Solfest

Klikk for stort bilete Vi feira at sola er tilbake i barnehagen!

I slutten av februar kjem sola tilbake i barnehagen. Og det må feirast, dette er en tradisjon barnehagen har hatt i mange år.  

Solfesten starta med at små og store dramatiserte eventyret «vinden og sola». Dette var svært gøy å få prøve .

Vi fekk et brev frå soltrollet, som hadde vert på besøk i barnehagen i natt. Det hadde vært så uheldig å miste 99 småsoler rundt omkring på uteområdet i barnehagen. Desse småsolane ville soltrollet gjerne finne igjen. Soltrollet spurte oss om hjelp til å leite, og vi skulle få ein liten solskatt som takk for hjelpa om vi fant igjen alle småsolane.

Sola var så glad for at vi feira at ho har kome tilbake, at ho tok turen innom å strålte over uteområdet vårt.

Feiringa ble avslutta med at vi fekk «solbollar» til lunsj og gul gele til dessert!