Ny oppfriskingsdose: anbefaling til risikogruppene, tilbod til alle over 18 år
No før vintersesongen 2022/2023 er desse risikogruppene anbefalte å ta ny oppfriskingsdose med koronavaksine:
Ny oppfriskingsdose vil for dei fleste vere dose 4, men for enkelte med svekka immunforsvar kan det vere dose 5.
I tillegg kan alle personar mellom 18 og 64 år få ny oppfriskingsdose dersom dei ønskjer det, sjølv om dei ikkje er i ei risikogruppe.
Sjå datoane du kan få vaksine og bestill time her.
Meir om oppfriskingsdosen
- Det bør vere minst fire månadar frå førre vaksinedose (korona).
- Det bør vere minst fire månadar frå du vart frisk av gjennomgått koronainfeksjon (ny forsking viser at du får best effekt av vaksinen då).
- Vaksine skal vere sju dagar før/etter anna vaksine.
- Kvinner og menn under 30 år vil få tilbod om Comirnaty Original/Omicron BA.1 (BioNTech/Pfizer).
Vaksinar som vert nytta til oppfriskingsdose
- Comirnaty Original/Omicron BA.1 (BioNTech/Pfizer).
- Spikevax Bivalent Original/Omicron BA.1 (Moderna).