Barnehagen vår. Vi gler oss til dagane igjen vert fylde av glade born, leik, latter og læring.

Klikk for stort bilete To små vener, som oppdagar nye ting. "Vere saman" og alt det står for betyr så mykje, for både liten og stor. Og i desse dagane vi er i no har det nok ei enda større betydning.

Det er ei spesiell og litt rar tid vi er i no for både born og vaksne. Alle dei faste rutinene med å kome i barnehagen medan mamma og pappa er på arbeid, leike med vennane sine, fylle dagana med førskule, gruppeaktivitetar, turar i nærområdet, leik og latter ute og inne, har plutselig stoppa opp. Då er det godt at de har gode trygge vaksne heime som kan svare på alle spørsmål som kjem og som nok treng eit svar. Og kanskje klarer ein ikkje svare på alt heller. I slike dagar kan det vere kjekt å kunne sjå på bilete frå fine dagar vi har hatt i barnehagen, fortelje heime om det du husker, og vite at dette skal vi vere saman om igjen. Vi har så mykje å sjå fram til og glede oss over alle sammen.