Smittesporing og smittevernrettleiar

Her finn du informasjon om smittevernrettleiarar og smittesporing for skjenke- og serveringsstader.

Smittevernrettleiar og smittesporing

Treng du ein eigen smittevernrettleiar?

Folkehelseinstituttet (FHI) har laga ein mal som bransjar, tenester og organisasjonar kan bruke for å utarbeide eigne smittevernrettleiarar eller bransjestandarar tilpassa sin aktivitet.

FHI får mange førespurnader frå ulike bransjar, verksemder, organisasjonar og andre som ønskjer hjelp til å utarbeide spesifikke smittevernråd eller bransjestandardar.

Malen som no er laga kan tilpassast alt frå offentlege tenester og private verksemder til frivillige organisasjonar og liknande.

Vil du vite meir om dette? Her finn du meir informasjon og lenkje til malen.

Smittesporing for skjenke- og serveringsstader

Registrering av kontaktopplysningar på skjenke- og serveringsstader

Helsedirektoratet krev at alle serveringsstader med skjenkeløyve innfører frivillig registrering av kontaktinformasjon til gjestar. Sjå nærare informasjon på Helsedirektoratet sine nettsider (helsedirektoratet.no). 

Registrering av kontaktopplysingar er også aktuelt for andre serveringsstadar. Formålet med frivillig registrering av kontaktopplysningar er å lette arbeidet med smittesporing dersom ein gjest får påvist covid-19 etter besøket.

Datatilsynet gir rettleiing om forståinga av personvernregelverket, og har publisert ein artikkel om besøksregistrering og smittesporing (datatilsynet.no). Der finn ein informasjon om kva personvernregler som gjeld for slik registrering.