Testing, karantene, isolasjon og reising

I denne artikkelen finn du informasjon om reising, testing, karantene og isolasjon.

Om testing, karantene og isolasjon

Korleis kan eg få testa meg?

Oppfyller du kriteritum for korona-test?

Då vil vi at du skal teste deg.

1. Har du eitt eller fleire av desse symptoma?

  • forkjøling (snørr, hoste)
  • tungpust
  • tap av smak eller luktesans
  • feber
  • sår hals
  • sjukdomsfølelse

2. Kjem du på reise frå raudt land?

3. Har du mistanke om at du sjølv kan ha vore utsett for smitte? 

Sjølv om symptoma er svært milde, vil vi teste deg. Legesentera i Herøy har god kapasitet til testing av dei som har behov for det.

No kan du bestille tid for testing i app, SMS, og på nett. Det gjer du her..

Barn skal testast på lik linje med vaksne. Barn blir oftare mindre sjuke enn vaksne av covid-19, men dei kan like fullt smitte andre. 

Dersom du er på ferie i Herøy, på gjennomreise eller har lang veg til fastlegen din, kan du ta kontakt med det nærmaste legekontoret eller legevakt for testing:

Pasientar skal ikkje betale eigendel ved mistanke om smitte som fører til undersøking. Fritaket for eigendel gjeld også ved behandling og kontroll av sjukdomen. Les meir om det her.

Ta ein koronasjekk her.

Rettleiar frå FHI som viser når barn skal vere heime frå barnehage/skule og når dei bør testast for covid-19 finn du her.

Når skal barna testast og haldast heime?

Barn i barneskulealder og yngre blir sjeldnare sjuke av det nye koronaviruset. Dersom dei blir sjuke, har dei oftast eit lett forløp av covid-19. Symptoma er ofte milde og kortvarige og kan vere vanskelege å skille frå andre luftvegsinfeksjonar. Med luftvegssymptom meiner ein til dømes hoste, sår hals, nesetettheit og rennande nase. Barn med covid-19 har ikkje nødvendigvis feber og hoste. Dersom barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, skal dei haldast heime, særleg dersom barnet har fleire symptom samstundes eller ikkje er heilt i form (det som vert kalla nedsett allmenntilstand). Det vert gjort unntak for barn i barneskule- og barnehagealder som berre har rennande nase og elles er i god allmenntilstand. Dei barna treng ikkje å vere heime.

Dei minste barna vil ofte ikkje klage på vond hals og kroppsverk, men det merkast gjerne at dei er i ferd med å bli sjuke ved at dei sutrar meir enn vanleg, ikkje vil spise, i tillegg til at dei har til dømes rennande nase eller hoste. Foreldre må derfor vere ekstra merksame når barnet verkar å ikkje vere heilt i form og i tillegg har nokre symptom frå luftvegane, og halde barnet heime.

Ved feber og hoste bør barnet testast for covid-19. Ved kun lette luftvegssymptom utan feber, kan ein sjå an tilstanden heime i eit par dagar. Om barnet ikkje vert betre, tilrår ein testing. Ved rask betring, kan barnet gå tilbake utan test.

Når kan barn i barneskulealder og yngre kome tilbake i barnehage/skule?

Barn som er symptomfrie, kan kome tilbake i barnehage/skule.

Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan kome også tilbake i barnehage/skule. Det betyr at allmenntilstanden avgjer når barn kan kome tilbake i barnehage/skule. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som rennande nase (uansett farge på snørret) eller sporadisk hoste. Slike symptom er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon hos mindre barn. Så lenge symptoma kan knyttast til ein gjennomgått infeksjon, og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet kome tilbake i barnehage/skule når allmenntilstanden er god eller tilbake til normalt for dette barnet.

Alle som får påvist covid-19 skal i isolasjon, og følgast opp av helsetenesta.

Les meir her.

Korleis skjer testinga og når får eg svar?

Testing skal alltid vere avtalt på førehand. Du vil få beskjed om når du skal møte og kvar du skal møte. 

Herøy legesenter:

Testing går føre seg før kl.11 på kvardagar. 

Myrvåg legesenter:

Testing skjer kvardagar mellom kl. 11-12.

Korleis går testinga føre seg?

Du får informasjon med helsepersonell om kvar og kva tid du skal møte. Testing går føre seg utanfor legekontoret. Du sit i bilen heile tida og skal ikkje gå ut. Når det er din tur, blir du/de vinka fram. Då rullar du ned litt bilvindauget og personellet tek prøve frå bakre del av svelget/halsen og nasa. Det er fort gjort og etterpå køyrer du/de heim.

Kva skjer etter eg har tatt ein test?

Når du venter på prøvesvar må du halde deg heime, anten i karantene eller isolasjon. Der er viktig at du fyl dei råda du har fått angåande dette.

Kor lang tid tek det før eg får svar?

Det tek vanlegvis 2-4 dagar før vi får svar på prøva di. Ved positive prøver, analysert ved lab i helga, vert dei svart ut med telefon til rekvirent og smittevernoverlege i helga.

Vi tek alltid kontakt med deg, enten prøva er positiv eller negativ.

Vi kontaktar deg på SMS eller ringjer deg.

Svaret vert lagt på helsenorge.no, slik at du kan sjå svaret sjølv, samstundes som legen din får svaret. 

Om isolasjon

Dersom du har fått påvist covid-19, skal du i isolasjon.

Les meir om retningslinjene for isolasjon her.

Om karantene

Det er to årsaker til at du må i karantene. Anten at du har vore på utanlandsreise eller at du har vore i kontakt med ein person som har påvist covid-19.

Dersom du har vore på utanlandsreise er det området du har vore på reise i som avgjer om du skal i karantene i 10 døgn eller ikkje. Innreisekarantene gjeld frå den dagen du kjem til Noreg. Sjå kart over raude og grøne land her.

Les meir om reisekarantene og smittekarantene her. Her står det også om korleis karantene skal gjennomførast.

Her finn du Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (Covid-19-forskriften).

Les om dine rettigheiter på NAV sine nettsider her.

Om mannskapsskifte

Herøy kommune følgjer dei nasjonale retningslinjene for karantene og isolasjon. Jamfør § 5 og 6.

Karantene ved innreise til Noreg gjeld uavhengig om det er gjennomført strenge karantenereglar i utlandet.

Smittevernoverlegen har ikkje mynde til å gjere unntak.

Dersom du er i tvil om reglane kan du kontakte smittevernoverlege, Bjørn Martin Aasen:

Tlf. 90 11 77 91

E-post: bjorn.martin.aasen@heroy.kommune.no