Ein liten overraskelse til borna i barnehagen vår.

Klikk for stort bilete Idag har vi laga til ein kjekk overraskelse til alle borna våre. 

Det er så mange flinke barnehagefolk som finn på mykje kjekke ting ein kan glede borna som er heime med i desse dagar, så no fann vi i Leikanger barnehage ut at dette måtte også vi gjere. Derfor laga vi til kvar sin pose til borna, men noko som kan aktivisere dei litt. Det er relatert til påske og forming, og så er det ein liten smakebit av noko godt ned i og. Heimane har fått mail om dette, og bilete til inspirasjon. No håper vi dette vert ei kjekk stund heime saman med familie :)