Barn 5 - 11 år med alvorleg grunnsjukdom

Det er no opna for vaksinasjon av barn 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom.

Herøy kommune har fått ansvar for å gjennomføre vaksinasjon av barn busette i Sande og Vanylven kommune, i tillegg til eigen kommune.

Føresette som har barn med desse grunnsjukdomane, må ta kontakt med fastlegen sin/spesialisthelsetenesta der barnet får behandling, for å få avklaring om barnet skal ta vaksinen eller ikkje.

Ta deretter direkte kontakt med leiande helsejsukepleiar, Kari-Janne Ljones Kulø, for å få tildelt time.

Tlf.  941 67 708

E-post: kari.janne.kulo@heroy.kommune.no

Ikkje send sensitive opplysingar på e-post. Vi kontaktar deg og etterspør nødvendige medisinske opplysingar.