Visjon

Myrsnipa barnehage sin visjon er: "Alle skal glede seg til å kome til Myrsnipa barnehage".

Vi har eit inkluderande og trygt barnehagemiljø for både små og store, der fokus på sosial kompetanse står sentralt. Myrsnipa barnehage er blitt ein Løvebarnehage, og Regnbogeløva er sentral i arbeidet vårt med borna. Det same er Løvelova!

Løvelova:

Kan du løvelova?                          Ser du ein blir plaga?
Eg skal vere meg,                           Det er ikkje bra!
men gje plass til andre,                   Alle må stå saman
slik at dei blir seg,                           om å sei i fra!
bry meg om ein annan,                   Alle barn på jorda
hjelpe når eg kan.                           Har den same rett
Slik blir livet betre                            til å vere trygge
for barn i alle land                           og til å vere sett.

 

Vi vektlegg god omsorg, leik, læring og danning. Vi arbeidar også med å byggje gode relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne. Vi vil at alle skal ha ein å leike med, så vi er tett på der det er behov. Ingen skal føle seg utestengt frå leik over tid, og dette samarbeider vi tett med heimen om.