Vi søkjer prosjektleiar for bygg

Er du vår neste prosjektleiar? ILLUSTRASJONSFOTO: Pixabay - Klikk for stort bileteEr du vår neste prosjektleiar? ILLUSTRASJONSFOTO: Pixabay

Har du erfaring frå planlegging og gjennomføring av byggeprosjekt og formell utdanning som byggingeniør eller tilsvarande? Då er kanskje du den rette personen til stillinga som prosjektleiar bygg i 100 % fast stilling i Eigedomsavdelinga.

Eigedomsavdelinga er eigedomsforvaltar for Herøy kommune og ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og vidare utvikling av omlag 54 000 m2 BTA bygningsmasse, fordelt på omlag 44 000 m2 formålsbygg og 10 000 m2 utleigebustadar.

Prosjektgruppa består av 3 prosjektleiarar, som er ansvarlege for planlegging og gjennomføring av investeringstiltak i kommunale bygg. Dette omfattar nybygg, tilbygg og totalrehabilitering samt mindre investeringstiltak.

Du vil vere med frå eit prosjekt vert planlagt og prosjektert til det er gjennomført og evaluert. Du vil arbeide tett saman med brukarane, ansvarleg prosjekterande og ansvarleg utførande og har hovudansvaret for at prosjektet vert gjennomført i samsvar med dei mål og krav som gjeld for prosjektet.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Uarbeiding av byggeprogram, konkurransegrunnlag og kravspesifikasjon.
  • Tilstandsvurdering og kostnadsberekning av ulike utbyggingsalternativ.
  • Anbodsinnhenting og kontrahering av ansvarleg prosjekterande og utførande.
  • Oppfølging av ansvarleg prosjekterande og utførande gjennom heile byggefasen.
  • Sakshandsaming i samband med politisk handsaming.

Prosjektgruppa er underlagt eigedomsleiar og rapporterer direkte til denne.

KVALIFIKASJONAR:

Vi leitar etter ein person som har erfaring frå prosjektarbeid innanfor byggebransjen,og formell utdanning som byggingeniør. Anna formell utdanning og erfaring innanfor fagområdet kan vere relevant.

Du har god innsikt i og forståing for dei krav og prosessar eit prosjekt utløyser og har evne til å sameine ulike behov i eitt felles prosjekt.

Du har godt humør og stå på-vilje, er engasjert og kan jobbe både sjølvstendig og i team.

Du har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Du har førerkort klasse B. Det er naudsynt å nytte privat bil i tenesta.

 Vi nyttar FamacWeb som styringsverktøy og du må vere trygg i bruken av data i det daglege arbeid.

VI TILBYR:

Vi kan tilby utfordrande arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstendig arbeid i eit ungt og triveleg arbeidsmiljø.

Gjennom jobben får du moglegheit til både fagleg og personleg vidareutvikling.

Løn etter avtale, lov og reglement. Pensjonsordning og frivillig fritidsforsikring. Godtgjersle for bruk av eigen bil i tenesta i tillegg til kilometergodtgjersle etter statlege satsar.

Herøy kommune er IA-bedrift.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Søknaden skal leverast elektronisk. Om du treng hjelp, ta kontakt med Servicetorget på tlf.: 70 08 13 11.

Attestar og vitnemål skal levarast på førespurnad. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

Søkarlista kan verte offentleggjort. Dersom søkjar vil unnlate seg offentlegjering av sin søknad må ein opplyse om det i søknadsskjemaet.

STILLINGSTYPE: Fast

STILLINGSSTORLEIK: 100 %

ARBEIDSSTAD: Eigedomsavdelinga

STILLINGSID: 739

UTVIDA SØKNADSFRIST: 15.09.17

Publisert av Eli Gunn Hartvigsen Botn. Sist endra 24.08.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Robert MyklebustRobert Myklebust Eigedomsleiar
70 08 13 47
990 95 251
@ Robert Myklebust
Rolf- Henning Skrede HideRolf- Henning Skrede Hide Prosjektleiar
901 11 650
@ Rolf- Henning Skrede Hide
Skjema (1)
Login for redigering