Norsk: Vaksine

Herøy kommune tilbyr no vaksinasjon mot covid-19 til alle vaksne innbyggjarar i kommunen. Dette tilbodet omfattar alle som bur og oppheld seg i kommunen.

Du kan finne informasjon om vaksine på fleire språk via våre heimesider, men vi ønskjer å gå spesifikt ut med informasjon knytt til registrering for vaksinasjon i Herøy kommune. Denne informasjonen finn du på ulike språk på nettsida vår her.

Det er viktig for oss å nå fram til alle.

Korleis få tilbod om vaksine?

Alle må registrere seg før ein får tilbod om vaksine, slik at vi veit kven vi skal tilby vaksine til.

Det betyr at du skal registrere deg både når du vil takke ja til vaksine, men også dersom du ønskje å takke nei. Det gjer du her.

Ved registrering må du fylle ut eit skjema med personlege opplysingar. Dette skjema ligg ikkje føre på alle språk. Ta kontakt med arbeidsgjevar som kan hjelpe til med registrering for dei som ønskjer og har behov for det. Servicetorget i Herøy kommune kan også hjelpe med dette. Ring 469 06 458 for slik hjelp. Ikkje send SMS.

Registreringa bør gjerast snarast råd. Du vil få beskjed på SMS når det vert din tur å få vaksine. Når du får den beskjeden, kan du sjølv booke time ved å logge på der du registrerte deg.

- Alle vaksne i Herøy får tilbod om gratis vaksine mot Covid-19 i løpet av vår og sommar.

- Vaksinasjonen startar med dei eldste og dei med høgast risiko. Etter kvart får dei yngre også tilbodet.

- Vaksinasjonen er gratis.

- Vaksinasjon er frivillig.

- Vaksinasjonen vert gjort vanlegvis med to dosar med nokre vekers mellomrom.

- Har du har hatt covid-19 bør du likevel ta vaksinen. Du får då éin dose, ikkje to.

Hald deg oppdatert på www.heroy.kommune.no