Treng du barnehage eller SFO? Informasjon om hovudopptak

Klikk for stort bilete No kan de søkje på hovudopptaket for barnehageplass for barnehageåret 2019/2020. Søknadsfristen er 1. mars. Treng du plass i SFO må du søkje innan 15. april.

 

Om hovudopptak barnehage:

Born som er fødd innan 30.11.2018 og som er busett i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptak. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak mm.

Born som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august.

Kven kan søkje:

  • Nye søkjarar
  • Alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage

Du søkjer om plass elektronisk i ID-porten.Det er alltid er fordel at du nytter ID-porten. Då vert det mindre å fylle ut. Får du ikkje logge inn kan du nytte denne lenka

Søknadsfrist er 01.03.2019


Om hovudopptak SFO

No kan de søkje om plass i SFO for skuleåret 2019/2020.

Kven kan søkje:

  • Nye søkjarar frå 1. - 4. klasse
  • Alle som ynskjer endring av plass frå 01.08.2019

Du søkjer om plass elektronisk i ID-porten. Det er alltid er fordel at du nytter ID-porten. Då vert det mindre å fylle ut. Får du ikkje logge inn kan du nytte denne lenka

Søknadsfrist er 15.04.2019