Spørjeundersøking: Kva for eit Herøy vil du bu i når du blir eldre?

Bestille time til koronavaksinasjon

Bestille time til koronavaksinasjon

Det er ein fordel om du bestiller time når du skal ha koronavaksine. Ved å bestille time vil du unngå lang ventetid og vi kan planlegge vaksineringa på ein betre måte.

Bestill time her

Klikk her for å komme til timeboka der du bestiller time. Vi tilbyr no berre Pfizer-vaksinen. Den kan takast av alle som skal ha oppfriskingsdose. 

Hugs at koronavaksinen skal takast minst sju dagar før/etter anna vaksine. Har du hatt koronasjukdom den siste tida skal du vente fire månader før du tek oppfriskingsdose.

Det vert også drop-in på vaksinasjonsdatoane. Dei som møter til drop-in kan oppleve ventetid. Ein oppmodar derfor alle om å bestille time for vaksinering. 

Treng du hjelp til bestilling av time

Treng du hjelp til bestilling, kan du sende e-post eller ringe:

E-post: korona@heroy.kommune.no 

Telefon: 70 08 13 00 (sentralbordet i kommunen, ope 9–15)