Korleis vil du at det skal vere å bu i Herøy som eldre?
Vi vil at Herøy skal vere eit aldersvennleg lokalsamfunn. Det skal vere godt å vere eldre i Herøy, også i framtida.
Men kva bør det bety – heilt konkret? Det ønsker vi å høyre meir om frå deg. Du gir innspel ved å svare på ei spørjeundersøking. Svara vil vi bruke i arbeidet med å lage ein eigen eldreplan.
Ser du på deg sjølv som eldre i dag? Eller er du ein av «morgondagens eldre»? Vi ønsker innspela dine uansett.
Nokre tema i undersøkinga er
- aktivitet og fellesskap
- mat og måltid
- helsehjelp
Slik blir du med i undersøkinga – digitalt eller på papir
Klikk her for å gå inn på spørjeskjemaet.
Vil du heller svare på papir? Kontakt fagkonsulent Camilla Kvalsvik Aksnes på telefon 99 22 99 82 eller e-post camilla.kvalsvik.aksnes@heroy.kommune.no. Ho sørger for at du får skjemaet – og at du får levert.
Vi gjer også undersøkinga kjent for brukarane av heimetenesta.
Fristen for å svare er 11. juni 2023. Grip sjansen til å påverke korleis framtida skal vere her i Herøy!
Bakgrunnen til eldreplanen
Eldreplanen vår skal bygge på den nasjonale reforma «Leve heile livet». Poenget med reforma er
- at eldre skal kunne meistre livet lenger
- at eldre skal vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det
- at pårørande kan bidra utan at dei blir utslitne
- at tilsette får brukt kompetansen sin
Arbeidsgruppa for planen
Eldreplanen blir jobba fram av denne arbeidsgruppa:
- avdelingsleiar for pleie og omsorg
- fagkonsulent i pleie og omsorg
- leiar for eldrerådet
- representant frå eldrerådet
- leiar for råd for menneske med nedsett funksjonsevne
- folkehelsekoordinator
- seksjonsleiar for barn og unge i kulturavdelinga
- dagleg leiar for frivilligsentralen