Sommarles

 Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar! 

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse, og du som skal begynne i 1. klasse til hausten, delta på Sommarles.no Sommarles gjer lesing endå gøyare!

Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket! Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.