Brannvernopplæring I Myrsnipa barnehage

Klikk for stort bilete 

 

I dag fekk Myrsnipa barnehage besøk av brannbilen

Myrsnipa barnehage deltek på den landsomfattande Brannvernveka. Brannbamsen Bjørnis er sentral i opplæringsmaterialet. Bjørnis jobbar for å vekke barn si interesse for brannsikkerheit, og lærer borna om å førebygge brann. Der er fleire kjekke bøker som vi studerer og les, og borna syns dette er spennande.

I barnehagen lærer vi også om rømingsvegar, og kva vi skal gjere når brannalarmen går. Brannøvinga i går gjekk heilt flott. Både vaksne og born veit kva dei skal gjere.