Vi treng deg!

Har du helsefagleg utdanning/erfaring og kan hjelpe oss?

Har du helsefagleg utdanning og/eller erfaring, men jobbar med anna i dag? Då ønsker vi å høyre frå deg her.

I første omgang er det oversikta vi treng. Derfor ber vi om at du tek kontakt. Skulle vi kome i ein situasjon der vi manglar folk, vil vi ta kontakt med deg.

Visste du at regjeringa lempar på reglar slik at pensjonerte sjukepleiarar og kokkar er blant dei som kan jobbe utan å få pensjonen redusert. Dette kan bli til stor hjelp for Herøy kommune. Les meir om det her.

Vi gjer merksam om at du kan kome til å trenge poilitattest. Denne skal du ikkje skaffe deg før du får tilbod om å jobb. Les meir her.