Visjon

LITEN BARNEHAGE – STORE MULIGHEITER.  BERGSLIA – PÅ LAG MED BARNA.

Alle vaksne og barn er ein del av eit lag og saman skaper vi  ein fargerik trygg og god  kvardag.  Ein kvardag fylt med leik, aktivitet, læring og gode opplevingar.

 

 

Vårt mål er at barn, foreldre og personale skal oppleve å vere ein del av ein barnehage med høg kvalitet. Foreldre skal møtast med respekt, tillit og openheit gjennom informasjon, dokumentasjon og gjensidig kommunikasjon.

Vi legg vekt på gode dagar med høg trivselsfaktor, der vi er på lag med barna.                                        Barna si utvikling og trivsel er vår viktigaste fokus.

Bergslia er på lag med barna også gjennom å gi dei utfordringar, la dei få utvikle nye ferdigheiter og få føle meistring gjennom leik og aktivitetar med andre barn og vaksne.