Kunstutstilling i Myrsnipa

Utstilling av eventyret om Gullhår, i Myrsnipa barnehage.

Kvitveis har hatt eventyret om Gullhår og dei 3 bjørnane som tema sidan nyttår. Dei har lest eventyret mange gongar, dramatisert og laga alle dei ulike figurane i eventyret. I dag kom foreldra innom for å sjå.

Klikk for stort bilete 

Personalet er med i prosjektet «Språkløyper», og det har inspirert dei til nye innfallsvinklar når dei les og fortel.

Å bruke t.d. konkretar og lesestopp når vi les, er med å auke språkforståinga og innhaldet på ein endå betre måte. Samtidig har dei fokusert på å lære kva orda som kjem fram i eventyret betyr; liten – større – størst, liten – mellomstor – stor, øydelagt. Dei har fått kjent/følt på «varm-kald», «redd-overraska», « mjuk-hard».
Borna har fått mange erfaringar rundt Fagområdet «mengd, rom og form».

Onsdag skulle alle foreldra få kome innom for å sjå alt om Gullhår. Det vart ei flott kunstutstilling! Borna fekk fortelje kva dei hadde laga, og vi høyrde gjenfortellinga av eventyret mange gongar.

Torsdag hadde alle borna med seg bamsen sin til Bamsefest i barnehagen. Avdelinga var møblert som i eventyret – så her blir det meir forteljing og dramatisering!