Nyaste oppdatering på smittesituasjonen finn du her

Pixabay Hald deg oppdatert på smittesituasjonen i Herøy kommune her:

Frå og med 29.04.22 avsluttar vi covid-19-rapporteringa.

Rapport for veke 15, 16 og 17, pressemelding 29.04.22

Det er siste tre vekene (veke 15,16 og 17) registret 40, 25 og 18 covid-19 tilfelle i Herøy. 

- Reduksjonen i talet på nye, sjølvregistrerte tilfelle held fram. Vi må framleis rekne med nokre nye tilfelle også i vekene som kjem,  seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Dei fleste tilfella er i aldesgruppene over 45 år.

Det er grunn til å ta litt atterhald: Tala viser berre dei som har registrert positiv sjølvtest eller som har fått positiv PCR-test. Tala vi operer med er altså absolutt minimumstall.

Oversikt over registrerte covid-19-tilfelle frå veke 11 – veke 17:

Veke 11:         248

Veke 12:         168

Veke 13:          78

Veke 14:          34

Veke 15:          40

Veke 16:          25

Veke 17:          18 (til no)

Ser vi på dei siste 7 dagane så er talet på sjølvregistrerte: 6 - 0 - 1 - 12 - 4 - 2 - 0

 

Totalt tal på registrerte tilfelle frå pandemistart til no

Til saman er det no registrert 3285 tilfelle i 2022, og 3575 i heile pandemien.

- Dette er absolutte er minimumstal. Mest sansynleg har over halvparten innbyggjarar vore utsett for covid-19 til no, seier kommuneoverlegen. Saman med god vaksinasjonsdekking gir dette etter kvart relativt god «befolkingsimmunitet», noko som er viktig for å avgrense seinare utbrot av covid-19.

Status i omsorgsbustadar og institusjonar

Det er siste tre vekene registrert tre nye tilfelle i omsorgsbustadane og institusjonane våre. Ingen av desse har hatt alvorleg sjukdom.

Ny fase frå 01.05.22

Handteringa av pandemien går frå 01.05.22 over i ny fase også lokalt. Sjølvregistrering av positiv test vert avslutta.

Desse enkle råda gjeld vidare:

  • Covid-19 skal handterast som andre luftvegsinfeksjonar: Hald deg heime dersom du kjenner deg sjuk. Du treng ikkje lenger om å vere heime i fire dagar.
  • Ver særskild varsam i kontakt med eldre og personar med auka helserisiko når du har symptom.
  • Du får framleis gratis sjølvtest på teststasjonen, bibliotek, Fosnavåg helsehus, servicetorg og Myrvåg legesenter dersom du ønskjer å teste deg for covid-19.
  • Du treng ikkje ta PCR-test dersom du ikkje treng det til m.a. koronasertifikat. Har du tre vaksinedosar har du gyldig koronasertifikat uansett.

Framleis beredskap

Viruset (SARS-cov-2) som gir covid-19-sjukdom forsvinn ikkje. Det er til dels store utbrot i andre land. Vi må pårekne at det kan kome nye utbrot også i Noreg.

- Vi har beredskap for at det kan utvikle seg nye virusvariantar som gir nye utbrot, slik vi har sett tidlegare, seier kommuneoverlegen. Vi er klare med både testing og vaksinering på kort varsel.

Vår lokale beredskap det komande året (fram til 30.06.23) er:

  • Opprettheld vaksinasjonstilbodet for å sikre at dei som vil ha 1., 2. eller 3. dose får det. Vi vaksinerer ein gong i månaden. Du finn timebok og meir informasjon på Herøy kommune si nettside.
  • Dei som er over 80 år kan allereie no få dose nummer 4 om ein ønskjer det. Dette gjeld dersom: Du har fått tre dosar, det er meir enn fire månader sidan siste dose, og du ikkje har hatt covid-19 etter dose 3. Bestill time her.
  • Har beredskap for å raskt tilby ei fjerde dose dersom nasjonale helsestyresmakter avgjer det.
  • Tilgang til gratis sjølvtestar til dei som ønskjer det.
  • Opprettheld beredskap ved teststasjonen og koronatelefonen slik at testkapasiteten raskt kan trappast opp dersom nasjonale helsestyresmakter bestemmer det.

- Dette er siste offisielle rapport om covid-19 i Herøy for denne gong, avsluttar kommuneoverlegen.

Rapport for veke 13 og 14, pressemelding 12.04.22:

Det er siste to vekene (veke 13 og 14) meldt om 78 og 34 registrerte covid-19 tilfelle i Herøy. 

- Dette er klart færre enn i tidlegare veker, men vi må rekne med nye tilfelle også i vekene som kjem, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. Det er ein klart fallande tendens i alle aldersgrupper heldigvis, seier kommuneoverlegen.

Det er grunn til å ta litt atterhald: Tala viser berre dei som har registrert positiv sjølvtest eller som har fått positiv PCR-test. Det er grunn til å rekne med at det ikkje er alle som registrer seg. Tala vi operer med er altså absolutt minimumstall.

Oversikt over registrerte covid-19-tilfelle frå veke 8 – veke 14:

Veke 8:           746

Veke 9:           612

Veke 10:         423

Veke 11:         248

Veke 12:         168

Veke 13:          78

Veke 14:          34

Totalt tal på registrerte tilfelle frå pandemistart til no

Til saman er det no registrert 3210 tilfelle i 2022, og 3510 i heile pandemien.

- Eg understrekar igjen at dette absolutt er minimumstal. Eit grovt overslag viser at over halvparten innbyggjarar kan ha vore utsett for covid-19 til no, seier kommuneoverlegen. Saman med god vaksinasjonsdekking gir dette etter kvart relativt god «befolkingsimmunitet», noko som er viktig for å avgrense seinare utbrot av covid-19.

Status i omsorgsbustadar og institusjonar

Det er siste to vekene ikkje registrert nye tilfelle i omsorgsbustadane og institusjonane våre.

Nye reglar og råd

Samstundes med at vi har ei utfasing av denne bølga av covid-19, er reglane stort sett fjerna, og det vert gitt berre desse enkle råda:

  • Dersom du testar positivt for covid-19 gjeld no same råd som for andre luftvegsinfeksjonar: Hald deg heime dersom du kjenner deg sjuk. Du treng ikkje lenger om å vere heime i fire dagar.
  • Ver særskild varsam kontakt med eldre og personar med auka helserisiko når du har symptom.
  • Du får framleis gratis sjølvtest dersom du ønskjer å teste deg for covid-19.
  • Det er fint om du også denne månaden registrerer positiv sjølvtest på kommunen sine heimesider. Det gjer det lettare for oss å følgje med. Frå 01.05.22 vert denne sjølvregistreringa avvikla.
  • Du treng ikkje ta PCR-test dersom du ikkje treng det til m.a. koronasertifikat. Har du tre vaksinedoser har du gyldig koronasertifikat uansett.

Framleis beredskap

Viruset (SARS-cov-2) som gir covid-19-sjukdom vil ikkje forsvinne. Det er akkurat no til dels store utbrot i andre land. Vi må såleis pårekne at det kan kome nye utbrot også i Noreg.

- Vi må ha beredskap for at det også kan utvikle seg nye virusvariantar, slik vi har sett tidlegare, seier kommuneoverlegen.

Vår lokale beredskap det komande året (fram til 30.06.23) er:

  • Opprettheld vaksinasjonstilbodet for å sikre at dei som vil ha 1, 2 eller 3 dose får det. Vi vaksinerer x 1 per månad. Du finn timebok og meir informasjon på Herøy kommune si nettside.
  • Har beredskap for å raskt tilby ei fjerde dose dersom nasjonale helsestyresmakter avgjer det.
  • Tilgang til gratis sjølvtestar til dei som ønskjer det (som no).
  • Opprettheld beredskap ved teststasjonen og koronatelefonen slik at teskapasiteten raskt kan trappast opp dersom nasjonale helsestyresmakter bestemmer det.

 

Vekerapport for veke 12, pressemelding 28.03.22, kl. 12.00:

Det er førre veke (veke 12) meldt om 168 registrerte covid-19 tilfelle i Herøy, som er 80 færre enn i veke 11. 

- Det er framleis fall i tal på nye tilfelle, men ei viss avflating. Vi må rekne med nye tilfelle også i vekene som kjem, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. No er det aldersdgruppene over 45 år som vert sjuke og der har vi faktisk ikkje hatt same nedgangen som for dei yngre, seier kommuneoverlegen.

Det er grunn til å ta litt atterhald: Tala viser berre dei som har registrert positiv sjølvtest eller som har fått positiv PCR-test. Det er grunn til å rekne med at det etter kvart vert fleire som ikkje registrer seg. Tala vi operer med er altså absolutt minimumstall.

Oversikt over registrerte covid-19-tilfelle frå veke 6 – veke 12:

Veke 6:           191

Veke 7:           436

Veke 8:           746

Veke 9:           612

Veke 10:         423

Veke 11:         248

Veke 12:         168

Totalt tal på registrerte tilfelle frå pandemistart til no:

Til saman er det no registrert 3092 tilfelle i 2022, og snart 3400 i heile pandemien.

- Eg understrekar igjen at dette absolutt er minimumstal. Tek ein omsyn til at kanskje 30 % ikkje registrerer seg, at nokon får så svake symptom at dei ikkje tek test eller at testen vert negativ, kan eit grovt overslag vere at over halvparten innbyggjarar har vore utsett for covid-19 til no, seier kommuneoverlegen.

Råd til dei eldste

- Eg vil framleis gi følgjande råd til dei eldste, seier kommuneoverlegen:

  • Har du ikkje teke oppfriskingsdose nr 3, ta den no. 
  • Hugs gode smittevernrutinar i det offentlege rom og i forsamlingar.
  • Er det yngre i familien som testar positivt, vent med å ha kontakt til dei er friske att.
  • Vert du sjuk, ta gjerne kontakt med fastlegen din eller legevakt for medisinske råd.

- Så langt ser det ut til at den gode vaksinasjonsdekkinga i denne aldersgruppa gir eit godt vern mot alvorleg forløp av covid-19 for dei fleste. Det er framleis grunn til å minne om at vi må ha merksemd retta mot dei som er mest sårbare for denne infeksjonen, understrekar kommuneoverlegen.

Status i omsorgsbustadar og institusjonar

Det er også sist veke registrert tre nye tilfelle i omsorgsbustadane og institusjonane våre.

Registrere sjølvtestar

Den einaste måten vi kan overvake utviklinga av pandemien er framleis gjennom sjølvregistrering av testar. 

- Vi vil, slik også nasjonale helsestyresmakter gjer, framleis oppmode alle om å halde fram med å registrere positive sjølvtestar ut april. Det gir oss eit visst bilete av situasjonen, kommenterer Aasen.

Vi minner også om at du kan få sjølvtestar på ulike stadar i kommunen. Oversikt over utleveringsstadar finn du på nettsida.

Vekerapport for veke 11, pressemelding 21.03.22, kl. 12.00:

Det er førre veke (veke 11) meldt om 248 registrerte covid-19 tilfelle i Herøy, som er 176 færre enn i veke 10. 

Vi ser eit klart fall i talet på nyregistrerte tilfelle. Vinter- og vårbølgja av pandemien held altså på å sleppe taket. Vi må likevel pårekne at vi får nye tilfelle også dei komande vekene, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

- Det er også gledeleg å registrere at det i sist veke også er fall i talet nye registrerte tilfelle også i den eldre aldersgruppa, seier kommuneoverlegen.

Det er likevel grunn til å ta litt atterhald: Tala viser berre dei som har registrert positiv sjølvtest eller som har fått positiv PCR-test. Det er grunn til å rekne med at det etter kvart vert fleire som ikkje registrer seg. Tala vi operer med er altså absolutt minimumstall.

 

Oversikt over registrerte covid-19-tilfelle frå veke 6 – veke 10:

 

Veke 6:           191

Veke 7:           436

Veke 8:           746

Veke 9:           612

Veke 10:         423

Veke 11:         248

 

Totalt tal på registrerte tilfelle frå pandemistart til no:

Til saman er det no registrert 2923 tilfelle i 2022, og snart 3300 i heile pandemien.

- Eg understrekar at dette absolutt er minimumstal. Tek ein omsyn til at kanskje 20 % ikkje registrerer seg, at nokon får så svake symptom at dei ikkje tek test eller at testen vert negativ, kan eit grovt overslag vere at mellom 4500 - 5000 innbyggjarar har vore utsett for covid-19 til no, seier kommuneoverlegen.

Råd til dei eldste

- Eg vil framleis gi følgjande råd til dei eldste, seier kommuneoverlegen:

  • Har du ikkje teke oppfriskingsdose nr 3, ta den no. Vi vaksinerer kvar måndag ut denne månaden.
  • Hugs gode smittevernrutinar i det offentlege rom og i forsamlingar.
  • Er det yngre i familien som testar positivt, vent med å ha kontakt til dei er friske att.
  • Vert du sjuk, ta gjerne kontakt med fastlegen din eller legevakt for medisinske råd.

- Så langt ser det ut til at den gode vaksinasjonsdekkinga i denne aldersgruppa gir eit godt vern mot alvorleg forløp av covid-19 for dei fleste. Det er framleis grunn til å minne om at vi må ha merksemd retta mot dei som er mest sårbare for denne infeksjonen, understrekar kommuneoverlegen.

Status i omsorgsbustadar og institusjonar

Det er også sist veke registrert tre nye tilfelle i omsorgsbustadane og institusjonane våre.

Registrere sjølvtestar

Den einaste måten vi kan overvake utviklinga av pandemien er framleis gjennom sjølvregistrering av testar. 

- Vi vil, slik også nasjonale helsestyresmakter gjer, framleis oppmode alle om å halde fram med å registrere positive sjølvtestar. Det gir oss eit bilete av situasjonen, kommenterer Aasen.

Vi minner også om at du kan få sjølvtestar på ulike stadar i kommunen. Oversikt over utleveringsstadar finn du på nettsida.

 

Vekerapport for veke 10, pressemelding 14.03.22, kl. 12.00:

Det er førre veke (veke 10) meldt om 423 registrerte covid-19 tilfelle i Herøy. Utviklinga i Herøy samsvarar godt med det ein ser i kommunar i landet og i fylket elles.

- Det er er 189 færre registrerte smittetilfelle enn veka før, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. Den fallande trenden vi såg frå veke 8 til 9 held altså fram heldigvis. Men det er framleis høge smittetal i kommunen, seier han.

I tillegg kjem det fram at det er noko fleire i dei eldste aldersgruppen som no vert sjuke. 

Oversikt over registrerte covid-19-tilfelle frå veke 6 – veke 10:

Veke 6:           191

Veke 7:           436

Veke 8:           746

Veke 9:           612

Veke 10:         423

Totalt tal på registrerte tilfelle frå pandemistart til no:

Til saman er det no registrert 2679 tilfelle i 2022, og snart 3000 i heile pandemien. Det betyr at meir enn 1/3 av innbyggjarane i kommunen har registrert covid-19 til no.

- Eg understrekar at dette absolutt er minimumstal. Både fordi mange vil ha svært svake symptom og dermed ikkje ser grunn å teste seg, og andre registrer seg ikkje av ymse årsaker, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Råd til dei eldste

Eg vil gi følgjande råd til dei eldste, seier kommuneoverlegen:

  • Har du ikkje teke oppfriskingsdose nr 3, ta den no. Vi vaksinerer kvar måndag ut denne månaden.
  • Hugs gode smittevernrutinar i det offentlege rom og i forsamlingar.
  • Er det nokon yngre i familien som testar positivt, så vent med å ha kontakt til dei er friske att.
  • Vert du sjuk, ta gjerne kontakt med fastlegen din eller legevakt for medisinske råd.

- Så langt ser det ut til at den gode vaksinasjonsdekking i denne aldersgruppa gir eit godt vern mot alvorleg forløp av covid-19 for dei fleste. Men det er framleis grunn til å minne om at vi må ha merksemd retta mot dei som er mest sårbare for denne infeksjonen, understrekar kommuneoverlegen.

Status i omsorgsbustadar og institusjonar

Det er og sist veke registrert to nye tilfelle i omsorgsbustadane og institusjonane våre.

Vi kjem framleis til å ha fokus på gode smittevernrutinar for å hindre ein ukontrollert vekst i talet på tilfelle her.

Registrere sjølvtestar

Den einaste måten vi kan overvake utviklinga av pandemien er framleis gjennom sjølvregistrering av testar. 

- Vi vil framleis oppmode alle om å halde fram med å registrere positive sjølvtestar. Det gir oss eit bilete av situasjonen, kommenterer Aasen.

Herøy kommune tel sjølvregistrerte positive sjølvtestar, samt positive PCR-testar der det ikkje er registrert positiv sjølvtest. 

Helsedirektoratet har ei fin oversikt på registrerte sjølvtestar i kommunane som vert oppdatert kvar vekedag, men hugs at tala her ikkje omfattar PCR-testar.

Vi minner også om at du kan få sjølvtestar på ulike stadar i kommunen. Oversikt over utleveringsstadar finn du på nettsida.

Vekerapport for veke 9, pressemelding 07.03.22, kl. 12.00:

Det er førre veke (veke 9) meldt om 612 registrerte covid-19 tilfelle i Herøy. 

- Det er er 135 færre enn veka før, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. Talet på registrerte nysmitta er framleis høgt, men det kan sjå ut til at vi held fram med ein lett fallande trend.

Oversikt over registrerte covid-19-tilfelle frå veke 5 – veke 9:

Veke 5: 66

Veke 6: 191

Veke 7: 436

Veke 8: 746

Veke 9: 612

 

Totalt tal på registrerte tilfelle frå pandemistart til no:

Til saman er det no registrert 2256 tilfelle i 2022, og kring 2550 i heile pandemien. Det betyr at snart 1/3 av innbyggjarane i kommunen har registrert covid-19 til no.

- Eg understrekar at dette er minimumstal, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

- Både fordi mange vil ha svært svake symptom og dermed ikkje ser grunn å teste seg, og andre registrer seg ikkje av ymse årsaker.

I aldersgruppa 0-14 år er det no over 50 % som til no er registrert med positiv test. Immuniteten i denne aldersgruppa er no så høg at utbrotet her etter kvart vil klinge av.

I aldersgruppene mellom 25 - 64 år har vi framleis ein auke i nye registrerte tilfelle. I aldersgruppa over 75 år har til saman berre 54 personar testa positivt gjennom heile pandemien. Det er ein auke på 13 personar førre veke.

- Vi ser no ei forskyving av smitteutbrotet oppover i aldersgruppene. Det er heldigvis i desse eldste aldersgruppene vi har den klart beste vaksinasjonsdekkinga. Vi må likevel vente ein auke i talet på eldre som testar positivt, seier kommuneoverlegen.

Eg vil gi følgjande råd til dei eldste, seier kommuneoverlegen:

  • Har du ikkje teke oppfriskingsdose nr 3, ta den no. Vi vaksinerer kvar måndag ut denne månaden.
  • Hugs gode smittevernrutinar i det offentlege rom og i forsamlingar.
  • Er det nokon yngre i familien som testar positivt, så vent med å ha kontakt til dei er friske att.
  • Vert du sjuk, ta gjerne kontakt med fastlegen din eller legevakt for medisinske råd.

- Så langt ser det ut til at den gode vaksinasjonsdekking i denne aldersgruppa gir eit godt vern mot alvorleg forløp av covid-19 for dei fleste. Men det er framleis grunn til å minne om at vi må ha merksemd retta mot dei som er mest sårbare for denne infeksjonen, understrekar kommuneoverlegen.

Status i omsorgsbustadar og institusjonar

Det er og sist veke registrert nokre nye tilfelle i omsorgsbustadane og institusjonane våre.

Vi kjem framleis til å ha fokus på gode smittevernrutinar for å hindre ein ukontrollert vekst i talet på tilfelle her.

Registrere sjølvtestar

Den einaste måten vi kan overvake utviklinga av pandemien er gjennom sjølvregistrering av testar. 

- Vi vil framleis oppmode alle om å halde fram med å registrere positive sjølvtestar. Det gir oss eit bilete av situasjonen og kva tid vi når smittetoppen i denne vinterbølgja vi no er inne i, kommenterer Aasen.

Herøy kommune tel sjølvregistrerte positive sjølvtestar, samt positive PCR-testar der det ikkje er registrert positiv sjølvtest. Det er altså minimumstal vi opererer med.

Vi minner også om at du kan få sjølvtestar på ulike stadar i kommunen. Oversikt over utleveringsstadar finn du på nettsida.

Normal drift, men utfordrande

Det er normal drift både i skular, barnehagar. Nokre skular har høgt fråvær både av elevar og tilsette. 

I helse og omsorg er det noko redusert drift, men forsvarleg. Situasjonen er utfordrande i alle sektorar i kommunen knytt til bemanning enkelte dagar og enkelte stadar.

- Tenestetilbodet kan i korte periodar verte noko avgrensa dersom sjukefråveret vert høgt, men vi skal utan tvil levere forsvarlege tenester til innbyggjarane våre, forsikrar kommunedirektør Trond Arne Aglen.

 

Vekerapport for veke 8, pressemelding 28.02.22, kl. 12.00:

Det er førre veke (veke 8) meldt om 746 registrerte covid-19 tilfelle i Herøy. 

- Det er ein stor auke frå veka før, men ikkje overraskande, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

- Ser vi på fordelinga av talet på tilfelle pr. dag dei siste to vekene, var det ein topp måndag 21.02, og at vi kan vere inne i ein svak fallande tendens. Eg er forsiktig optimist og har ei viss tru på at vi går "lysare tider" i møte. Vi må nok likevel rekne med at det framleis vil kome mange nye tilfelle både denne og neste veke, seier han.

Oversikt over registrerte covid-19-tilfelle frå veke 4 – veke 8:

Veke 4: 71

Veke 5: 66

Veke 6: 191

Veke 7: 436

Veke 8: 746

Totalt tal på registrerte tilfelle frå pandemistart til no:

Til saman er det no registrert 1642 tilfelle i 2022, og kring 1950 tilfelle i heile pandemien. Det betyr at meir enn 1/5 av innbyggjarane i kommunen har registrert covid-19 til no.

- Det er grunn til rekne med at dette er minimumstal, seier kommuneoverlegen.

- Både fordi mange vil ha svært svake symptom og dermed ikkje ser grunn å teste seg, og nokre registrer seg ikkje av ymse grunnar. Det er framleis dei yngste aldersgruppene som har registrert dei klart fleste tilfella. Om lag 3/4 av alle registrerte tilfella er under 45 år. Berre 41 personar er over 75 år har testa positivt i heile pandemien. I aldersgruppa 0-14 år er over 1/3-part (35 %) registrert med positiv test til no, forklarar Aasen.

Status i omsorgsbustadar og institusjonar

Det er siste veke registrert ein svak auke i talet på tilfelle i omsorgsbustadane og institusjonane våre i kommunen.

- Så langt ser det ut til at den gode vaksinasjonsdekking denne aldersgruppa har, gir eit godt vern mot alvorleg forløp av covid-19 for dei fleste. Vi kjem likevel til å ha fokus på framleis gode smittevernrutinar for å hindre ein ukontrollert vekst i talet på tilfelle her.

Registrere sjølvtestar

Kommuneoverlegen vil takke og rose alle innbyggjarane i Herøy som registrerer sine positive sjølvtestar. 

- Vi vil framleis oppmode alle om å halde fram med å registrere positive sjølvtestar. Det gir oss eit bilete av situasjonen og kva tid vi når smittetoppen i denne vinterbølgja vi no er inne i, kommenterer han.

Herøy kommune tel sjølvregistrerte positive sjølvtestar, samt positive PCR-testar der det ikkje er registrert positiv sjølvtest. Det er altså minimumstal vi opererer med.

Vi minner også om at du kan få sjølvtestar på ulike stadar i kommunen. Oversikt over utleveringsstadar finn du på nettsida.

Normal drift, men utfordrande

Det er normal drift både i skular, barnehagar. Nokre skular har høgt fråvær både av elevar og tilsette. Nokre av barnehagane måtte redusere opningstida litt førre veke, men er no tilbake att i normal drift.

I helse og omsorg er det noko redusert drift, men forsvarleg. Situasjonen er utfordrande i alle sektorar i kommunen knytt til bemanning enkelte dagar og enkelte stadar.

- Tenestetilbodet kan i korte periodar verte noko avgrensa dersom sjukefråveret vert høgt, men vi skal utan tvil levere forsvarlege tenester til innbyggjarane våre, forsikrar kommunedirektør Trond Arne Aglen.

Vekerapportering 21.02.22, kl. 12.00:

Det er siste veke (veke 7) registrert 436 tilfelle av covid-19, mot 191 registrerte tilfelle i veke 6.

- Vi er såleis inne i den varsla vinterbølgja, seier kommuneoverlegen.

Framleis er det flest tilfelle i dei yngre aldersgruppene.

- Vi ventar at denne bølgja vil vare ut februar og inn i mars, men det er uråd å seie noko meir nøyaktig om det, kommenterer kommuneoverlegen.

Det er til god hjelp at alle som testar positivt ved sjølvtest registrer seg på kommunen sine heimesider. Då klarar vi følgje med utviklinga.

Påvist covid-19 ved omsorgssenter

Det er også påvist eit fåtal positive tilfelle ved Myrvåg omsorgssenter A og B no i helga.

Det er sendt ut informasjon til pårørande.

Dei tilsette ved omsorgssenteret følgjer den planen som er utarbeidd for handtering av dette.

- No som vi har sterk auke i talet på tilfelle av covid-19 i lokalsamfunnet, må det påreknast at smitten også kjem inn i omsorgssentera våre, sjølv om vi forsøker å unngå det så godt som råd er. Det er høg grad av vaksinasjonsdekking med dose 3 blant bebuarane ved omsorgssentera våre. Noko som gir ein vesentleg reduksjon i risikoen for alvorleg sjukdom. Vi vil oppmode alle som skal besøke sine om å følgje dei generelle smittevernråda, seier kommuneoverlegen.

Følgjande råd gjeld framleis:

  • Hald deg heime om du er sjuk. Ta ein sjølvtest ved symptom.
  • Er sjølvtesten positiv, hald deg heime i fire dagar.
  • Dei som har to vaksinedosar eller færre kan ta PCR-test til bruk i sitt koronasertifikat.
  • Vern framleis om dei eldste og dei med høgast risiko.

Pressemelding 17.02.22, kl. 12.00:

Det er frå måndag 14.02 til og med torsdag 17.02. kl 09.00 meldt om 142 nye positive tilfelle av covid-19 i Herøy. 

- Dette er å rekne som minimumstal då tala byggjer på sjølvregistrering, seier kommuneoverlegen.

- Vi er no inne i den venta smittebølgja. Det er uråd å spå når vi når smittetoppen. Vi ligg vanlegvis eit par-tre veker etter meir sentrale strøk i landet. Vi må såleis vente høge tall også i vekene som kjem, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. 

Den venta smitteauken kan i ulik grad påverke drifta hos både kommunen og små og store bedrifter framover. Alle bør førebu seg på ytterlegare auka fråvær på sin arbeidsplass.

- Vi forsikrar om at beredskapen vert oppretthalden i Herøy kommune, men at tenestetilbodet i korte periodar kan verte noko avgrensa dersom sjukefråveret vert høgt. Ingen skal vere i tvil om at vi leverer forsvarlege tenester, sjølv om det i ein periode kan bli krevjande for oss. Dette fordi stadig fleire i arbeidsfør alder, både unge og middelaldrande vaksne, får påvist smitte med covid-19, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen.

I veke 6 med totalt 191 smitta var alderssamansetninga blant dei innmelde smittetilfella slik:

0-4 år: 9 personar

5-14 år: 36 personar

15-24 år: 55 personar

25-34 år: 23 personar

35-44 år: 20 personar

45-54 år: 35 personar

55-64 år: 8 personar

65-74 år: 1 person

75-84 år: 4 personar

Kommuneoverlegen vil gi ros til innbyggjarane som pliktoppfyllande registrerer sjølvtestar via heimesida til Herøy kommune.

- Det er svært viktig at alle som testar positivt gjer dette, og innbyggjarane i Herøy er flinke til å nytte seg av det digitale registreringsverktøyet vårt. Det gir oss moglegheit å følgje med smittesituasjonen og utviklinga vidare, kommenterer kommuneoverlege Aasen.

Vi minner samstundes om at alle husstandar kan hente seg 2-3 sjølvtestar på utleveringsstadane til kommunen for å ha liggande om ein skulle få symptom på covid-19. Det vert også vaksinasjon kvar måndag framover for dei som ønskjer å ta 1., 2. eller 3. dose koronavaksine. Eller for nokre utvalde som også bør ta 4. dose. Tid for drop in eller timebestilling finn du på nettsidene.

Pressemelding, vekesrapportering, 14.02.22, kl. 11.00:

Det er sist veke (veke 6) meldt 191 nye tilfelle av covid-19.

I veke 5 var det meldt 66 tilfelle.

Det er framleis flest i dei yngre aldersgruppene under 25 år, men med ein klar auke i aldersgruppene mellom 35 og 54 år. 

- Denne utviklinga er som varsla og forventa. Vi må pårekne fleire tilfelle i vekene som kjem, seier kommuneoverlegen.

Dei nasjonale reglane er frå laurdag 12.02.22 omgjort til råd. Det betyr at det i større grad  er den einskilde som må ta ansvar for smitteførebyggande tiltak. Les dei på regjeringa her.

 

Ønskjer at du framleis registrerer positiv sjølvtest

Vi oppmodar alle om å framleis registrere positiv sjølvtest på Herøy kommune si heimeside. Dette for at vi skal kunne følgje med på utviklinga av smittesituasjonen i kommunen.

 

Du kan få sjølvtestar

Du får sjølvtestar med Herøy kommune dersom du har symptom eller dersom du ønskjer å ha eit par sjølvtestar (2-3 per husstand) liggande. Oversikt over kvar du kan få sjølvtestar finn du her.

 

Skal du vere heime når du er sjuk?

Råda frå regjeringa er:

Ved positivt covid-19-test, hald deg heime i fire døgn frå symptomstart eller frå dagen for positiv test for dei utan symptom. Barn i barnehagealder og skuleelevar er unntatt testing, men er tilrådd å halde seg heime dersom dei er sjuke. Dei kan gå på skule og i barnehage når dei har vore feberfri i 24 timar.

 

Ikkje gløym dei grunnleggjande smittevernråda:

  • god hand- og hostehygiene
  • hald deg heime om du er sjuk

Vi skal framleis vere særskild merksame på personar med høgare risiko for alvorleg sjukdom og uvaksinerte vaksne, slik at dei unngår å verte smitta.

I periodar med høg smitte i samfunnet kan du bruke munnbind i spesielle situasjonar.

Det aller viktigaste førebyggande tiltaket mot alvorleg sjukdom er framleis å la seg vaksinere.

Pressemelding 08.02.22, kl. 22.30:

Det er i dag 08.02.22 meldt om 31 nye tilfelle av covid -19 i Herøy, medan det i går måndag vart meldt 25 tilfelle.

- Det er såleis ei stigning i talet på nye tilfelle frå førre veke (meldt 66 tilfelle for heile veka) som tilseier at vi  har starta på den varsla smittebølgja, seier kommuneoverlegen i ein kommentar i kveld.

Det er framleis aldersgruppene under 25 år som har over halvparten av tilfella, og då flest i aldersgruppa 15 - 24 år.

Herøy har framleis klart færre tilfelle enn nabokommunane våre, men det er forventa at tala vil stige i dei komande dagane og vekene. 

Eg vil gi følgjande råd seier kommuneoverlegen:

  • er du sjuk, så ta ein sjølvtest. Er den positiv så skal du vere i isolasjon i 4 døgn frå første symptom eller frå testtidspunktet. Registrer du den positive testen på kommunen sine heimesider her, hjelper du oss å halde oversyn over utviklinga. Du får ei stadfesting på SMS frå smittesporingsteamet når registreringa di er behandla. På nettsida finn du nødvendig informasjon om kva du må gjere vidare.
  • du kan ta ein PCR-test ved teststasjonen dersom du er i tvil om det er covid-19 du har, eller om du treng det for koronasertifikatet ditt. Har du tre vaksinedosar treng du ikkje ta slik PCR-test. Du bestiller time her.
  • dei du bur saman med kan gå i barnehage, skule, arbeid eller fritidsaktivitetar, men dei er rådd til å ta ein sjølvtest først. Er den positiv så er dei heime i isolasjon.
  • har du eldre familiemedlemmer som har høgare risiko, ver litt ekstra forsiktig dersom du veit du har vore utsett for smitte. Ta då gjerne ein test før du går på besøk.
  • gratis testar får du ved barnehagane, skulane, servicetorget på rådhuset, biblioteket, Fosnavåg helsehus og Myrvåg legesenter i opningstida.

Barn og vaksne som ikkje har symptom og er friske kan gå i barnehage, skule, arbeid og delta i fritidsaktivitetar.

- Det er varsla ytterlegare lette i reglar og råd om kort tid, avsluttar kommuneoverlegen.

Har du spørsmål: Ta kontakt med smittesporingsteamet på tlf: 948 13 641 (kl. 08.00 – 15.00 på kvardagar) eller e-post: korona@heroy.kommune.no

Kva gjer du ved positiv sjølvtest? Les her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/sjekkliste-positiv-koronatest/

Vekesrapportering/pressemelding 07.02.22, kl. 09.00:

Siste 7 dagar er det registrert 65 nye tilfelle av covid-19 i Herøy. Dette er litt lågare enn førre veke (71 tilfelle). Om lag 1/3 av dei meldte tilfella er i aldersgruppa 4 - 24 år. Det er heller ikkje denne veka nokon over 75 år mellom dei meldte tilfella. 

- Det ser såleis ut til at den venta auken i talet på covid-19-tilfelle let vente litt på seg, seier kommuneoverlegen. 

Dei fleste sjølvregistrerer

Kommuneoverlegen vil gi honnør til innbyggjarane for å melde positive sjølvtestar via nettsida til Herøy kommune.

- Skal vi klare å halde oversikt over kor mange som testar positivt for covid-19 i Herøy, er vi heilt avhengige av at den enkelte registrer sin og/eller barnet sin positive test på nettsida. Eg vil difor oppmode alle som testar positivt om å gjere det. Det er til stor hjelp for oss som skal følgje med og vurdere om det er behov for andre lokale tiltak, forklarar kommuneoverlegen.

Lenke til sjølvregistrering finn du her.

Dersom ein av ulike årsaker skulle ha utfordringar med digital sjølvregistrering, kan ein også nå smittesporingsteamet på telefonnummeret som ein finn på nettsida.

Situasjonen i skular og barnehagar

Styrarar og rektorar ved barnehagar og skular vil framover orientere føresette ved den einskilde barnehage eller skule dersom situasjonen endrar seg. Alle føresette og barn kan får testar ved sin barnehage eller skule slik dei enkelt kan utføre testing dersom det oppstår symptom.

- Testing er frivillig, men er eit godt tiltak for å avklare om det er covid-19 som er årsaka til symptom.

Treng du PCR-test?

Kommuneoverlegen vil framleis oppmode alle som testar positivt for covid-19 ved sjølvtest, også å vurdere om dei har behov for ein stadfestande PCR-test. Ein positiv sjølvtest vert IKKJE registret i noko nasjonalt register, og kan såleis ikkje nyttast ved behov for europeisk koronasertifikat. Då må det ligge føre ein positiv PCR-test eller antigen-hurtigtest teke av helsepersonell. Den vert meldt til nasjonalt register og kjem då på koronasertifikatet ditt automatisk. Dei som har teke tre dosar vaksine, og testar positivt på sjølvtest, treng ikkje PCR-test for gyldig koronasertifikat.

Pressemelding 30.01.22, kl. 21.15:

Det er i veke 4 (24.01 - 30.01.22) meldt 70 nye tilfelle med covid-19 i Herøy.  Det er 21 fleire enn førre veke (veke 3).

Desse fordelar seg med 27 personar under 15 år, 10 personar mellom 15-24 år og 22 personar i gruppa 25-44 år. Ingen personar over 65 år er registret smitta denne veka. Det er altså flest tilfelle hjå barn og unge og i foreldregruppa til no.

Denne veka har vi hatt tilfelle ved følgjande barnehagar og skular: 

  • Bergslia barnehage
  • Ytre Herøy ungdomsskule 
  • Bergsøy skule (1-4 og 5-7)
  • Stokksund skule
  • Herøy vidaregåande skule
  • Einedalen skule
  • Leikanger barnehage

Den venta auken kjem

- Det ser no ut til at vi i vekene som kjem får den venta auken i nye tilfelle, seier kommuneoverlegen. 

Heldigvis er det lite symptom hjå dei fleste barn og unge – det vanlege er forkjølingssymptom og nokre gongar feber. Borna toler infeksjonen godt.

- Det største utfordringa for dei unge er at dei må vere i 6-dagars isolasjon. Det er heldigvis varsla at denne regelen kan verte oppmjuka i løpet av veka. Barn og unge er dei som, saman med dei eldste, har hatt den største belastinga av nedstenginga av samfunnet dei siste to åra. Det er difor særs viktig at barn og unge får vere i barnehagen, på skulen, delta i idrett og kultur, og vere saman med sine vener på fritida. Ein normal kvardag er det beste for borna si utvikling, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen. 

 - Eg har forståing for foreldre som kan vere bekymra for at barnet skal ha med smitte heim frå skule eller fritid. Å halde barnet borte frå barnehage eller skule av den grunn, er likevel absolutt ikkje tilrådeleg. Ein konsekvens av det vil vere at barnet må haldast borte frå barnehagen, skulen, vener og fritidsaktivitetar i mange veker framover. Det vil vere vesentlig meir skadeleg for barnet både på kort og lang sikt, understrekar kommuneoverlegen.

Det er likevel framleis fornuftig at dei eldste med høgare helserisiko, så godt som mulig søkjer å unngå eksponering av smitte, sjølv om dei er vaksinert.

Nye lettelsar på veg

Regjeringa har varsla nye lettelsar i tiltaka komande veke, med særleg vekt på lettelsar for barn og unge.

 - Vi er no på veg over i ein fase der vi oppfattar pandemien meir og meir som ein vanleg influensaepidemi, seier kommuneoverlegen. Utfordringa er ikkje lenger at mange vert alvorleg sjuke, men at mange vert sjuke samstundes, med dei følgjer det kan ha for «den daglege drift» av lokalsamfunnet, avsluttar kommuneoverlegen.

Og hugs:

- Det er framleis ikkje for seint å få di første vaksinedose!

- Ta dose 3 så snart du kan!

- Registrer positiv sjølvtest på kommunen sin  heimeside - det hjelper oss med å halde oversikt.

 

Pressemelding 27.01.22, kl. 14.50:

- Det er i løpet av onsdag 26.01.22 og til no torsdag 27.01.22, meldt om 25 nye tilfelle av covid-19 i Herøy, melder kommuneoverlegen. 16 tilfelle onsdag og 9 torsdag.

Flesteparten av dei nye tilfella er knytt til fleire skular og barnehagar.

Styrar/rektor ved kvar barnehage/skule gir fortløpande informasjon til barn/elevar/føresette om kva tiltak som vert sett i verk.

Framover kjem vi ikkje til å informere kvar kveld som vi har gjort siste tida med pressemeldingar og Facebook-oppdateringar. Dette fordi vi går over i ein meir normal situasjon knytt til overordna strategi frå helsestyresmaktene og regjeringa. Vi kjem likevel med oppdateringar dersom vi får ein markant auke i tal på positive testar. Innbyggjarane skal vere sikre på å få informasjon når dei treng det.

Vi følgjer med tal på personar som testar positivt ved at den einskilde registrerer positiv test på kommunen si heimeside. Ein kan også registrere barna sine. Dette gir oss oversikt over situasjonen og det er derfor veldig viktig at du registrerer positiv sjølvtest via nettsida.

Pressemelding 25.01.22, kl. 22.20:

- Det er i dag meldt til saman 8 nye tilfelle av  covid-19 i Herøy, seier kommuneoverlegen. 

Dei fleste av desse tilfella var allereie i karantene  og har derfor ikkje andre nærkontaktar. Det er ingen av dei nye tilfella som har tilknyting til barnehage/skule, og det er derfor ikkje behov for særskild testopplegg.

Pressemelding 24.01.22, kl. 22.45:

Det er i dag meldt 12 nye tilfelle av covid-19 i Herøy.

Det er framleis den yngre del av befolkninga som testar positivt.

Situasjonen i barnehagane og skulane har utvikla seg slik dei siste tre dagar (22.-24.01.22):

  • Leikanger barnehage: Positive testar hos fire barn og to tilsette.
  • Bergsøy skule: Ein tilsett i klasse 6B har testa positiv på sjølvtest.
  • Stokksund skule: Ein elev i 5. klasse har testa positivt på sjølvtest.
  • Bergslia barnehage: Eit barn ved avdeling Hakkebakken har testa positivt på sjølvtest.
  • Einedalen skule: To elevar i 1. klasse har testa positivt på sjølvtest.

Frå 25.01.22 vert informasjon om positive testresultat hjå tilsette, barn og elevar i barnehage og skule gitt direkte frå barnehagen/skulen til tilsette, føresette og barn/elevar. Barnehage og skule deler og ut testar til alle som treng det for å gjennomføre dei testane som regelverket rår til. Det kjem ytterlegare forenkling i regelverket denne veka. Du finn meir om det her.

Som følgje av denne forenklinga vert det ikkje gitt dagleg oppdateringar om smittesituasjonen i den einskilde barnehage og skule på kommunen sine heimesider.

- Vi overvakar smittesituasjonen i barnehagar og skular dagleg. Det vert difor fortløpande vurdert om det er behov for ytterlegare tiltak i den einskilde barnehage og skule, seier kommuneoverlegen.

- Ved endringar vert det sjølvsagt gitt grundig informasjon om det, forsikrar han til slutt.

Meir om korleis vi informerer ved smitte i barnehagar/skular kan du lese om her.

Pressemelding 23.01.22, kl. 23.20:

Det er i løpet av laurdag og søndag meldt om 13 nye tilfelle av covid-19 i Herøy.

- Som forventa og varsla har vi sidan nyttår fått ein auke i talet på tilfelle av covid-19 både nasjonalt og lokalt. Dei registrerte tilfella i Herøy fordeler seg med 42 i veke 1, 34 i veke 2 og 48 i veke 3 (17.01.22 - 23.01.22). Over halvparten av tilfella siste veke er i aldersgruppa 0-24 år. Som naturleg er, vil det såleis etter kvart også kome fleire tilfelle i foreldre- og besteforeldregruppa, seier kommuneoverlegen.

Barn og unge vert heldigvis lite sjuke av den virusvarianten som er dominerande no.

- Sjølv om omikron-varianten ikkje gir like alvorleg sjukdom som tidlegare variantar, og vi har god vaksinasjonsdekking i den eldre del av befolkinga, vil eg likevel rå til at vi framleis skjermar dei aller eldste med høg risiko for alvorleg sjukdom, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Direkte informasjon til dei som er berørte

Det er, som tidlegare meldt, tilfelle i fleire barnehagar og skular. Det vert sendt ut fortløpande informasjon frå barnehagar og skular til føresette, barn/elevar og tilsette, slik at alle som er berørt vert direkte informert. Det vert også gjennomført testing etter faste rutinar i dei klasser, trinn og grupper der det er påvist smitte.

- Hovudmålet med testinga er å identifisere dei som er sjuke slik at spreiinga av viruset vert forseinka, seier kommuneoverlegen i ein kommentar i kveld.

- Eg vil samstundes nytte høvet til å gi ros til styrarar i barnehagar og rektorar ved skulane våre for den rolege og trygge måtar dei handterer dei krevjande situasjonane dei står overfor. Det er særs viktig for å gi trygge born som skal få ha sin kvardag så normal som råd er, seier kommunedirektør, Trond Arne Aglen.

Auke i kortare sjukefråvær

Det vil verte ein auke i talet på barn som får kortare sjukefråvær i barnehage og skule. Det er viktig at barnehagen og skulen er der når dei vert friske att slik dei får ta opp att sin vanlege aktivitet og kvardag, sjølv om vi også vil få eit auka sjukefråvær hjå dei vaksne.

- Det kan i den situasjonen vi er på veg inn i verte krevjande å oppretthalde fullgode kommunale tenester, seier kommunedirektøren.

- Alle dei kommunale tenestene har førebudd seg for korleis ein må prioritere oppgåvene når sjukefråveret vert høgt. Barn og unge skal kunne gå i barnehage og på skule, sjølv om undervisinga vil kunne verte redusert i ein kortare periode. Dei som treng helse- og omsorgstenester heime, i omsorgsbustadar og sjukeheim, skal få forsvarlege tenester, avsluttar han.

Pressemelding 21.01.22, kl. 22.40:

- Det er i dag meldt 11 nye tilfelle av covid-19, seier kommuneoverlegen. Eit av desse er busett i ein annan kommune. Fire av tilfella blei avdekte gjennom anbefalt testing av nærkontaktar, fem andre tilfelle er knytt til Leikanger barnehage, eit tilfelle ved Ytre Herøy ungdomskule (9A) og eit ved Bergsøy skule (6A).

Tilsette og føresette har fått særskild informasjon.

Pressemelding 20.01.22, kl. 22.35:

- Det er i dag meldt 9 nye tilfelle av covid-19 i Herøy, seier kommuneoverlegen.

Tre av tilfella er personar som allereie var i isolasjon eller karantene. Eit tilfelle er knytt til Einedalen skule, 4. klasse, eit knytt til Bergsøy skule (klasse 6A) og dei resterande fire er knytt til Leikanger barnehage, avdeling Bukkene Bruse og Rødhette. Tiltak er sett i verk desse stadane, der tilsette og føresette har fått særskild informasjon.

Pressemelding onsdag 19.01.22, kl. 22.40:

- Det er i dag registrert 7 nye smittetilfelle av covid-19, melder kommuneoverlegen i kveld.

Fire av tilfella har tilknyting til Bergslia barnehage, avdeling Hakkebakken. Det er i samband med dette sett i verk tiltak og vidareføring av testopplegg. Det er også sett i gang tiltak ved Nerlandsøy skule, 5-7 trinn etter eit smittetilfelle. Tilsette og føresette er informerte. 

Dei andre tilfella er knytt til innanlandsreise/smitte annan stad i landet.

Pressemelding 18.01.22, kl. 23.20:

- Det er i dag meldt 6 nye tilfelle av covid-19, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Dei siste fire dagane er det meldt til saman 21 tilfelle. Mange av desse er knytt til nokre skular (Herøy vidaregåande skule, Ytre Herøy ungdomsskule, Bergsøy skule) og barnehagane Bergslia barnehage, Leikanger barnehage og Gnist barnehage Myklebust. Tilsette og føresette er direkte informert via skulen/barnehagen og har fått rettleiing om gjeldande testopplegg.

- Vi ser at born som vert smitta no vert lite eller moderat sjuke. Dei får vanlege influensasymptom, og nokre får feber over 1- 3 dagar. Andre får nesten ikkje symptom i det heile. Borna klarar seg godt. Den største belastinga for dei er nok den testinga dei skal igjennom, og det ikkje å få vere på skulen dei 6 dagane dei må vere heime, fortel kommuneoverlegen.

- Det overordna målet for oss i vekene som kjem er at borna skal få ha ein så normal kvardag som råd er, med skulegang og fritidsaktivitetar, men borna som er smitta må vere borte frå skulen i den fastsette 6-dagarsperioden før dei startar opp att. 

Eg vil likevel gi eit råd til foreldre til born som vert sjuke:

  • unngå så godt som råd er at dei aller eldste i familien vert smitta, sjølv om dei er vaksinerte.
  • det same gjeld om der er nokon som er uvaksinerte i familien.

Skular og barnehagar i Herøy driv no på gult nivå. I løpet av veka vert det avgjort kva nivå drifta skal vere dei neste vekene. Før det vert avgjort vil det verte grundig drøfta med leiinga ved skular og barnehagar.

Pressemelding 17.01.22, kl. 23.00:

- Det er i dag meldt om 6 nye positive sjølvtestar i Herøy, melder kommuneoverlegen.

3 av dei er avdekt gjennom testing ved Bergslia barnehage, avdeling Hakkebakken. 

Eit anna tilfelle er knytt til Herøy vidaregåande skule. 

Tilsette og føresette ved både barnehagen og skulen er informerte og tiltak er sett i verk.

Dei to andre melde tilfella er personar som allereie er i smittekarantene eller isolasjon.

Pressemelding 16.01.22, kl. 22.30:

- Det er i løpet av laurdag og søndag meldt om ni nye tilfelle av covid-19 i Herøy, seier kommuneoverlegen.

Eitt smittetilfelle er knytt til Bergslia barnehage, avdeling Hakkebakken, to tilfelle er knytt til klasse 6A ved Bergøy skule, to tilfelle ved Ytre Herøy ungdomsskule (klasse 9D og 10C) og til sist eit tilfelle ved Herøy vidaregåande skule (helsefag, klasse 2). 

Føresette og tilsette er informerte om testopplegget utover veka og gjeldande regelverk.

Tiltak er såleis sett i verk og smittesporinga held fram.

Pressemeldig 14.01.22, kl. 23.00:

- Det er i dag meldt to nye tilfelle av covid-19 i Herøy, melder kommuneoverlegen.

Eitt av tilfella er knytt til utanlandsreise, medan det andre frå reise ein anna stad i landet. Tiltak er sett i verk.

Pressemelding 13.01.22, kl. 22.30:

- Det er i dag meldt om 4 nye tilfelle av covid-19 i Herøy, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

To av tilfella er knytt til personar som allereie var i karantene. To tilfelle er knytt til innreise. Tiltak er sett i verk.

Pressemelding 12.01.22, kl. 23.10:

- Det er i dag registret 13 nye tilfelle med covid-19 i Herøy, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Fleire av tilfella er personar som allereie er i karantene eller isolasjon, eller har fått påvist positiv test ved innreise frå utlandet. 

Det er i dag ikkje rapportert om positive svar frå dei testane som tekne ved Troll-lia barnehage., Gnist barnehage Myklebust og Stokksund skule.

- Det er fint, seier kommuneoverlegen.

Vi kan vente at vi vil få eit jamt tilsig av nye positive testar i dagane og vekene som kjem. Dersom nasjonale styresmakter sine spådomar slår til i Herøy så vil vi få ein vekst i talet på personar som får covid-19 dei komande vekene.

- Det beste forsvar den einskilde kan ha er å vere godt vaksinert. Kring 90 % av alle over 65 år har no teke den tredje vaksinedosen i Herøy.. Det er det beste forsvar mot å verte alvorleg sjuk. Det er og viktig at dei yngre aldersgruppene møter opp og får sin tredje dose. Vi har god kapasitet til at alle som vil, kan få den når det er gått 20 veker frå dose 2, seier han til slutt.

Pressemelding 11.01.22, kl. 21.45:

Det er i dag meldt fire ny tilfelle av covid-19 i kommunen, melder kommuneoverlegen i kveld.

Alle fire er knytt til to innreiser frå utlandet. Alle hadde testa positivt ved grensepassering, og var sett i isolasjon med ein gong.

Pressemelding 10.01.22, kl. 22.50:

Det er i dag meldt éin positiv covid-19-test i Herøy. Testen var teken som rutineundersøking i samband med helseteneste. Den vert følgd opp med PCR-test for å stadfeste funnet. Isolasjon og karantene er sett i verk førebyggande. Testinga ved Stokksund skule, Troll-lia barnehage og Gnist barnehage Myklebust har i dag ikkje avdekt nye positive testar.

- Dette er så langt roande, men det er litt tidleg å konkludere enno, meiner kommuneoverlegen.

- Eg vil rose barnehage, skule og føresette for å utvise ro og tryggleik overfor barn og elevar når vi har ein testsituasjon som ved desse tre lokalisasjonane. Å finne balansen mellom tiltak for å avgrense smitten, samstundes som barn og unge får ha ein så normal kvardag både i barnehage, på skulen og i fritida saman med vener, er eit overordna mål både for regjeringa og kommunen. All erfaring viser at det er fråvær frå skule, vener og aktivitet som er den største belastinga for dei, avsluttar kommuneoverlegen.

Pressemelding 09.01.22, kl. 21.20:

Det er i dag meldt 3 nye positive testar for Covid-19 i kommunen. Alle tre er hjå personar som er i karantene, der er såleis ikkje nye nærkontaktar som kan vere smitta, opplyser kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i kveld.

Det er i kveld ikkje meldt om positive testsvar i samband med den pågåande testinga ved Stokksund skule. Testinga dei komande dagane vil avklare om det vert nødvendig med ytterlegare tiltak, avsluttar han.

Pressemelding 08.01.22, kl. 22.00:

Det er i dag meldt 9 nye tilfelle med positiv covid-19-test i Herøy.

- Til saman er det meldt 26 tilfelle dei siste tre døgna, opplyser kommuneoverlegen. Det ser ut til at vi står overfor eit nytt utbrot av covid-19 i kommunen, seier han.  

Det er sett i verk omfattande tiltak med isolering, karantenesetting og testing. Det er sett i verk tiltak både ved Troll-lia barnehage, Gnist barnehage Myklebust, NAV Herøy, distriktstannklinikken i Fosnavåg og Stokksund skule i tillegg til tiltak som er knytt til fleire familiar og einskildpersonar. Det er siste veka avdekte fleire smittevegar inn i kommunen, både frå nabokommunar og frå utlandet (Danmark, Storbritannia).

- Gjennomføring av dei oppstarta testregima vil avdekke om vi får fleire tilfelle den komande veka, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Det er grunn til nok ein gong å gi følgjande oppmoding:

  • Ikkje ha fleire kontaktar enn nødvendig
  • Unngå større samlingar både i familien og sosialt elles i dei komande vekene.
  •  Ta ein test om du har symptom.

Pressemelding 07.01.22, kl. 22.30:

- Det er i dag meldt om 6 nye positive covid-19-testar i Herøy, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Desse synest så langt å vere knytt til påviste smittetilfelle der personar allereie er sett i isolasjon eller karantene.

Det er i dag påvist eitt tilfelle hjå eit barn i Troll-lia barnehage, og hjå ein tilsett ved Stokksund skule. Det er sett i verk særskilde tiltak på desse stadane. Tilsette og føresette er særskild informert.

- Dei testregima vi har sett i gang vil vonleg avdekke nye tilfelle knytt til pågåande utbrot, slik av vi kan avgrense vidare spreiing av smitten. Dei komande dagane vil avklare om vi lukkast med dette, seier kommuneoverlegen til slutt.

Pressemelding 06.01.22, kl. 23.00:

Herøy kommune har i dag registrert 10 nye tilfelle med positive covid-19-testar. Fem av dei er hjå personar som alt er i isolasjon eller karantene. Dei andre fem har litt ulike smittevegar som smittesporinga ikkje har avdekt fullt ut enno. Alle er sette i isolasjon og nærkontaktar og familiemedlemmer er sette i karantene.

- Testing og sporing held fram i morgon, opplyser kommuneoverlegen.

Eitt av tilfella, med framleis ukjend smitteveg, er ein elev ved Ytre Herøy ungdomsskule klasse 9 D. I samsvar med rutinane er føresette og tilsette informerte, og det vert gjennomført testing av tilsette og medelevar i same klasse i samsvar med regelverket. Det vart gjennomført kontrolltest av eleven og familien i dag som vi får svar på i morgon ettermiddag.

- Vi er no inne i ein stigande trend med smitte i kommunen, seier kommuneoverlegen. Vi må vente oss at dette held fram i vekene som kjem. Tiltaka vi set i verk har som føremål:

  • å avgrense smitten slik at den ikkje får spreie seg til dei mest sårbare gruppene - eldre personar med svekka helsetilstand  - og dei middelaldrande uvaksinerte. Det er desse to gruppene som har størst risiko for alvorleg sjukdom ved smitte.
  • å sikre at barn og unge får gå i barnhage eller skule, og delta i fritidsaktivitetar så normalt som råd er.
  • å hindre at mange vert sjuke på ein gong slik at helsetenesta, skulen, barnehagen osv. må stenge fordi folk ikkje kan møte på arbeid fordi dei er isolerte eller i karantene.

Pressemelding 05.01.22, kl. 22.00:

Det er i dag registrert 7 nye tilfelle med covid-19, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Desse tilfella er knytt til tre ulike smittevegar. Tiltak er sett i verk. 

Det er også sett i verk testing i Troll-lia barnehage, avdeling Tusseladden, etter at ein tilsett fekk positiv testsvar i dag. Det er sendt ut særskild informasjon til tilsette og føresette i ettermiddag.

- Vi er, som tidlegare varsla, inne i ein stigande trend med fleire positive testar for kvar dag som går, opplyser kommuneoverlegen.

Til saman er det registrert 18 nye tilfelle på dei fem første dagane i året. Dei nye tilfella er knytt til innreise frå utland og til nyttårsfeiringa. 

Det er to hovudoppgåver som gjeld dei komande vekene:

- Avgrense påvist smitte slik at færrast mulig vert smitta og sjuke.

- Forhindre at det oppstår alvorleg sjukdom som følgje av smitten.

Det første oppnår vi med å:

  • halde avstand
  • bruke munnbind
  • halde seg heime når ein er sjuk
  • ha så få nærkontaktar som råd er
  • unngå samlingar eller selskap med mange personar

Det andre oppnår vi med å vaksinere oss anten det er dose nr 1 , 2 eller 3.

Det er snart 800 personar i Herøy som har fått dose 2 som kan ta dose 3 innan 10.01 (meir enn 20 veker sidan dose 2), som ikkje har bestilt seg time for dose 3!

Er du ein av dei?

Bestill deg time her eller berre møt opp for å ta vaksinen din!

Oversikt over vaksinasjonsdatoar og tider finn du her.

Pressemelding 04.01.22, kl. 21.45:

Det er i dag meldt fire ny tilfelle av positiv covid-19-test i Herøy, opplyser kommuneoverlegen.

Eitt tilfelle er knytt til person som allereie er i isolasjon.

Eitt tilfelle er knytt til innreise frå Spania, og eitt har utgangspunkt i Ørsta. 

Det siste tilfellet er usikkert og avdekt gjennom testing før skulestart. Dette vert følgd opp i morgon med ny kontrolltesting. Det er ikkje meldt nokon positive testar hjå born i grunnskulen som testa seg i dag før skulestart.

- Det er oppløftande, seier kommuneoverlegen, som seier vidare at det kan tyde på at det er lite uoppdaga smitte mellom born og unge i kommunen akkurat no.

Omikron i Herøy

Fleire av tilfella som er avdekt siste dagane i Herøy, er smitta med omikron-varianten. Det vert det i dag opplyst frå Mikrobiologisk laboratorium i Molde. Dei siste dagane er meir enn halvparten av smittetilfella i Møre og Romsdal denne varianten.

- Omikronvarianten er meir smittsam, men den gir heldigvis litt mindre alvorleg sjukdom, seier kommuneoverlegen. Vi ser framleis, som også tidlegare opplyst, at dei som er vaksinerte, vert sjeldnare smitta, dei smittar færre og dei vert mindre sjuke. Det er den tredje dosen som er mest utslagsgjevande også for denne varianten. Ein andre eller tredje dose med Moderna-vaksinen ser ut til å gi litt betre immunitet mot akkurat omikronvarianten, seier han.

Kva kan vi vente oss framover?

- Eg forventar at vi i januar - mars vil få mange nye tilfelle med covid-19 i kommunen, seier kommuneoverlegen.

- Vi vil på beste måte avgrense og forseinke smitten, slik at ikkje alle vert sjuke samstundes. Det beste du sjølv kan bidra med, er å halde dei vanlege smitteverneglane og å vaksinere deg. Smittesporing, karantensetting og isolering er ikkje nok aleine til å hindre at mange vert smitta. Vaksinasjon er det som fungerer best, avsluttar kommuneoverlegen.

Pressemelding 03.01.22, kl. 22.30:

Det er i dag meldt om 5 nye positive covid-19-testar i Herøy. 4 av dei er knytt til personar som allereie er i testregime  og i karantene.

Ein positiv test er knytt til rutinetesting i samband med arbeidsoppdrag, opplyser kommuneoverlegen i kveld.

Tiltak med karantene og isolasjon har som føremål i å avgrense smitten til grupper av personar som no er identifiserte som nærkontaktar.

Pressemelding 02.01.22, kl. 22.15:

- Nyttårsaftan vart det meldt tre covid-19-tilfelle i Herøy, den 01.01 eitt tilfelle, og eitt i dag 02.01, melder kommuneoverlegen i kveld.

Alle fem har direkte tilknyting til dei tilfella vi melde den 30.12, og er såleis knytt til innreise frå utlandet.

Dei første analysane om vi står overfor omikron-varianten er venta i morgon ettermiddag.

Det er til no ikkje påvist nye tilfelle ved seksjon blå, Herøy omsorgssenter, men tiltaka med testing og besøksrestriksjonar ved seksjonen (A og B) vert vidareført ut komande veke.

- Det er sett i verk både isolering og karantenesetting med det formål å avgrense den vidare smittespreiinga, avsluttar han.