Koronavaksinasjon i Herøy kommune

Klikk for stort bileteHer finn du svar på spørsmål om vaksinasjon.

Vaksinasjon

Kan eg bestille tid for vaksinasjon?

Nei, ikkje enno. Vi startar vaskinasjon i veke 1, men dei første vekene er det bebuarane i sjukeheimane våre som får først.

Når du kan få vaksine, blir du kontakta på SMS med nærare instruksar for korleis få time.

Alle over 80 år blir kontakta på telefon etter kvart som vaksinane kjem. Dette skjer puljevis over fleire veker, avhengig av kor mange vaksinedoser vi får. Vi gjer dette for å sikre at alle som ønskjer det, får høve til å få vaksinen.

Vaksinering av ei aldersgruppe/risikogruppe vil gå føre seg over fleire veker, og skulle du vere så uheldig at du ikkje fekk med deg når dette går føre seg, er det ikkje slik at du då ikkje får vaksine. Då tek du kontakt med oss og vi gir deg nye vaksinasjonstider ved neste leveranse slik at du får begge dosene med tre vekers mellomrom. 

Når du bestiller time vil du bli oppsett på to ulike datoar. Dette fordi du må ta vaksinen to gongar. Det må vere omlag tre veker, eller 21 dagar imellom kvar dose.

Kven får vaksine først?

Det er nasjonale styresmakter som avgjer prioriteringa av vaksiner og den kan bli endra.

I starten vil det ikkje vere nok koronavaksiner til alle i dei gruppene som vert tilrådde å ta dei, så den må gis til dei som treng den mest først.

Hald deg oppdatert på prioriteringsrekkefølga til FHI her.

 

Må eg ta vaksinen to gongar?

Ja, det må du.

Når tida er inne, vil du bli oppsett på to ulike datoar. Dette fordi du må ta vaksinen to gongar. Det må vere omlag tre veker, eller 21 dagar imellom kvar dose.

Korleis veit eg at eg får SMS når vaksinen er klar for mi aldersgruppe/risikogruppe?

På noreg.no kan du registrere denne informasjonen om deg sjølv eller sjekke at du er registrert med mobilnummer, og når du blant anna får digital post, er det her tenesta hentar kontaktinformasjonen ifrå. Noreg.no er ein vegvisar for offentlege tenester på nett.

Du må logge inn via IDporten med sikker innlogging for å utføre denne handlinga. Har du ikkje BankID kan du nytte PIN-koder.

Her registrerer du telefonnummer.

Har du mista kodene? Her kan du bestille nye.

Ein kan registrere pårørande sitt mobiltelefonnummer om ein ikkje har sitt eige nummer. Dermed vil ein kunne varsle den det gjeld når ein kan bestille tid for å få vaksinen.

Alle over 80 år blir kontakta på telefon etter kvart som vaksinane kjem. Dette skjer puljevis over fleire veker, avhengig av kor mange vaksinedoser vi får. Vi gjer dette for å sikre at alle som ønskjer det, får høve til å få vaksinen.

Eg gjekk glipp av infomasjonen om bestilling av time for vaksinasjon for mi aldersgruppe. Kva gjer eg?

Vaksinering av ei aldersgruppe/risikogruppe vil gå føre seg over fleire veker, og skulle du vere så uheldig at du ikkje fekk med deg når dette går føre seg, er det ikkje slik at du då ikkje får vaksine. Då tek du kontakt med oss og vi gir deg nye vaksinasjonstider ved neste leveranse slik at du får begge dosene med tre vekers mellomrom. 

Er det å vaksinere seg frivillig?

Vaksinen er eit tilbod til personar over 18 år, og er såleis frivillig.

Kva med dei som har verje eller ikkje har samtykkekompetanse?

Vaksinasjon er helsehjelp (jamfør pasient- og brukerrettighetsloven) og verja har i utgangspunktet inga rolle i spørsmål knytt til helsehjelp.

Hovudregelen er at pasienten sjølv skal samtykke til vaksinasjon. Det er gitt særreglar som er aktuelle for pasientar som av ulike grunnar ikkje sjølv kan samtykke.  

Det er den som er ansvarleg for helsehjelpa, i samråd med kvalifisert helsepersonell, som skal samtykke til vaksine på vegne av den som ikkje er samtykkekompetent. For pasientar som bur heime er dette ofte fastlegen. For bebuarar i institusjon kan det vere sjukeheimslegen eller seksjonsleiar. Dersom det er mogleg skal ein innhente uttale frå næraste pårørande for å eventuelt avklare kva ein trur personen som ikkje kan samtykke ønskjer, men det er ikkje slik at det er næraste pårørande som avgjer dette.

Les om særskilde særreglar her.

Eg har takka nei til vaksine. Kan eg ombestemme meg?

Det er lov å ombestemme seg. Om ein først har takka nei til vaksine, kan ein likevel få den seinare. Då må ein berre vente til neste leveranse.

Kva kostar vaksinen?

Regjeringa har bestemt at det er gratis å ta vaksine.

Eg har vore smitte av covid-19. Treng eg då vaksine?

Det er uvisst i kva grad personar som har gjennomgått covid-19 er immune mot sjukdomen, og kor lenge ein slik beskyttelse varer. Dette vil vere avhengig av blant anna kor sjuk personen var. Utfrå den kunnskapen vi har i dag, tilrår vi også personar som tidlegere har gjennomgått covid-19 å vaksinere seg, så langt dei er i fin form og ikkje har seinverknader av sjukdomen når det er tid for vaksinasjon. Vi tilrår at koronavaksinen gis tidlegast 3-4 veker etter at ein er symptomfri.

Skal barn ta vaksine?

Det er ikkje tilrådd at barn under 18 år skal ta vaksine i første omgang. Dei vaksinekandidatane som har kome lengst, er ikkje testa på barn under 16 år. Det er svært sjeldan at barn blir alvorleg sjuke av koronaviruset. Desse tilrådingane kan bli endra når vi har meir kunnskap om vaksinene.

Kan gravide og dei som ammar ta vaksinen?

Det er til no lite erfaring med vaksinasjon av gravide og dei som ammar. Det er førebels ikkje aktuelt med ei generell tilråding om vaksinering av gravide. Vaksinering av gravide som er i risikogruppe på grunn av annan sjukdom bør verte vurdert individuelt av lege. Om du ammar, og er prioritert for vaksine på grunn av annan sjukdom eller yrkessituasjon, kan du vaksinere deg.

Er vaksinen trygg?

Vaksinen vert grundig testa og godkjent før bruk. Dei aller fleste vaksiner har likevel biverknader. Dei fleste er milde og forbigåande. Ein kan likevel ikkje sikre seg heilt mot sjeldne biverknader som kan kan oppstå når vaksinen tas i bruk i stor skala. Eventuelle biverknader vert nøye fulgt opp av legemiddelstyresmaktene, og i tett samarbeid med andre land.

 

 

 

Kva veit vi om biverknadar?

Vaksinen har nokre biverknadar: Lokale smerter på injeksjonsstaden, feber, frysingar og sjukdomsfølelse kan kome etter 1-2 dagar og vare tilsvarande lenge. Dette er og kjend frå ei rekke andre vaksiner, og er eit teikn på at kroppen sitt «forsvar» reagerer på vaksinen og bygg opp motstandskraft. Paracet gir ofte ei god lindring på desse biverknadane.

Ein svært sjeldan biverknad er allergisk reaksjon kort tid etter injeksjonen. Dette ser vi ved alle typar vaksiner, som ved vanleg influensavaksine. Difor har vi ved all vaksinasjon ein beredskap på vaksinasjonsstaden med kompetent personell og medisin for å handtere desse sjeldne biverknadane. Dette er ei ny vaksine, og difor kjenner vi lite til om den kan ha sjeldne langtidsbiverknader. Det er det berre observasjon over lenger tid som kan avklare. Dette er ein av grunnane til at det berre er vaksne over 18 år som får tilbodet. Heller ikkje gravide får ta denne vaksinen no.

Les meir om overvaking av vaksinasjonsdekning og mistenkte biverknadar her.

Kvar finn eg trygg og sikker informasjon om covid-19 og vaksinasjon?

Trygge norske kjelder om covid-19/koronaviruset finn du på følgjande nettsider.

Fann du ikkje svar på det du leitte etter?

Då kan du finne fleire spørsmål og svar på FHI sine nettsider.

Om du framleis ikkje finn svar, kan du stille spørsmålet ditt til vår spørsmålsteneste korona@heroy.kommune.no.

Les meir om det her.