Spørsmålsteneste

I denne saka finn du informasjon om kven du kan kontakte om du har spørsmål.

Publikumstelefonen til Helsenorge

Helsenorge har ein eigen informasjonstelefon for alle som vil ha informasjon om korona-viruset: 815 55 015 ( Telefonen er open kvardagar 08-18 og helgar 10-16). 

Du finn god informasjon på helsenorge.no om covid-19.

Spørsmålsteneste og koronatelefon i Herøy

Det er viktig at du gir beskjed i så god tid som mogleg dersom du ikkje kan møte til vaksinasjon.

Vi oppmodar alle om å nytte e-post så lenge det ikkje gjeld avbestilling av time tett opptil vaksinasjon. Vi gir deg tilbakemelding på e-post så raskt vi kan.

Nytt også e-post om du har spørsmål om koronavirus. Ikkje oppgi personsensitive opplysingar.

E-post:

korona@heroy.kommune.no

Telefon:

Dersom du ikkje kan nytte e-post, kan du ringe koronatelefonen på nr: 469 15 360.

Du kan ikkje sende SMS til dette nummeret.

Koronatelefon har ope i vekedagane (tysdag-fredag) frå kl. 10.00 - 14.00.

Måndagane er vaksinasjonsdag. Då har koronatelefonen ope frå 08.00 – 17.00.