Markering av barnehagedagen 2020 i Leikanger barnehage

Klikk for stort bilete "Ulike saman", men vi forstår kvarandre likevel.

Barnehagedagen 10 mars 2020, vart markert i barnehagen vår med mykje kjekke aktivitetar, gode og undrande samtaler og refleksjonar. 

Vi har markert barnehagedagen med å lage ulike utrykk ilag. Dette for å vise mangfaldet i barnehagen vår. Det skal vere plass til alle, uansett kven du er og kva bakgrunn du har. Alle har rett til å verte vist respekt, rausheit, verte inkluderte og sett. Vi ville og vise at om ein snakkar eit anna språk, så er det mogelig å forstå kvarandre. Vi treng berre litt meir hjelp og støtte.