Årets kommunikatør 2019

Klikk for stort bileteHerøy produksjon vart kåra til årets kommunikatør 2019 under medarbeiderfesten til Herøy kommune førre fredag.

I grunngjevinga heiter det:

"Prismottakaren for 2019 skapar stort engasjement i sosiale medium, og er flinke til å marknadsføre seg. Dei har klart å få i underkant av 2200 følgjarar på Facebook, og er hyppige på oppdateringane.

Vinnaren klarer på ein god måte å balansere nyhende frå ein vanleg arbeidskvardag til å vise fram dei unike, flotte produkta dei lagar.

Dei er uredde og tek ofte kontakt for å oppfordre til deling på Herøy kommune si hovudfacebook-side dersom dei har innlegg dei vil skape blest om.

Mottakaren tek også eigarskap i innhaldet på nettsidene på ein god måte. Det har resultert i ein eigen underportal under Herøy kommune."

Vi gratulerer dei så mykje! Her får du grunngjevinga som vart vist på film under medarbeidarfesten: