Spørsmål og svar om situasjonen i Ukraina og mottak av flyktningar

Her finn du spørsmål og svar på situasjonen i Ukraina. Om det er noko du lurer på, men som du ikkje finn svar på, kan du bruke tilbakemeldingsknappen nedst på sida.

Spørsmål og svar om mottak av flyktningar

Korleis ta imot og gi støtte til flyktningane som kjem?

Herøy kommune førebur seg på å ta imot mange flyktningar til kommunen. Alle som kjem står midt i ein krisesituasjon. 

Det kan vere nyttig å vite litt om krisereaksjonar og korleis meistre dei. Både for dei som vil hjelpe og for flyktningane sjølve. 

Psyokososialt kriseteam i Herøy fortel meir om det her.

Korleis snakke med barn om situasjonen i Ukraina?

Det er normalt å kjenne på uro knytt til situasjonen i Ukraina, både for vaksne og barn. Spesielt viktig er det viktig å vere obs på barn og unge som kan ha mange spørsmål og treng nokon å snakke med. 

Utdanningsdirektoratet gir råd om korleis du kan snakke med barn og unge om vanskelege hendingar. Vaksne bør skape eit trygt klima der barn kan stille spørsmål og uttrykke kjensler. Der finn du også lenkjer til gode, sikre kjelder til informasjon tilpassa barn og unge.

Organisasjonen Voksne for Barn (PDF, 2 MB)har laga informasjon til foreldre om korleis snakke med barn, og for skular som får flyktningbarn i klassen.

Har vi fått flyktningar frå Ukraina til Herøy?

Vi tok imot 85 flyktningar i 2022, i tråd med vedtaket i kommunestyret og oppmodinga frå IMDi.

Les meir på IMDi og sjå busetjingstal.

Korleis førebur Herøy kommune seg på å ta imot flyktningar?

Vi førebur oss knytt opp til dei tenestene vi skal yte til dei flyktningane som eventuelt kjem til kommunen vår.

Så som:

  • Norskopplæring for vaksne
  • Barnehageplassar
  • Grunnskuleopplæring
  • Helsetenester
  • Bustadar
Eg har bustad disponibel for flyktningar, kan eg melde frå om dette?

Ja, det set vi pris på. For å førebu oss best mogleg for å ta imot dei som kan kome, ønskjer Herøy kommune å få oversikt over potensielle bustader for flyktningar. Dette er noko vi alltid ser etter, men situasjonen i Ukraina har auka behovet ytterlegare.

Du kan hjelpe oss med å kartlegge bustader som kan passe.

Bustadene vi ønsker oversikt over må oppfylle følgjande krav:

  • Eigen bustad (eigen inngang)
  • Rom godkjend til opphald (brannsikring, rømingsvegar, dagslys m.m.)
  • Kjøkken, opphaldsrom, bad og soverom
  • Internett

Det er føremålstenleg om bustaden ligg slik til at det er mogleg å nytte seg av offentlege transportmiddel.

Det er mykje som framleis er uklart med omsyn til kor mange flyktningar som vil kome og når dei vil kome. Dei som melder inn bustad kan difor dessverre ikkje rekne med respons før vi har ei totaloversikt, både over tilbodet og behovet.

Vi presiserer at kommunen ikkje forpliktar seg til å nytte bustadene som vert meldt inn – og motsett, ei melding til kommunen forpliktar heller ikkje huseigar på nokon måte.

Registrer di interesse via dette skjemaet.

Flyktningar som kjem til Herøy kommune vil bli ein del av introduksjonsprogrammet. Dei vil motta introduksjonsløn og dermed vil leigeforholdet bli mellom utleigar og leigetakar/flyktningen. Kommunen vil i utgangspunktet ha ei formidlingsrolle. 

Kvar finn eg informasjon til asylsøkarar og flyktningar som kjem til Noreg?

Gjeld det helsehjelp?

På helsenorge.no kan du finne informasjon på ulike språk, blant anna ukrainsk, norsk, engelsk og russisk om helsehjelp når ein kjem til Noreg som asylsøkar eller flyktning. 

Helsedirektoratet har også helseinformasjon til asylsøkarar og flyktningar.

Gjeld det beskyttelse, opphald, mottak eller busetjing? 

Politiet har informasjon på ulike språk i samband med situasjonen i Ukraina.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har alltid oppdatert informasjon om beskyttelse og opphald i Noreg for flyktningar fra Ukraina, og informasjon til kommunar og andre samfunnsaktørar om mottak og busetjing av flyktningar.

IMDi sine sider om busetjing av flyktninger frå Ukraina vert oppdatert fortløpande med informasjon til kommunar, privatpersonar og frivillige organisasjonar. Etter kvart kjem det også stadig meir omsett materiale til flyktningar frå Ukraina på eige språk.

Gjeld det D-nummer?

Når du søkjer om beskyttelse får du eit d-nummer når du registrerer deg.
Meir om D-nummer finn du her (UDI).

 

Korleis registrere seg som asylsøkar dersom ein ikkje kjem via Råde?

Det er opna for asylregistrering på andre stadar i Noreg enn Råde. Ønskjer du å registrere deg skal du ringe politiet på 02800 eller på telefon 70118700.

Meir informasjon får du på politiet sine nettsider her.

Kva rettar har ein flyktning som vert busett i kommunen?

Når ein får godkjend asylsøknaden sin og vert busett i ein kommune, følgjer rettar og plikter, så som:

  • barnehageplass
  • grunnskuleopplæring
  • norskopplæring og introduksjonsprogram for vaksne
  • helsehjelp
Eg vil hjelpe. Kven tek eg kontakt med?

Vil du hjelpe med klede og utstyr?

Ta kontakt med Klede til Glede for å høyre kva dei kan ta imot. 

Kontaktperson: 

Ragnhild Danbolt Øygard, diakon for barn og unge i Herøy.

E-post: ragnhild.danbolt.Oygard@heroy-kyrkje.no

Dei har også ei eiga Facebook-gruppe.

Vil du hjelpe med andre praktiske oppgåver?

Frivillige som vil hjelpe ved mottak av flyktningar, kan ta kontakt med kvalifiseringssenteret.

Kontaktperson:

Avdelingsleiar, Lilly Arlen Larsen, tlf. 93 22 11 31.

Andre spørsmål?

Ein kan ta kontakt med servicetorget for generelle spørsmål, tlf. 700 81 300.

Kommunen sin overordna kontaktperson er kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy: tlf. 95 76 41 25.

 

Spørsmål og svar om beredskap

Kvar finn eg tilfluktsrom i Herøy?

I Herøy kommune er der ingen offentlege tilfluktsrom. Dei offentlege tilfluktsroma er merka av i kartet til Sivilforsvaret.

Tilfluktsroma som elles er i Herøy kommune er private. Dei private tilfluktsroma er bygd for dei som normalt oppheld seg i bygget eller på eigedomen. Eksempel på bygg kan vere skular, kontorbygg, butikkar, o.l.

Du finn omtale av tilfluktsrom på Sivilforsvaret sine nettsider.

Korleis fungerer atomberedskapen?

Noreg har bilaterale varslingsavtalar med Ukraina og alle våre naboland, og er tilknytt dei internasjonale konvensjonane om tidleg varsling og assistanse ved atomhendingar. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er nasjonalt og internasjonalt varslingspunkt med stående beredskap 24/7 og dei følgjer fortløpende situasjonen i Ukraina. 

Lurer du på noko om Noreg sin atomberedskap finn du gode svar her.

Om det skulle skje ei atomhending som påverkar oss i Herøy, vil kommunen varsle innbyggjarane sine via SMS, på nettsida og i andre kanalar som sosiale medium og via media.

Det vil då gå ut særskild informasjon til publikum om kven som er tilrådd å ta jodtablettar, kva type, kva dose og kvar og når ein kan hente tablettane.

Kva bør eg ha heime om det oppstår ein krisesituasjon?

På sikker kvardag finn du informasjon om kva nasjonale styremakter meiner du bør ha heime for å klare deg sjølv i minst tre døgn. Eigenberedskap gjeld uavhengig av situasjonen i Ukraina.

Kva skal eg som innbyggjar vere merksam på?

Nasjonale styresmakter oppmodar folk, organisasjonar og verksemder om å vere årvakne og varsle dersom ein opplev avvik frå normalen. Dette gjeld uavhengig av situasjonen i Ukraina. Les meir på sidene til Politiet/PST og Nasjonal tryggingsmynde (NSM).

Hos PST og NSM finn de opne trugsel- og risikovurderingar som kan lesast av alle. Alle organisasjonar og verksemder bør kjenne til desse vurderingane for å jobbe førebyggande med samfunnstryggleik.

Les meir her:

Kvar kan eg få meir informasjon om nasjonale og internasjonale spørsmål?

Regjeringa.no har oppdatert informasjon og spørsmål og svar knytt til angrepet på Ukraina og handteringa i Noreg.

Får vi jodtablettar med kommunen?

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) minner om at på grunn av den store geografiske avstanden til Ukraina er det svært lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg, om det skulle skje eit radioaktivt utslepp der.

Herøy kommune har ansvar for å tilby jodtablettar til innbyggjarar i desse gruppene:

  • barn og unge frå 0-18 år
  • gravide
  • ammande 

Personar mellom 18 og 40 år som ikkje er gravide og ammande må sjølve kjøpe tablettar på apotek. Personar over 40 år har svært liten risiko for å utvikle kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje om å ta jodtabletter.

Beredskapslageret til Herøy kommune inneheld 2000 jodtablettar som skal delast ut til disse gruppene når eit eventuelt behov oppstår.

Det vert to utdelingsstadar; Herøy helsesenter og Stokksund skule.

Vi gjer merksam på at jodtablettane som kommunen har i sitt beredskapslager er på 65 mg, medan dei som ein får kjøpt på apoteket er på 130 mg.

Visste du at?

  • Uavhengig av situasjonen i Ukraina tilrår DSA alle under 40 år å ha jodtablettar lagra i heimen. Hovudgrunnen er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten.
  • Du skal aldri ta jodtablettar før nasjonale styresmakter via kriseutvalet for atomberedskap går ut med direkte informasjon om dette.
  • Jodtabletter ved atomulykker (Jodix) må ikkje forvekslast med kosttilskudd med jod. 

Behov for informasjon på andre språk // Information in other languages?

Er det nokon som ikkje skal ta jodtablettar ved ei atomhending?

Dersom du er over 40 år.

Dersom du har operert vekk skjoldbruskkjertelen treng du ikkje om å ta jod.

Dersom du er allergisk overfor kaliumjodid eller nokre av dei andre innhaldsstoffa i legemiddelet (lista opp i pakningsvedlegget).

Jod-tablettar skal berre takast etter råd frå styresmaktene.

Eg har stoffskiftesjukdom, skal eg ta jod-tablettar ved ei atomhending?

Personar med stoffskiftesjukdom kan ta jodtablett dersom Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) gir råd om jodtablettar til befolkninga ved ei atomhending.

For dei aller fleste vil det ikkje medføre særskilde endringer i stoffskiftet, men nokre få vil i ein periode få anten for lågt eller for høgt stoffskifte.

For å fange opp dette, bør dei som har slik stoffskiftesjukdom ta ei blodprøve og måle TSH og fritt T4 hos legen som behandlar (fastlege eller sjukehuspoliklinikk som følgjer opp stoffskiftesjukdomen) 6–12 veker etter inntaket.  

Personar med stoffskiftesjukdomar kan ta fleire dosar jod dersom dette blir tilrådd til befolkinga etter ei atomhending.  

For gravide kvinner med stoffskiftesjukdom, tilrår styresmaktene jodtablettar ved atomhendingar, men stoffskiftet må deretter følgast i svangerskapet, første gong etter 2 veker.

I dette skrivet (mars 2022) frå Helsedirektoratet kan du lese meir om dette temaet.

Kva tiltak vert gjort for næringsmiddel?

Mattilsynet har saman med DSA og Kriseutvalet gått gjennom tiltak som kan vere aktuelle i Noreg ved utslepp. Her finn de aktuelle tiltak for næringsmidlar: https://www.mattilsynet.no/mat/radioaktivitet