Sjukeheim - telefonnummer for å avtale besøk

Dersom du skal besøke nokon på sjukeheimen er det viktig at du tek kontakt for avtale på førehand.

Telefonnummer for å avtale besøk :

  • Eggesbøtun 96094502
  • Grøn avdeling 96094521
  • Raud avdeling 96094511
  • Myrvåg omsorgsenter, Avd B 97055471 gr 1, 97055474 gr 2
  • Myrvåg omsorgsenter, Avd A 96094532 og 96094533

Det ikkje ønskjeleg med besøk før det har gått 10 dagar dersom du har vore ute av landet.

Besøkstida er frå 11.00 -13.00 og 16.00-18.00.

Les meir her.

Retningslinjer for besøk i helseinstitusjonar i Herøy kommune:

  1. 1. Besøk til bebuar i sjukeheim kan gjennomførast anten på pasienten sitt rom (berre der pasienten har einerom med eige bad/toalett), på sjukheimen sitt uteområde eller på eige tilrettelagt besøksrom. Lokale forhold i den einskilde sjukeheim avgjer kvar det aktuelle besøket kan gjennomførast. Besøk kan ikkje gjennomførast på fellesareal i sjukeheimen. Besøk kan og gjennomførast som biltur med 1-2 pårørande eventuelt som besøk til eigen heim, men då berre saman med den/dei som er registrert som besøkande. Besøk på butikkar, opne forsamlingar, selskap og lignende, kan og gjennomførast i særskilde høve, men då etter konkret fastsette smittevernrutiner for kvart einskild besøk.

    2. Kvar sjukeheim/sjukeheimsseksjon opprettar eit besøksrom som er så stort at det er plass til inntil 3-4 personar som kan ha 1 meters avstand mellom kvarandre i alle retningar.

    3. Tal på besøkande bør avgrensast til 1-3 pr gong, og ikkje fleire enn at regelen om minst 1 meters avstand kan haldast av alle. I særskilde høve ved besøk ute, kan det vere inn til 5 besøkande, men slik at avstandsregelen vert følgd.

    4. Alle besøk skal avtalast med seksjonsleiar, eller ansvarsvakta, på førehand, og seksjonen samordnar tidspunkta for besøka. Varigheit av besøket bør avgrensast innanfor 60 min.

    5. Det skal førast besøksprotokoll som sikrar rask smittesporing dersom det vert naudsynt.

    6. Alle besøkande er forplikta å melde frå til institusjonen dersom dei etter besøket får påvist smitte med Covid-19, eller vert definert som nærkontakt ved pågåande smittesporing.

    7. Pårørande eller andre som har vore på reise utanfor Norge siste 10 dagar, bør ikkje komme på besøk før 10 dager etter heimkomst.

    8. Dersom pårørande har vore testa for SARS-CoV-2, bør dei ikkje kome på besøk før negativt prøvesvar ligg føre.

    9. Den/dei som er besøkande skal vere friske, og ikkje ha teikn til luftvegsinfeksjon. Om dei har hatt slik infeksjon skal dei ha hatt minst to døgn uten symptom før besøk.

    10. Det skal gjennomførast reinhald inkludert kontaktflatereinhald av besøksromet/pasientromet og berørte gjenstandar før og etter besøk.

    11. Den/dei besøkande vert møtt av personalet og ført direkte til besøksromet/pasientromet/uteområdet utan kontakt med andre i institusjonen.

    12. Besøkande skal gjennomføre handvask/spritvask før og etter besøket. Det same gjeld den som mottek besøk.

    13. Når ein har gjennomført god handhygiene er det greit å halde kvarandre i hendene i kortare tid, men unngå klemming og kyssing.

    14. Det er lov å ta med gåver, blomster osv.

    15. Dersom ein har med mat skal det gjennomførast god handhygiene før måltid. Institusjonen sitt kjøkken kan ikkje nyttast.

    16. Pasientvener kan ta med pasientar på tur ut også utanfor sjukeheimsområdet, eventuelt gjennomføre samlingar inne på fellesareal. Institusjonen har ansvaret for at pasientvener har oppdatert kunnskap om basalt smittevern. Pasientvener har ansvar for at smittevernrutiner vert føgde ved gjennomføring av aktivitetar. Aktivitet skal registrerast som besøk.

    17. Det kan gjennomførast konsertar og underhaldning i fellesarealet på sjukeheimane og omsorgsbustadane under følgjande føresetnadar:

    - At det framleis er lågt smittepress i kommunen.

    - At det er frå 1-3 opptredande som alle skal vere friske.

    - At berre personell og bebuarar ved avdeling/institusjon/omsorgsbustad er publikum.

    - Avstandreglane skal haldast.

    - Minst 2 meter til dei opptredande.

    - Overflatereinhald før og etter.