Utskrift av koronasertifikat

Teststasjonen skriv ut koronasertifikat basert på antigen hurtigtest teken på teststasjonen. 

Løysinga er tenkt for deg som ikkje kan bruke helsenorge.no

Koronasertifikatet viser om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet dersom du har negativ koronatest. 

Du kan bestille tid til testing her.  Skriv i merknadsfeltet at du treng utskrift av koronasertifikat.

Du kan også vende deg til teststasjonen for å avtale tid til test. Telefon: 94 81 36 41 (kl. 9 -15) eller korona@heroy.kommune.no.

Ha med gyldig ID (pass, ID-kort eller førarkort) når du kjem til testing.

Tenesta er gratis.