Barnehagedagen 2020

Markering av barnehagedagen 2020 i Bergslia barnehage. Tema "ulike saman". 
Klikk for stort bilete 

Dagen markerast i år for å synliggjere kva tilhørigheit betyr for kvaliteten i barnehagen. Ein av barnehagens viktigaste oppgåver er å arbeide for at alle barn opplev å ha tilhørigheit og vere inkludert i barnehagefellesskapet. Det skal vere “rom og plass” til alle barn uansett funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn.

Den siste tida har vi i Bergslia hatt fokus på akkurat dette. Alt i frå eg har blå auge og du har brune og til sint/glad, kva vi kjem ifrå, kva vi likar osv. Det er spennande med ulikheiter. Vi er ulike saman. At vi kan vere ulike er viktig og det er ikkje berre idag på barnehagedagen, men kvar dag. Ved henting servera vi idag kaffi og kake/muffins til alle.