Med biblioteket sin webapp kan du søke i biblioteket sin katalog, og på Meg & Mitt kan du logge deg inn og administrere låna dine (fornye, reservere etc.). Her kan du også sjekke nyheitslistene og kontakte oss. For innlogging til Meg & Mitt må du vere registrert som lånar med e-postadresse.
Vær merksam på at du finn meir informasjon om biblioteket sine tenester (kva som skjer, bok- og filmtips etc) på nettstaden.
Kan dette vere noko for deg?
FÅ LÅNEKORTET PÅ MOBILEN (brukarrettleiing)
- Gå inn på biblioteket sin webapp.
- Legg nettsida du kjem til på startskjermen.
- Gå på «Meg & Mitt» og logg inn med brukarnamn (lånenummer eller registrert e-postadresse) og 4-sifra pinkode (trykk «Gløymt pinkode» eller kontakt biblioteket).
- No har du logga deg inn.
- Når du trykker på «Lånekort», får du opp lånekortnr. og strekkode som kan erstatte fysisk lånekort. Dette kan du også legge til på startskjermen på telefonen.
- No kan du søke i bibliotekbasen, reservere, fornye, sende melding til biblioteket med m.m.
Får du problem, ta kontakt med oss på biblioteket!
Publisert av Wenche Moltu
Sist endra 15.06.2021 13:58