det nye smittetilfellet som vart avdekka i går 25.10.20, opplyser smittevernoverlegen.

Situasjonen er oversiktleg og det er etablert godt samarbeid med berørte bedrifter.

Situasjonsrapport 25.10.20, kl. 20.00 (pressemelding frå smittevernoverlegen)

Ein utanlandsk arbeidar som kom til Noreg fredag 23.10.20, busett i Herøy, testa positivt på Covid -19, ved innreise til Vigra, melder smittevernoverlegen 25.10.20 kl 19.45. Resultatet vart meldt smittevernoverlegen i ettermiddag kl 18.30.

Personen er sett i isolasjon i eigen bustad.

Under smittesporinga kom det fram at smittevernreglane er følgde i ventetida før prøvesvar.

Ein person er i tillegg sett i karantene.

Det er oppretta kontakt med arbeidsgjevar.

Situasjonsrapport 21.10.20, kl. 15.30 (pressemelding frå smittevernoverlegen):

 

Alle fem personane i Herøy som testa positivt i slutten av september og starten av oktober, er no friske og har avslutta sin isolasjon. 

Det er så langt ikkje kome meldingar om nye personar som har testa positivt til no i oktober.

Det er motteke melding om at ein person som er folkeregistrert i Herøy, men bur og oppheld seg annan stad i landet, har testa positivt siste veke.

Situasjonsrapport 14.10.20 kl. 16.00 (pressemelding frå smittevernoverlegen):


Som oppfølging av den smittsporinga som er gjennomført siste dagane vart det teke 75 testar i Herøy måndag 12.10. 20. Det er beroligande at det til no ikkje er meldt om nye positive prøver i Herøy, seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen. Det er såleis til no ikkje funne noko som gir mistanke om ein pågåande smittesituasjon i kommunen.

Vi held sjølvsagt fram med dagleg testing av alle som melder seg.

Det er kome spørsmål om det siste tilfellet kan vere eit falsk positivt svar, dvs. at analysen gir utslag utan at det ligg føre smitte. Det er alltid ei muligheit for det, seier Aasen, men vi må alltid ha det svaret vi får til grunn for det vi gjer. Det er først i ettertid, når det er gjennomført ei blodprøve som testar antistoff, at ein kan får svar på det spørsmålet. Ein slik test vert også teken i dette tilfellet, men svar ligg ikkje føre før det er gått 2-3 veker.

Dei som er i karantene må gjennomføre denne slik som fastsett. Noko anna kan sette andre i fare sidan smitten kan bryte ut seint i eit forløp, avsluttar Aasen.

Situasjonsrapport 12.10.20 kl. 22.45 (pressemelding frå smittevernoverlegen):

 

Alle dei 22 testane som var tekne den 11.10.20 som ledd i smittesporinga i Herøy i helga var negative.

Også den person som testa positivt før helga hadde negativ test no.

- Dette er beroligande, seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen. Dette betyr at smitten så langt ikkje har spreidd seg til nærkontaktene. Men smittekjelda har vi ikkje funne, seiar han.

Vi arbeider no med å informere den einskilde. Den informasjon som vert gitt er følgjande:

Testen var negativ, det betyr at det ikkje er påvist smitte hjå den einskilde på noverande tidspunkt. Karantenebestemmelsane gjeld likevel, det vil sei at den einskilde må vere i karantene slik som bestemt før helga. Karantenetida for dei fleste går til og med laurdag 17.10.20. Bestemmelsane er slik fordi koronainfeksjonen har ei inkubasjonstid (tid det tek frå smittetidspunkt til sjukdom oppstår) på 2 – 10 (-12) dagar. Brot på karantenen kan sette andre i fare dersom smitten bryt ut seint karanteneperioden.

Alle 22 vert rådd til å ta ny test torsdag 15.10 ved Myrvåg legesenter/teststasjon. Kvar einskild bestiller time for dette via Myrvåg legesenter sine heimesider. Det gjer du her.

 

Situasjonsrapport 11.10.20 kl 16:30 (pressemelding frå smittevernoverlegen): 

 

I samband med påvist positiv test for Covid-19 i Herøy fredag 09.10.20, er det no gjennomført testar av alle nærkontaktar og re-test av den som var smitta. Vi reknar med svar tysdag 13.10.

Det er avdekka 21 nærkontaktar. Dei fleste er elevar fordelt på 5 skular. Skuleleiarane er informert. Skulane held fram med vanleg drift.

Sidan vi ikkje har funne kjelda for smitten oppmodar smittevernoverlegen at alle som kjenner på det minste symptom av sår hals, forkjøling eller snue, bestiller seg time for testing. Dette kan du gjere over nettet på Herøy legesenter eller Myrvåg legesenter. Det vert utført testar alle kvardagar.

At så mange som råd er testar seg vil vere svært nyttig for å avdekke om vi har pågåande skjult smitte i kommunen slik at ytterligare tiltak kan settast i verk, seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen.

 

Situasjonsrapport 10.10.20 kl 18:15(pressemelding frå smittevernoverlegen): 

Smittesporinga i Herøy etter tilfellet av positiv coronatest som vart avdekt 09.10.20, har halde fram. Det er til no avdekka 21 nærkontaktar som alle er sett i karantene.

Alle nærkontaktar og den som fekk positiv test, vert testa i morgon. Det er forventa svar på disse tysdag formiddag. Det vil avklare om der er vidare smitte eller ikkje.

Så langt har ein dessverre ikkje funne kjelda for smitten, noko som uroar meg, opplyser smittvernoverlege Bjørn Martin Aasen.

Det har siste to vekene vore utført 132 testar i Herøy, og det er i disse ikkje påvist smitte som kan settast i samanheng med dette siste tilfellet. Det er litt beroligande, opplyser han.

Nærkontaktane og indekstilfellet er elevar ved tre forskjellige skular, Herøy VGS, Ulstein VGS og Stokksund skule. Skulane er alle informerte om situasjonen. Alle tre skulane har vanleg drift frametter. Dette i samråd med Fokehelseinstituttet.

To utanlandske arbeidarar som testa positivt ved innreise til Norge den 30.09.20 testa fortsatt positivt. Dei vert fortsatt isolerte. Ein annan utanlandsk arbeider testa positivt 06.10 har på nytt testa positivt, og isolasjonen vert også her forlenga. Det vert teke nye testar av disse 14.10.20.

 

Situasjonsrapport 09.10.20 kl 22:30(pressemelding frå smittevernoverlegen): 

 

I samband med det nye tilfelle av påvist Covid- 19 i Herøy i dag, er det så langt kartlagt 17 nærkontaktar. Disse vart kontakta i ettermiddag og kveld. Dei har fått informasjon om korleis dei skal forhalde seg når dei er i karantene.

For å styrke smittesporinga er det sett opp ekstra teststasjon søndag 11.10.20.

Alle nærkontaktar som skal testast får eigen melding om stad og tidspunkt.

Arbeidet med smittesporing held fram i morgon. Så langt er ikkje kjelda for smitten avdekka. Det uroer meg noko, seier smittevernoverlegen. Gjennom testing og vidare kartlegging vonar vi å få ei bedre avklaring i løpet av nokre dagar, seier han.

Den som er smitta er elev ved Herøy vidaregåande skule. Eleven tok testen i samband med arbeidsutplassering som del av utdanninga.

Skulen har hatt haustferie denne veka, så eleven har ikkje vore ved skulen siste 8 dagane. Skulen er informert i kveld. Om det er behov for tiltak ved skulen vert vurdert i morgon. Skulen vil deretter sjølv informere sine elevar.

Eg vil gi ros til dei ungdomane vi har vore i kontakt med i samband med smittesporinga, seier smittevernoverlegen. Dei har vist stort ansvar slik at dei rette tiltaka kan gjennomførast på ein trygg og god måte både for dei og for lokalsamfunnet.

Arbeidet med vidare kartlegging vil halde fram i morgon.

Situasjonsrapport 09.10.20 kl 17:15 (pressemelding frå smittevernoverlegen): 

 

I samband med det nye tilfelle av påvist Covid- 19 i Herøy er det så langt kartlagt 15 nærkontaktar. Disse vert kontakta fortløpande i ettermiddag og gitt informasjon om korleis dei skal forhalde seg.Det vert sett opp ekstra teststasjon søndag 11.10.

Alle nærkontaktar som skal testast får eigen melding om stad og tidspunkt.

Arbeid med smittesporing held fram. Så langt er ikkje kjelda for smitten avdekka. Arbeidet med dette vert prioritert frametter, melder smittevernoverlegen i Herøy.

 

Situasjonsrapport 09.10.20 kl 15:38(pressemelding frå smittevernoverlegen): 

Smittevernoverlegen i Herøy fekk i dag 09.10.20 kl. 14:15 melding om eit nytt tilfelle av Covid-19. Ein arbeider no med å få oversikt over nærkontaktar, og disse vert kontakta fortløpande.

Alle som er nærkontaktar, dvs. har vore nærare enn 2 meter i meir enn 15 minutt, til den som har testa positivt, skal vere i karantene.

Familien til dei som er nærkontaktar skal ikkje vere i karantene.

Dei av pårørande til nærkontaktar som skal på arbeid i ettermiddag/kveld, t.d. i helse- og omsorgsinstitusjonar, kan orientere si leiing om at eit familiemedlem er sett i karantene.

Forsterka smittevern med god handhygiene og munnbind kan då settast i verk.

Det vert gitt fortløpande informasjon frametter ettermiddagen.

 

Situasjonsrapport 06.10.20 kl 22:45 (pressemelding frå smittevernoverlegen): 


Ein av dei utanlandske arbeidarane som var sett i karantene/isolasjon den 30.09.20 har testa positivt på Covid-19 melder smittevernoverlegen  Herøy kommune i kveld. Både personen og arbeidsgjevar er informerte.

Personen har vore i isolasjon sidan 30.09.20. Denne vert forlenga i samsvar med regelverket.

Tilsaman er det no 8 personar som har testa positivt i Herøy kommune sidan i mars.

Situasjonsrapport 05.10.20 kl 2100 (pressemelding frå smittevernoverlegen): 

 

Smittevernoverlegen opplyser i kveld at smittesporing i samband med det nye tilfelle av Covid-19 i Herøy er gjennomført. Det er registrert 8 nærkontaktar fordelt mellom kommunane Herøy, Sande, Hareid, Ålesund og Oslo.

Alle nærkontaktar er sett i karantene i samsvar med regelverket, og dei vert testa i morgon i sine kommunar. Testresultat vert følgd opp i bustadkommunen eller opphaldskommunen.

Situasjonen er såleis oversiktleg og under kontroll.

 

Situasjonsrapport 05.10.20, kl. 16:30 (pressemelding frå smittevernoverlegen):

Eit nytt tilfelle av Covid-19 er oppdaga i Herøy i ettermiddag, melder smittevernoverlegen.

Personen vart smitta under opphald i Oslo sist veke.

Smittesporing er sett i verk og nærkontakter vert fortløpande kontakta i ettermiddag. Situasjonen er så langt oversiktleg og under kontroll.

 

Situasjonsrapport 01.10.20, kl. 13.24:

Som tidlegare meldt har to utanlandske arbeidarar som kom til Noreg måndag 28.09.20, busett i Herøy, testa positivt på Covid -19. Som ledd i smittesporinga er også reiseruta til personane gjennomgått.

Ein av personane kom med eigen bil. Den andre kom med fly til Vigra om ettermiddagen, vidare med buss og hurtigbåt til bustaden.

Reiseruta er gjennomgått med FHI (Folkehelseinstituttet). Konklusjoner er at sidan denne personen ikkje hadde eller har symptom på Covid-19, er det ikkje nødvendig å gjennomføre vidare smittesporing på fly, buss eller båt.

Situasjonsrapport 01.10.20, kl.10:32:

Som meldt den 30.09.20 kl. 22.00 var det to utanlandske arbeidarar som kom til Norge måndag 28.09.20, busett i Herøy, som testa postitivt på Covid-19. Dei vart den 30.09.20 sett i isolasjon. Desse to personane har ikkje symptom på Covid-19.

Ytterlegare to personar i same bufelleskap som testa negativ, vart samstundes sett i isolasjon som følgje av den nære kontakt det er i eit bufelleskap.

Smittesporinga har avklart at ingen av dei to som testa positivt har hatt nærkontakt med andre personar sidan dei kom til Norge utover bufelleskapet. Dei har m.a. ikkje vore innom butikkar eller andre offentlege stadar.

Desse fire personane vert følgd opp med nye testar i samsvar med fastsette rutiner.

Både arbeidstakarane og arbeidsgjevarane samarbeider godt.

Situasjonen er såleis oversiktleg og under kontroll.

 

Situasjonsrapport 30.09.20:

To utanlandske arbeidarar som kom til Noreg måndag 28.09.20, busett i Herøy, testa positivt på Covid-19 (koronavirus), melder smittevernoverlegen 30.09.20 kl 22.00.

Begge personane er i kveld sett i isolasjon. Det er oppretta kontakt med arbeidsgjevar, og det er i kveld sett i verk smittesporing. Førebels er også to personar sett i karantene.

1525 testar tekne per 30.09.20.

 

Situasjonsrapport 25.09.20

Pr. 25.09.20 er det til saman teke 1479 testar i Herøy.

Utanom personen som har testa positivt for Covid-19 i utlandet, var siste positive prøve i Herøy registrert 27.03.20.

Fire personar som er busette i Herøy har tidlegare testa positivt på covid-19.

Den første personen som testa positivt på koronaviruset fekk vi melding om 24.03.20.