Dugnad som varmar hjartet

Klikk for stort bileteNo kan du vere med på ein dugnad som ikkje berre varmar i vedomnen, men også i hjartet. Ten pengar på sal av miljøvenlege og handlaga tennbrikkar. Halvparten går til Herøy produksjon. Halvparten til deg/dykk som seljar.

Ved å selje tennbrikkar frå Herøy Produksjon, kan du tene pengar til å finansiere klasseturar og liknande støttearbeid. I tillegg er du med på å sikre arbeid til menneske med behov for tilrettelagt arbeid.

Hjartevarme-tennbrikkar er:

  • miljøvenlege
  • laga av avis og stearin
  • brenn i heile tolv minutt
  • luktfri

Meir om innhald

Ei pappkasse inneheld ca 120 stykk tennbrikkar. Dei handlaga og miljøvenlege tennbrikkane brenn i tolv minutt. Desse er laga av våre dyktige medarbeidarar hos Herøy Produksjon.

Pris

Du betalar berre 50 kroner inkludert moms for ei pappkasse med om lag 120 stykk tennbrikkar. Du kan selje tennbrikkane vidare for 100 kroner per pappkasse. Ved bestilling via post kjem frakt i tillegg.

Bestilling

Ta kontakt med oss for bestilling av tennbrikkar.

Adresse: Herøy Produksjon, Kvithaugsmyra 2 , 6092 Fosnavåg.

Ring oss på 70 08 46 65 eller send ein e-post til heroy.produksjon@heroy.kommune.no