Kommunal bustad

Ørsta kommune har både bustadar og leilegheiter til utleige.

Dei fleste ligg i nærområdet rundt Ørsta sentrum i tillegg fire på Vartdal og seks på Sæbø.
Bustadane er bygde i ulike tidsepoker, storleik og leigevilkår er av den grunn noko ulike.

Husleiga ligg frå kroner 3400–10 000 alt etter storleiken og tilstanden til den kommunale bustaden. Du kan søkje om bustønad når du bur i dei kommunale bustadane.

Tenesta skal vere eit tilbod om tilrettelagt bustad for eldre, funksjonshemma og vanskelegstilte på boligmarknaden, der bustaden vil vere til hjelp for at brukaren skal klare seg best mogleg sjølv, føle seg trygg og at offentleg teneste skal vere lett tilgjengeleg.

Bustad vert tildelt etter individuell vurdering med utgangspunkt i søkjaren si funksjonshemming, sjukdom og /eller alder  
 

Søk omsorgsbustad

Oppseiing kommunal bustad

 

Søkjar vert prioritert utifrå at:

  • eigen bustad er ueigna, og at det er vanskeleg med tilrettelegging
  • brukar kan oppretthalde/betre sine funksjonar og sjølvstende ved å flytte til trygdebustaden
  • funksjonsnivå og livskvalitet kan bli betre ved auka tryggleik og nærleik til tenester
  • det sosiale nettverket er lite og fører til isolasjon 

Den som bur i kommunal bustad kan søke om Bustønad gjennom Husbanken

Kontakt

Wenche Flo tenesteleiar
95712120
@ Wenche Flo
Vidar Fosse bustadkoordinator
41487344
@ Vidar Fosse